mandag 15. juli 2013

Tradisjonar er viktige å halda på...

... til jul og påske, men ellers i året og.

Nokon har kanskje faste ferietradisjonar - då skal dei på hytta, i båten eller til Syden. Og ikkje berre har ein tradisjonar på kor ein skal feriera, men og kva aktivitetar ein foretar seg. Ingen ferie utan eit slag Yatzy, bading i bekken, bestemors mjelkekaker eller eit besøk i Dyreparken.

Og så er det nokon av oss som har valgt litt meir utradisjonelle ferieaktivitettradisjonar - tannverk f.eks. Eg synes ikkje det blir skikkeleg ferie utan å oppleva ein skikkeleg god tannverk! Og den bør sjølvsagt koma når din faste tannlege er på ferie. I fjor f.eks hadde eg nokre "gode" dagar med tannverk før eg måtte krypa til korset og be tannlegane på Husnes Tannlegesenter forbarma seg over meg - det var då fire dagar til eg skulle reisa på ferie til Barcelona og eg innsåg at dette måtte berre fiksast i ein fei, ellers så blei det ikkje noko tur. Og time fekk eg - og ei rotfylling! Glad og nøgd kunne er reisa på tur :-) Her kan du lesa om det tannlegebesøket: Men i svarte fa..då...

Før helga byrja det å murra oppover kjeven igjen. "Hmmm...., kva er dette for nok?" tenkte eg og prøvde, som vanleg, i det lengste å ignorera det. Det går faktisk an nokre gonger, men slett ikkje denne gongen. Murringa fortsatte og eg måtte fram med Pinex'ane. Det dempa jo litt på murringa, men den har jo ein lei tendens til å dukka opp igjen - og i dette tilfeller byrja det gå over til skikkeleg verk i kjeven - ja, heile venstre side av andletet faktisk.

I fjor var eg ikkje i tvil om at det var tannverk eg hadde då smerten var forbeholdt tanna det gjaldt. No var eg meir i tvil då eg ikkje kunne kobla smerten til ei spesiel tann - det kjentes ut som om alle tennene trua med å falla ut... Dog hadde eg mistanke om at hvis det var tannverk (eg har trudd det før og, men etter å ha tatt runden til doktor, tannlege og øyenlege enda eg til slutt opp hos fysioterapaut som sat nokre nåler i henden på meg og knadde meg så hardt rundt øyrene at eg trudde augo skulle spretta ut. Problem solved - kjent aldri noko meir), så måtte det sitja i ei av to tenner i øverste etasje. Ei halv visdomstann med eit stort hol, som eg etter fleire års mas har lova tannlegen min at han skal få trekja ut i september, og ein jeksel litt lenger framme.

Det gjekk med nokre pinex'ar i helga, men det gjekk greit. Og sjølv om eg faktisk ikkje kjente så mykje til verken i dag så tok eg ikkje sjansen på å ikkje ringja til tannlegen. Det er jo berre to veker til eg skal reisa på ferie igjen, så dette må jo fiksas før den tid og eg tenkte eg fekk starta hos tannlegen. Og dei var, som sist, ikkje vanskelege å be. Kl. 13.30 dukka eg opp med min "kanskje tannverk".

Eg visste jo kva som kom til å koma fyrst: "Den tanna må ut!" Sa tannlegedamo, og sikta sjølvsagt til den halve visdomstanna mi med eit digert hol i. "Jammen, er du sikker på at det er den som lagar verken?" Prøvde eg meg med. Eg tykte jo litt synd i min faste tannlege som eg endeleg etter mange besøk hadde lova at skulle få dra ut denne til høsten - skulle eg no la han gå glipp at det? Var det ikkje nok at han gjekk glipp av rotfyllinga i fjor? Skal eg verkeleg degradera han til kun ein tannpussar medan tannlegane på Husnes skal få all moroa? " Det veit eg ikkje, men den tanna må ut! Du kan uansett ikkje reisa på ferie med den!" Ho var ganskje bestemt den tannlegedamo, så eg følte ikkje at eg hadde noko anna val enn å la ho få dra ut tanna. Eg har jo høyrt så mange skrekkeksempel om visdomstenner som skal trekkast at eg har grua meg litt til dette. Eg bad om å bli bedøva herifrå til månen og blei bedøva - herifrå til månen.... Eg trur tanna var ute på mindre enn to minutt og eg kjente ikkje ein dritt! Så fekk eg kjeften full av bomull og beskjed om å ikkje eta på to timar.

Men no tenkjer du kanskje at dette ikkje tel som ein ferietradisjon - all den tid eg ikkje har ferie enda? Nja, sei ikkje det. Eg har trekt ei visdomstann, men tannlegen kunne jo ikkje seia at det var den som var orsaken til verken...Det var jo den andre tanna då.... den jekselen... Den såg jo ikkje heilt bra ut den heller i følge tannlegedamo. Faktisk så er den rotfylt for leeeeeeeeenge sidan, men på biletet viste ho meg at den eine fyllinga var altfor kort og at det kunne sjå ut som om det er ein liten betennelse i enden der...

Så der stod eg, bedøva herifrå til månen med ei visdomstann mindre, kjeften full av bomull og kikka på eit bilete av tanna som kanskje er rota til alt vondt - og den har ikkje tannlegen rørt enda eingong!

Så beskjeden før eg forlot tannlegekontoret i dag var å venta nokre dagar og hvis verken ikkje har gitt seg ta kontakt igjen. Då må eg inn igjen for anten å 1) Trekka tanna 2) "Opna" den gamle rotfyllinga og prøva å gjera om på den 3) Operera det på ein eller anna vis (her fylgde eg ikkje heilt med for eg utelukka dette alternativet allereie ved order operasjon). Og i så tilfelle må det vel gjerast neste veke før eg reiser på tur - og då har eg jo ferie :-)

Eg hadde som vanleg ikkje med meg kamera inn til tannlegen, men etter å ha fortalt og skissert hendinga nøye til han far, har han, som vanleg, klart å koma fram med denne ganskje så treffande illustrasjonen på korleis det heile såg ut:

Akkurat slik var det :-)

PS! No har bedøvinga gitt seg og eg sit her og lurar på om eg ikkje kjenner ei lita murring....



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)