torsdag 28. mars 2013

For ein fantastisk flott...

...Skjærtorsdag vi har hatt!

Vakna tidleg i dag, noko som er heilt unormalt på ein fridag, og klarte så vidt å halda meg i køya til klokka hadde passert 0900 før eg berre måtte hoppa utav senga. Eg såg jo at det kom til å bli ein strålande dag og eg kunne nesten ikkje venta med å komma meg ut på tur i frisk luft. Eg var klar for alt - ja, bortsett frå tur til Låganåso då....

Og den som måtte vera med meg på tur i dag...

...var kusine Marita. Nokon må jo ta ansvar for å lufta desse byfolka som kjem heim til Påske :-) Her er vi komen eit stykke på veg opp Ståle sin veg på tur mot Storhaug...
 
...men det såg no nesten ut som om vi var på tur i Alpene i dag :-)
 
Toppen er meir eller mindre nådd og då er det lov og ta ein pust i bakken.
 
Ååå så fint det var å nå toppen! Sola skein frå blå himmel og dette er vel det som verkeleg kallast Påskestemning.

Så istaden for å gå på Storhaug bestemte vi oss for å traska over vidda mot Mannsvatn.

Har dåke sett så flott??
 

 
Det er lov og ta ein aldri så liten soldans på ein dag som i dag...
 
...og bli hoppane glad :-)
 
Det glitra i snøen som om den gøymte på tusenvis av diamantar i dag.

Omsider var vi over vidda og fortsatte turen langs eit islagt Mannsvatn.

No gutar er det vel på tide og ta turen og skufla vekk litt snø??

Marita koste seg på tur i det flotte Påskeveret i dag :-)
 
Vakkert langs Mannsvatn.

Ser ein godt etter så får ein auga på nokre skigåarar på isen.

Har dåke sett på maken?? Det kan ikkje bli flottare enn dette :-)
 
Vi skar opp i frå Mannsvatn og satte kursen over fjellet mot Pålavegen. Tenkte vi skulle kosa oss med nista når vi var komen over på andre sida. Her kom det derimot ein litt kald vind oppetter lia, så det blei med ei lita rast før vi tok fatt på nedturen.

Utsikt mot Fjellandsbø på veg ned i frå fjellet.
 
Ja, dette var indeed ein fantastisk flott tur som kan anbefalast på det sterkaste. Dåke har framleis tid - dei melder fortsatt flott Påskever frametter :-) Her i gården har vi ikkje planlagt morgondagen enda, men satsar på at det blir nok ein dag ute i det fri :-)
 
 
 
 
 
 
 
 

1 kommentar:

  1. Knallfine bilder! :) God påsk frå Randi :)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)