torsdag 25. juli 2013

Boa noite..

KUfferten er henta ned frå loftet og det er på tide å pakka pikkpakket og gjera seg klar for årets sommarferietur :-)

I fjor reiste tre generasjoner på tur til Barcelona og det gjekk så bra at vi tar ut igjen på tur i år - denne gongen er det Lisboa og omegn som skal utforskast :-)

Turen går fyrst til Bergen i morgon og så tar vi flyet strake vegen til Portugal grytidleg laurdag morgon. Nuvel, strake vegen er det vel ikkje så lenge vi må nedom og bytta fly i Copenhagen.

Etter ei veka med varmt (phuuuu) og flott sommarver her heime hadde det vore godt med ei veka med regn no, men det ynskje ser det ikkje ut til at eg skal få oppfylt...

Uff og uff ;-)
 
Ja, Ja, må man så må man - kan vel ikkje avlysa turen no som den for lengst eg kjøpt og betalt :-)
 
Snart klar for avreise.
 
Hvis alt går etter planen og ingen rotar seg vekk i Portugal er vi heima igjen neste fredag - klar for FESTIDALEN :-)
 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)