søndag 19. august 2012

Får skynda meg å skriva eit nytt innlegg...

.... så ikkje lenger min smekre bakende er det fyrste som dukkar opp hvis ein klikkar seg inn på bobla ;-)

Tenkte eg skulle koma med eit presangtips. Å kjøpa presang til nokon som er under 10 år og ikkje leikar med barbie, perler, bilar eller lego er jo frykteleg vanskeleg. Eg tråla den eine butikken etter den andre for å finna ein fin presang til gårsdagens brudepar, men eg fann liksom ingenting som skreik ut "kjøp meg, kjøp meg!" Så tenkte eg at eit gavekort er jo like så kjekt å få, men så kom eg på ein presang eg hadde sett på eit anna bryllaupsgavebord: Pengetre! Eller pengeoppsatts/blom er kanskje ein rettare beskrivelse - masse eføyblad putta inn i ein oasis og så var det pynta så fint med sammenrulla og bretta pengesedlar og tiarar og tjuekroningar m/gulltråd. Kanskje eg kunne finna på noko slikt? Som tenkt, så gjort. No skal det seiast at den som hadde laga pengeblomen eg fekk ideèn ifrå nok har atskilleg meir grøne fingrar enn eg har for den såg litt meir "proff" ut enn mitt pengetre blei sjåande ut...

Men, eg kjøpte ei plante og så var det berre til å bruka fantasien:

Sommarfuglane hadde i utgangspunktet ein lang metalltråd slik at ein kunne stikka dei ned i blomepotta som pynt. Det hadde eg i grunnen tenkt å bruka dei til, men eg enda opp med å fjerna metalltråden og lima sjølve sommarfuglen på to sedlar som var bretta som vifter slik at han fekk litt større vinger :-)

Til å byrja med laga eg nokre pengelenker ved å tre femmarar og kronestykke inn på ein sølvtråd til å henga på pengetreet, men så likte eg ikkje heilt det, så då blei det til at eg limte pengestykker rett på blada i stadenfor - og så pynta eg dei med litt blomar og metallsommerfuglar.


Eg gløymte å ta bilete før eg pakka pengetreet inn i celofan..

Og innpakka i celofan og pynta med knallgrønt band blei pengetreet tilslutt sjåande slik ut:

Kven har sagt at pengar ikkje veks på tre?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)