mandag 19. desember 2011

Mitt liv i Kabul...

....eksisterar sjølvsagt ikkje. Eg har då aldri sett min fot i nærleiken av Afghanistan. Men, det har Sandra - begge to faktisk! (Føtene, altså). No er ho, som eg skreiv i mitt forrige innlegg, heima på R & R. Dermed var det ingen veg utanom, ho måtte få ein gjesteopptreden på bobla anten ho ville eller ikkje. No har ho jo fylgt litt med, så eg antar at det var difor ho fann det tryggast å villa bidra.... Slik er vi vane med å sjå Sandra her heima:

Omringa av vakre blomar...

Etter snart 5 månader i Kabul, ser ho slik ut:
Omringa av skotsikker vest...

Eg må trø litt varsamt her - det er ikkje alt i Sandra's nye liv som ho vil skal avslørast på bobla. Eg vil jo ikkje risikera å bli henta midt på natta, få tredd ei hette over hovudet, kjørt til ein avsides liggande plass og få beskjed om at eg er ein stor risiko for rikets sikkerheit..eller Sandra's...

Sandra jobbar, som dåke sikkert har fått med dåke, på den norske ambassaden i Kabul. Der har ho ansvar for arkiv og IKT. Det er lange dagar med begrensa frihet til å bevega seg rundt utanfor ambassadeområdet pga. sikkerheitssituasjonen i Afghanistan. Den fritida ho har brukar ho til å oppdatera seg på Facebook, spela crocket, boccia, Besserwisser og besøka kollegaer. Av og til besøkar ho nokre lokale marknader som ligg innanfor militærbasane i by'n.

No ho gitt meg lov til å dela nokre bileter med dåke som visar litt av livet i Kabul :-)

Ho seier sjølv at dei ikkje får bevega seg utanfor ambassadeområdet utan i spesial sikra bilar, men eg har sett Sandra så mange gonger på sykkel før at meg lurar ho ikkje så lett....

Eg veit ikkje om ho handlar grønnsakene sine her, men ein liten fargeklatt i alt det grå er no denne "butikken"!

Dette er i følge Sandra eit veldig vanleg syn i enkelte områder av Kabul.

Og det er dette òg - Wedding Houses - poppar visstnok opp overalt i Kabul. Sandra??

Dette var sikkert eit staseleg og flott palass i si tid, no står bare ruinane igjen.

Kongepalasset. Som dåke ser manglar store delar av taket. Her er det snakk om gjenbruk - ein tar jernet og brukar det på nytt.

 Kanskje dei har brukt det her?? Dagens Kabul er full av kontrastar - mykje gammalt, men òg mykje nytt - som her.

Eit byggjefelt i Kabul..

Ein vanleg dag i trafikken.

Mesteparten av tida tilbringer Sandra inne på ambassaden sitt område. Skal ho utanfor må ho ikle seg skuddsikker vest og køyra i pansra bil. Då skjønar eg godt at ho heller vil slappa av i hagen:

...der ho tuslar rundt med vannkanna, plenrive og...

....luktar på rosene. Eller slappar av...

...på terassen. Ikkje heilt ulik det andre som reiser til varmare strøk driv med :-)

Og så: No kjem det som Sandra insisterte på at skulle med på bobla: Ho har vore på fjelltur! Og ikkje på kva som helst fjelltur. Ho har jo fylgt med på våre fjellturar - og det skal jo noko til for å toppa dei - men ho har jo anstrengt seg til det yttarste for å få til det. Blandt anna så stod ho opp kl. 03.30 for å reisa ut til fjellet ho skulle bestiga : Gahr fjellet! Eit fjell ein må gå opp og ned før kl. 08.00. Orsak: Nei, det kan eg ikkje avsløra. Takka meg til Englafjell utan opning- og stengetid....

Ska' sei. Dette var noko anna til turfylgje enn det eg plar få med på mine turar...

Her skulle dei opp! (Hadde det vore brake å dra seg oppetter her, hadde eg nesten trudd det var Gråfjell)

 
Eit fjell full av mannfolk i uniform klatrande på alle fira! Hmmm...kanskje verdt å stå opp for midt på natta??

Eg må nesten få skyta inn her (!) at Kabul ligg på 1800 meter over havet og toppen på Gahr fjellet ligg på ca. 2200 meter.

Då er det lov til å sjå både andpusten og stolt ut når ein nesten har nådd toppen :-)

For ikkje å snakka om når ein har nådd toppen!!

Når dei kom opp var klokka blitt ca.06.30 - og ein var klar for å nyta soloppgangen.

Soloppgang frå toppen av Gahr fjellet.

Og her kjem litt fleire utsiktsbileter:





Sjå kor flott med snødekte fjell i det fjerne.

Dei svarte "flekkane" er restar av russiske tanks..

Dette er ein topp med ein spesiell tiltrekkingskraft for dei fleste - bortsett frå på Sandra, kanskje..

E'da løye ho brukte alle sine krefter på å karra seg til toppen med slikt klatrefylgje???

3 stolte nordmenn på Gahr fjellet!

Sandra nyt soloppgangen på toppen av Gahr fjellet!

Ja, dette var litt om korleis Sandra har det i Kabul. No er ho heima på ein velfortjent ferie for å feira jul med familen, før ho vender nasen mot Afghanistan igjen. Og kven veit, kanskje ho får ein gjesteopptreden på boble neste gang ho kjem heimatt òg? :-)

PS! Alle bileta i dette innlegget er lånt av Sandra :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)