tirsdag 6. august 2013

Lisboa - Part 1...

...Part 1 fordi eg har så mykje å visa at eg må dela det opp i fleire innlegg. Prøvde fyrst å seia til meg sjølv at eg måtte begrensa meg - det må gå an å laga eit innlegg utan å visa alt - men kven er det eg prøvar å lura?? Skulle tru eg hadde vore i Lisboa eit år og ikkje berre dumpa innom i 5 dagar..

Laurdag 27.juli sat vi oss på flyet frå Flesland allereie kl.06.00. Etter flybyte i Kjøbenhavn blei det nokre humpete timar før vi landa i Lisboa. Ikkje så humpete at ein blei redd - meir som om ein tok båt i solgangsbrisen til Lisboa i stadenfor fly...

Etter ein kjapp taxitur ankom vi hotellet vårt NH Liberdade i hovedgata Avenida Da Liberdade:

Hotellet vårt bak dette Tivoligreiene, som eg eigentleg trur er eit teater.
 
Innsjekkinga var ikkje byrja enda då vi ankom, så vi sat i frå oss pikkpakket våres og la ut på ein liten "bli-kjent-tur" i nabolaget. Denne hovedgata er ikkje så travel, ganske roleg området faktisk. Kanskje fordi butikkane her er Cucci, Prada etc. etc. I dagens Portugal kanskje ikkje dei mest besøkte butikkane.
 
Men fint var det her.
 
Det er eindel skulpturar i hovedgata - som denne karen her som prøvar fiskelukka :-)
 
Vi sat kursen nedover gata og passerte blandt anna dette:
 
Elevador da Gloria. Ein av tinga ein MÅ gjera i Lisboa er å ta ein tur med trikken. Vi trudde jo og at vi skulle det, men det var ein av dei tinga vi etterkvart ikkje rakk på.
 
Ganske stilig med hage midt i bygninga.
 
Etter 5-10 min. gange kom vi fram til Rossio:
 
Ein populær plass i Lisboa. Rundt omkring her ligg mange uterestaurantar, hotell, butikkar etc. Spesielt om kvelden myldra det med folk i dette området. Brukar ein 5-10 min. til så kjem ein ned til elva Rio Tejo.
 
Her sat vi oss ned, fekk noko å drikka og såg på livet før vi gjekk tilbake til hotellet. Der tok vi ein rundet på taket å kikka på utsikta før vi endeleg fekk sjekka inn.
 

Veldig nøgd med denne utsikta. Hovedgate Avenida Da Liberdade er trerekka til høgre. Rett fram er elva Rio Tejo. Heilt nede til venstre kan ein skimta Castelo de São-Jorge.
 
Dei er glade i raude tak i denne byen :-)
 
Ser dåke den grå firkanten litt nedanfor trerekka? Det er Elevador De Santa Justa. Ein heis som tar deg 32 meter opp i høgda. Dette er og ein must å få med seg i Lisboa. Vi rakk ikkje på det heller. Eigentelg så skuldas alt vi ikkje rakk på at vi har ein liten fobi mot å bruka for mykje tid i kø ;-)
 
Veldig nøgd både med hotell og utsikt :-)
 
Og her var utsikta frå hotellrommet vårt.
 
Far og Stian på balkongen vår :-) Far har forøvrig ikkje amputert vekk ein fot, sjølv om det kan sjå slik ut her...
 
Etter å ha installert oss på hotellet tok vi turen oppover gata ein tur for å gjera oss enda litt bedre kjent i området.
 
5-10 min. denne vegen kjem vi til ei stor rundkøyring. På andre sida av denne heldt sightseeingbussane til. Så sånn sett må vi seia at hotellet vårt låg ganskje sentralt til det meste. Og her ligg også Parque Eduardo VH:
 
Ganske bratt opp her...
 
...men så får ein jo ei flott utsikt når ein kjem opp :-) Ser velstelt ut her, men vi var litt overraska over at graset ikkje såg ut til å ha vore klypt på ei stund - ei heller hekken. Eg foreslo at Stian fekk søka sommarjobb her til neste år...
 
 
Dette var ein fin kveldstur fyrste dagen vår i Lisboa. No var vi litt trøyte og metta denne dagen, så vi tok middagen på hotellet og ein tidleg kveld.
 
Dei har forøvrig kalla opp ei gata etter Stian Sebastian her :-)
 
Og slik var kveldsutsikta frå hotellrommet vårt fyrste kvelden :-)
 
Dag 2 stod sightseeing på programmet.....
 
...etter fyrst å ha starta dagen her :-) Lite folk på denne tida av døgeret, atskilleg travlare om kvelden.
 
Vi lurte litt på om vi skulle ta punkt 2 bokstaveleg eller ikkje...
 
 
 Vi hadde tatt med oss brosjyrar frå sightseeingbussane kvelden før og valgt oss ut to ruter vi skulle ta - Belem ruta og Oriente ruta. Og så hadde vi gått igjennom ruta og bestemt kva vi ville sjå og kor vi ville gå av bussen. Det viste seg å vera lurt. Ein ser desse bussane overalt og trur jo då at det berre er å hoppa av og på i eit sett, men slik var det ikkje her. Det var forskjellige ruter og busselskaper, så når ein hadde hoppa av ein plass kunne det gå ganskje lang tid før neste buss ein kunne hoppa på dukka opp. Vi var difor glad for at vi ikkje hadde valgt oss ut for mange plassar å hoppa av - faktisk berre to.
 
Då vi nærma oss fyrste plassen vi skulle av køyrte vi forbi dette - Mosteiro dos Jeronimos. Eit imponerande bygg. Her var mykje folk så dette er nok ein attraksjon mange er komen for å sjå. Vi derimot skulle litt lenger...
 
...og no fekk vi eit glimt at det vi ville sjå nærare på...
 
Torre de Belèm - det offisielle symbolet på Lisboa. Bygt for å forsvare munninga av Rio Tejo. Eingong stod dette bygget nesten midt i elva, men det endra seg etter det store jordskjelvet. Litt irriterande at det var fjæra no slik at vi ikkje fekk sjå det i vatn.
 
Det var laaaaang kø for å kom inn her då vi kom så vi bestemte oss for at vi fekk nøya oss med å sjå det på avstand. Men så var det eit eller anna som skjedde og brått var det ingen kø i det heile og det var berre til å gå rett inn i borga. Men det var mykje folk og trange ganger og trapper - og varmt så det var orka vi ikkje vera der så lenge før vi gjekk ut igjen.
 
Den neste attraksjonen vi hadde valgt oss ut låg i gåavstand så då kunne vi rusla langs elva.
 
Her i frå fekk vi og god oversikt over Ponte 25 De Abril - brua som skal likna på The Golden Gate Bridge i San Francisco. Og det gjorde ho vel kanskje litt - ho er i allefall raud :-)
 
Denne restauranten gjekk vi fort forbi ;-)
 
Og så nærma vi oss Padrão dos Descobrimentos. Enda eit imponerande byggverk. Her kan ein køyra heis heilt til toppen, men det var dette med oss og kø...
 
Henrik Sjøfararen fyrst, Vasco Da Gama og andre portugisiske heltar på rekke og rad.
 
Her ligg og heile verden for våre føtter :-) Hvis dåke ser over gata så ligg Mosteiro dos Jeronimos der, så i dette området kan ein verkeleg få med seg mykje å sjå. Vi derimot skulle vidare til neste stopp (etter å ha venta på bussen vel og lenge)...
 
Praca de Touros - tyrefektararenaen i Lisboa. Her er det tyrefekting kva torsdag - angjeveleg ein mildare form en den spanske. No var det søndag, men i følge mi bok skulle det vera eit yrande liv med restaurantar i området rundt her, så vi hadde tenkt å ta pause og eta her. Men her var det jo knapt eit menneske å sjå, så kor det yrande livet var, veit ikkje eg. Vi skulle til å stilla oss opp å venta på bussen igjen då han far kom på at eg hadde sagt det skulle ligga eit kjøpesenter UNDER arenaen - korleis kunne EG ha gløymt det?? Og i Lisboa er kjøpesentra opne om søndagane :-) Så, då tok vi ein heis ned under jorda og voila - her var de butikkar i alle variantar. Eg plasserte far og Stian på eit spiseområdet og så tok eg meg ein runde og kikka. Kom tilbake med litt av ditt og datt :-)
 
No byrja klokka å bli mykje, men vi hadde jo bilettar til enda ein sightseeingtur. Bestemte oss difor for å ta den runden utan å hoppa av nokon plass. Det mest interessante på denne turen er nok området rundt Parque das Nacoes - her er det akvarium, park, Vasco Da Gama tårn, kunnskapspaviljong - ja, i det heile mykje å sjå og gjera på.
 
Fontene i parken.
 
Torre Vasco Da Gama. Det høgaste byggverket i Lisboa.
 
Vi bestemte oss for å sjå nærer på dette området ein anna dag - dessverre fekk vi ikkje tid til det heller.
 
No hadde vi brukt heile dagen på sightseeing - løye kor fort tida går. Om kvelden fann vi ei lita, men travel gate med restaurantar overalt i nærleiken av Rossio, kor vi tok middagen.
 
Her kosar far seg meg sverdfisk og litt vin attåt :-)
 
 

Så var denne dagen over og det var på tide å gå tilbake til hotellet. Legg merke til brosteinen - heile Lisboa var dekka av brostein - tildels veldig glatt! Eg hadde tre (3!) par høghela sko med meg på tur - dei kom ikkje utav kofferten eingong! Heile ferien loffa eg rundt i flippfloppar - noko anna nytta ikkje her :-)
 
Ja, dette var dei to fyrste dagane vår i Lisboa. I neste innlegg skal eg visa dåke utflukta vår til fantastiske Sintra - min favoritt på denne turen. Her er ein liten forsmak:
 
 
 

 
 
 

 
 






 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)