lørdag 18. august 2012

Hjelp - eg har blitt slukt av eit...

....MONSTER!!!

No skal eg pynta meg for å gå i bryllaup igjen. I mitt lille hode skal eg då berre svipp - svupp åla meg inn i ein snedden liten kjole og så er eg klar. Men, dei siste åra har det ikkje vore så enkelt - det krev mykje meir arbeid! Og eg finn inga anna orsak til dette enn at eg, utan at eg har merka nokon ting, må ha blitt slukt av eit gigantisk monster!

For korleis ellers kan det ha seg at truseskuffeinnhaldet mitt dei siste åra har endra seg frå dette:

Til dette?????:


Som dåke ser så er det ikkje noko lite monster eg er blitt slukt av, likevel virkar det som om det stadig er i vekst...

KORTID SKJEDDE EIGENTLEG DETTE???? OG KORLEIS KUNNE DET SKJE UTAN AT EG HAR MERKA NOKON TING????

Men, det er i allefall ein ting eg og monsteret  har til felles:

Samme skostørrelse....

Eg trur eg tar meg ein sykkeltur.....



2 kommentarer:

  1. Herrgud Anita så knallbra :) det er berre du som kan finna på noko sånt, men eg trur det er mange som kjenner seg igjen :) :)

    SvarSlett
  2. Herrgud Anita så knallbra :) det er berre du som kan finna på noko sånt, men eg trur det er mange som kjenner seg igjen :) :)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)