fredag 17. februar 2012

Har leika meg litt i Photoshop'en min...

...dei siste kveldane. Eg har jo hatt dette fotoprogrammet i eindel år no, men har enda ikkje gidda kikka på den over 500 sider lange bruksanvisninga - på engelsk. Difor har eg  nok sikkert enda igjen å læra meg 90% av alt ein kan gjera i dette programmet. Men no er eg jo så heldig at eg har fått meg ein kollega som har foto som sin store hobby - og det er jo mykje lettare å spørja ho enn å rota etter den altfor lange bruksanvisninga. Terese Bjørnebøle heiter ho, kollegaen min altså, ikkje bruksansvisninga. Eller, på den andre sida, så er det jo det ho er.. Anyway, Terese har sin eigen fine blogg TB Foto kor ho legg ut mange av dei fine bileta sine + å lærer vekk ulike ting og tang ein kan gjera med bileta sine - og no har eg prøvd å ta til meg litt av dette.

Det ser ikkje heilt proft ut det eg har fått til enda, men eg reknar med at øvelse gjer meister :-)

Å gjera fargefoto om til svart/kvit foto er jo strengt tatt ingen sak - det er jo berre til å trykka på ein knapp. Men no har eg lært meg å jobba litt meir med svart/kvit foto, og då har dette bilete av Bastiussen blitt til dette...




Framleis er jo biletet svart/kvit, så det neste eg ville læra meg var korleis ein kan få fram enkelte fargar i eit slikt bilete. Det har Terese lova meg at ho skal visa, men det hadde eg slett ikkje tid til å venta på i dag, så no har eg googla meg fram til korleis eg skal gjera i stadenfor :-)


Eg valgte å prøva denne teknikken på dette bilete...


..og slik blei det.

Og når eg fyrst var komt igang, kvifor ikkje kombinera desse to teknikkane?

Som dåke ser så er det Stian dette har gått utover i dag...


Og slik vart det sjåande ut.


Ja, ja, eg synes ikkje det blei så værst til å vera fyrste gongen eg prøver meg på dette, eg. Blir nok fleire kveldar på Photoshop'en frametter...





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)