søndag 21. juli 2013

Eg har halde hovudet kaldt lenge...

....og på fredag kikka sola endeleg fram og då var det på tide for A. Enæs å ta fatt på SOMMARFERIEN :-) :-).

Sjeldan har eg lengta meir etter ferie enn i år, men må vedgå at med det sommarveret vi har hatt hittil så har det vore heilt ok å gå på jobb - vel vitande om at ferien ligg foran og ikkje bak meg :-)

Og for ein superduper start eg har fått på denne ferien. Fredag var det berre til å koma seg heim, få på sommarkleda, setja seg ut i sola og la feriefølelsen synka inn.

Laurdag, strålande dag - opp og hopp! Starta med å ta sjøvegen til Rosendal for litt shopping:

Nydeleg på fjorden!
 
Dagens kaptein. Litt glad i fart og kosar seg når mor sit og hoppar på sete og må halda seg fast for ikkje å havna overbord...
 
 
Rosendal på sitt finaste. Vi var ikkje dei einaste i båt som kosa seg her denne dagen - mykje båt både i båthavna og ellers.
 
Vi vart eigentleg ganskje raskt ferdig meg ærendet vårt, men måtte jo ta ein ein tur opp i gata og. Då var det ikkje lenge før vi hadde fått fylt litt meir oppi posen vår enn vi hadde tenkt. Vil anbefala dåke å stikka innom butikken Fristelser - der finn du nettopp mange - fristelser :-)
 
Dagens "fangst": Sjokoladekjeks, tyrkisk eplete og litt sjokolade med "red pepper" -mmmmm til alle deler :-)
 
Så var det heim å slappa av i sola før vi inntok eit betre grillmåltid utpå kvelden. Ein liten tur på Systrene Nilsen om kvelden, men der var det ikkje noko særleg med folk. Vi kom difor på den glimrande ideen om å ta kvelden og går heim, for så å stå tidleg opp og ta ein formiddagstur til Eikehytta i dag.
 
Som sagt så gjort. I dag hang skodda langt nedi fjellet då vi byrja gå frå Sørestølen i 10.30 tida. Det passa oss fint - vi rekna med vi skulle koma oss eit godt stykke på veg før sola og den verste varmen kom. Vi kom til Flåtene... Då forsvann skodda som dugg for sola og det blei VARMT. Men vi tok det med ro oppover - vi hadde jo ikkje noko vi skulle rekka. Tok oss ei lita rast på toppen av Eikedalen og kikka på utsikta før vi vandra inn i Fagerdalen.
 
Eg fekk endeleg prøvd den nye sekken min. Har jo båre det meste på skuldrande dei siste turane, var godt å få ein sekk med skikkeleg bæreutstyr igjen. Sekken har rom både hit og dit, "svai" i ryggen slik at det er litt lufting, eiga bæresak til stavar og til og med ein plass å festa ishakke! Det siste var dog ikkje naudsynt å ta med på tur i dag ;-) Sekken fungerte veldig bra og eg trur eg blir nøgd med den :-) Forøvrig kjøpt på Fjellsport.no. Eg må seia at eg var imponert over leveringa deira - bestilt seint ein tirsdagkveld og allereie på fredagen kunne eg henta varene på Spar. + i margen for den nettbutikken :-)
 
Fagerdalen bada i sol i dag :-)
 
Vi tok ein god kvil der kor ein må kryssa elva. Det var på tide og fylla på litt energi før vi skulle ta fatt på siste etappe opp Skaret. Og tru ikkje sekken var det einaste nya eg fekk prøva i dag, nei endeleg kunne eg ta fram den nye...
 

..nisteboksen min :-) He-he, denne kunne eg rett og slett ikkje motstå :-) Stod og ropte på meg på Til Bords.
 
Prøvde å fanga litt bobler med kamera i elva, men det var sanneleg ikkje så lett. Men ser i allefall at eg må pussa kameralinsa..
 
Så tok vi fatt på siste etappe - Skaret. Eg synes vi klatra Skaret ganske raskt i dag faktisk, blei litt imponerte av oss sjølve der. Og då vi kom opp:
 

Har dåke sett så vakkert?? Nesten til å få tårer i augo av.
 
Ja, flottare enn dette kan ein vel nesten ikkje få det. Og ingenting er då betre enn å kunna sitja seg med ryggen langs veggen til Eikehytta, andletet mot sola og...
 
...men, kva i alle dagar er det som foregår her?!?
 
Sånn ja, blei ikkje meir enn det nei... ;-)
 
Det var faktisk ikkje så verst temperatur i vatnet. Gje det eit par-tre dagar til med sol så når det min badetemperatur og, tenkjer eg. Men vi var faktisk vitne til bading i vatnet idag. Dog utanbygdsfolk - litt flaut - det var jo vi som skulle gått foran som eit godt eksempel :-)
 
Åååå, her kosa vi oss i sola i dag både vel og lenge - eg fekk til og med tørka sokkane mine tørre på ein stein. God nista og ein god prat med eit par som hadde sendt ein heil flokk avgårde mot Englafjell. Eg for min del syntes det var både varmt å langt nok å ta turen til Eikehytta i dag.
 
Heimatte turen gjekk fint og. Begge kom seg ned utan kneproblem og stavane fekk henga i ro på sekken i dag. Marit påpeika, ganske så rett faktisk skulle det visa seg, at ho syntes eg hadde fått i meg litt for lite drikka. Hovudverken og kvalmen slo til for fullt i det eg landa heima, og det blei eit par timar der eg ikkje visste om eg skulle stå, ligga, sitja, dusja, drikka, eller gjera ende på alt. Det er då eg lurar på om det er verdt turen. Men så går det endeleg over og eg kan slå fast at, jo, visst er det verdt turen :-) Men eg må skjerpa meg med dette drikkegreiene altså - skjer gong på gong...
 
Resten av dagen er tilbrakt i sola :-) I måro er det avgårde ein tur til Haugesund. Hvis ferien skal fortsetja slik som dette trur eg at eg må ta turen innom jobben og kvila litt på kontorstolen min ein dag ;-)
 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)