torsdag 14. mai 2015

Hit og dit og....

rundt omkring, har eg vore i dag.

Hadde i utganspunktet ikkje tenkt meg lenger enn på trappa i dag iom at eg har vore snylta forkjøla og utav form denne veka. Så medan dei andre turvenene mine tok ut på tur både her og der, pakka eg ut...

..kajakken for å sjå om den hadde overlevd alt regnet i det siste. Det hadde vel ikkje vore mykje til fartøy hvis ikkje, når eg tenkjer meg om....
 

No er det jo og den tida på året kor eg er litt usikker på om eg er bonde eller ikkje - i alle fall har eg til tider hagen full av både store og små sauer. Sauene på Eik er litt i slekt med musa - uansett størrelse på holet, så kjem dei seg i gjennom.... Så når eg såg at naboen var byrja å setja opp tettare gjerde borte hos seg i dag, var eg borte å sneik til meg litt eg og - så kan eg kanskje planta litt blomar i urnene mine eg og no :-) Fysisk arbeid er jo ikkje det er driv med for ofta, så sjølv om eg berre skulle bera dette gjerdet opp til det som allereie står der og setja det ned på plass, så klarte eg på eit eller anna vis å vri ryggen til så det smalt. "Søren og", tenkte eg, "no må eg luska meg ein tur til Flåtene så eg får vri på plass igjen dette før det set seg til". Måtte berre inn å eta litt og kikka innom Facebook fyrst - og trur dåke ikkje det låg ein liten turinvitasjon til Omvikdalen der? Kort, flatt og ikkje asfalt - passa både rygg og forkjølelsen i dag :-)

Så brått var eg på plass hos Jorunn i Omvikdalen. Ho imponerte stort med å koma syklande med nybakte pizzasnurrar frå det nyopna bakeriet Brødskreppa :-) Men ho hadde ikkje fått plass til så mange, så vi måtte oppom å kjøpa litt fleire ;-) Så no veit eg kor Brødskreppa held til og - det var det og mange andre som visste, for det var fullt i tunet der :-)

Åsen, var turmålet i dag. Der har eg ikkje vore før, så dette var nytt turmål for meg. Nesten det fyrste vi møtte på var denne fantastisk, flotte...

lavvoen!!

Sjå kor stilig inni :-)

Nesten som ei lita...

...stavkyrkje :-)
 
Det var som sagt ikkje så lang tur vi skulle på i dag, så det var ikkje så mykje lenger å gå før vi var framme ved stiens ende..
 
...og jammen har dei laga til bålplass der og :-) Ja, dei har det i Omvikdalen.
 
Flott utsikt og herifrå :-)
 

 På veg tilbake fann vi ut av vi skulle ta ein køyretur opp i Fjellhaugen/Blådalen og for å sjå korleis det stod til med snøforholda der.

Og her er det jo rikeleg med snø enda. Meir enn ein ofte har dei fleste Påsker, faktisk. Slurverennsløypa for eksempel kan gåast i sin heilheit enda ;-)
 
Og sånn ca. under her ein plass ligg Herr og Fru Leikvoll sitt telt :-)
 
Det smeltar jammen fort unna no, men det det ser ut som om at dei som likar snø og ski (og truger, Lene) framleis kan få mange fine turar frametter.
 
På veg ned att mot Omvikdalen måtte vi ta ein stopp slik at Jorunn kunne visa meg kor ein går opp til Gråfjell i frå denne sida.
 
Det gjere ein her...
 
...rett opp..
 
....her, altså. Eg veit at når eg no viser dette sår rykkjer det til i fjellturfoten til Ann Irene :-) Men, du må nok venta ei stund - det ligg altfor mykje snø oppi her enda.
 
Det var ein fin både gå- og biltur vi hadde i dag. Eg har blitt vist enda fleire fine turmål som no vil stå på programmet frametter :-)
 
Ettermiddagen derimot har eg tilbrakt på trappa med å kosa meg med...
 

....kjempegod pizzasnurr i frå Brødskreppa...
 
...og kikka nøgd på at det spirer og gror...

...i Anitas hage :-)
 
Ja, det som såg ut til at skulle bli ein litt nysande og kjedeleg Skjærtorsdag blei ikkje så verst likevel :-)
 
 

 



 







2 kommentarer:

  1. Skjærtorsdag fru blom??? Tenker det er Kristi Himmelfartsdag i dag eg :) men fine blogg som alltid.

    SvarSlett
  2. Ja, der kan du sjå - tett både her og der i dag ;-) Torsdag er det i allefall ;-)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)