søndag 4. august 2013

Gjekk bort med bulder og brak...

...har eg alltid sagt at det skal stå på mi gravstøtta når den tid kjem. I går lurte eg litt på om tida var inne...

Lisboa og Festidalen - her har det ikkje vore tid til å kvila mykje...Dåke skal nok få ein overdose Lisboa etterkvart, men eg har så gyyyysla mange bilder eg må sortera i før eg kan laga innlegg om det.

Fredag morgon ankom vi Rosendal etter vår flotte ferietur. På veg med båten frå Bergen til Rosendal passerte vi dette skipet i regn, torden og lyn:


Opplyste som vi er, visste vi godt kor NRKbåten var på veg hen :-) Så vi rakk akkurat heim og fekk satt koffertane i frå oss før vi tok oppstilling på mor og far sin altan for å sjå båten komma innover fjorden. Då skein sola som ho aldri har gjort før - snakk om verskifte. Og heldigvis for det - betre TVreklame enn vi fekk denne dagen skal det vel godt gjerast å få. Eg tok sjølvsagt heile denne seilasen opp på film, men ikkje tale om att eg får lasta den opp her på bobla så då får vi nøya oss med biletet over.

Etterpå var det å hiva seg rundt og sjå om ein hadde nokon reine sommarklede å ta på seg - no var det jo brått lika varmt og fint i Uskedalen som i Lisboa... Festidalen stod på programmet no :-) Må innrømma at eg meir eller mindre ikkje kjente til nokon av banda som skulle spela, men The Darkness hadde eg i allefall høyrt om så eg rekna med det måtte komma nokre sangar etterkvart som eg og kunne teksten til. Det kom ein (1)! :-) Men, det spelte ingen trille - for eit band - eller frontfigur er vel mest riktig å seia. Det må vera noko av det morosamste og snodiga eg har sett på scena nokon gong! Eg tenkte ikkje eingong på å ta fram min antikke mobiltelefon og fotografera, men hvis eg får nokre bileter av min konsert hoffotograf Sandra, så kan det henda eg legg ut bileter seinare. Ein superduper fredag på Festidalen vart det :-)

Så tilbake til bulder og brak... Laurdag hadde Vårherre verkeleg bestilt storvask av Uskedalen! Sjølv etter at det var ferdig å tordna og lyna buldra det godt ute og eg lurte på kva i all verda som foregjekk? Eit lite blikk utover fjorden og eg var sikker på at heile Eik var i ferd med å bli vaska på sjøen! Vi skjøna jo fort at buldringa måtte koma frå Eikeelva, så her var det berre til å hiva på seg regnkleda og koma seg ut og kikka. Sneik oss (ja, til og med gutungen heiv på seg seg regnkleda og vart med) bak garasjen til naboen - og der kom jo heile syndefloden i mot oss! Igjen så filma eg i hytt og pine, men dette får eg jo heller ikkje lasta opp. Så vi får nøya oss kun med bileter her og...

Slik såg det ut nede ved vegen og brua..
 
...fekk vaska seg trea i Eikeelva i går, gitt.
 
Dette er ikkje eit syn ein ser ofte i Eikeelva. Tippar det er nokre steinar som blei flytta på i går - det høyrtes slik ut på lyden..
 
Så køyrte vi ein tur til Sørestølen for å sjå korleis det såg ut der..
 
Mykje vatn her og.
 
Trur ikkje eg ville tatt ein slurk av dette i går - fy kor skjete vatnet var.
 
Klamra seg fast, denne kvasten.
 
Sjølv om det kom mykje vatn når vi var der, så ser vi her at det faktisk har kome mykje meir for her har nok vatnet dekka heile området tidlegare.
 
Ikkje så lett å sjå her, kanskje, men heile fjorden var full av dritt i går - for å seia det fint.
 
Fint kirsebærtre i forgrunnen - skikkeleg skiten fjord i bakgrunnen.
 
Heldigvis vart veret betre utover dagen slik at folk strøymde på når det var klart for siste kveld av Festidalen. Kjekt at det var fint og opplett når Morten Abel stod på scena - slik at han kunne skryta av Festidalen seinare på kvelden når han var gjest på Sommeråpent :-)
 
I dag silar det ned med regn igjen og no har det akkurat tordna og lyna litt - koseleg. Då passar det jo fint at eg har tatt kviledag i dag - eg har jo trass alt ferie :-)
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)