søndag 27. mai 2012

Min bror skal giftas bort...

...i sommar! Brura er sjølvsagt plukka på øverste hylla:

Forrige helg var det brudgommen som blei lurt trill rundt og tatt med i sitt eige utdrikkingslag, lika lurt blei brura i går... Vi som skulle vera med å drikka brura ut hadde fått beskjed om å møte ved Postvegen på Helland der brura etterkvart skulle dukka opp. Og dukka opp gjorde ho som alle andre prinsesser:

Til hest!
Etter litt god drikke og jordbær i varmen, bar det avstad til båthuset i Husnes båthavn.

Her hadde vi ein liten quiz og kosa oss med ein god lunsj. Vår brur var ikkje den einaste som blei lurt i går...Ståande på bilete her er bruras kusine, Silje - det viste seg nemleg at ho og skulle ha utdrikkingslag i går òg! Midt i lunsjen måtte ho difor vera med Siw og "henta noko ho hadde gløymt" - og meir såg vi ikkje til dei før ut på kvelden då vi slo dei to laga i saman :-)

Det var steikjandes varmt i går, så vi kvila'n ute i sola i båthavna ei god stund. Vi høyrte rykte om at dei mangla havnevert og lurte ei stund på om vi skulle setja brura i arbeid... Men, nei - det stod andre planar på programmet...


Lille Kanin måtte difor ut å gå....


På vegen fekk ho både mat og drikke, og då går det som det ofte må gå:


Men, må man, så må mann....

Som sagt så var det veldig varmt i går og etter ein liten avstikkar frå programmet inn på Rimi for å kjøpa is, blei turen lagt til parken på Husnes.


Her måtte vi beint fram kvila i skyggen ei stund før vi gjekk vidare..

...og etter ein liten rebusrunde til var brura klar for å kjøla seg ned. At brura har posert med den Blå Krukke tidlegare ser vi ikkje bort i frå...


Ho poserte i allefall som om dette var noko ho var vane med å gjera både titt og ofte...

Vi får vel seia at det var ein heller pjuskete kaninhale som vandra vidare til siste punkt på rebusløypa..

....to timar deilig Spa på Dråpe salongen :-)

Og medan brura tok ein velfortjent kvil, og vertskapet for dagen reiste tilbake i båthavna for å gjera klart til kvelden, tok resten av gjengen seg ein pitteliten tur på Peppes...

Her grein dei seg til både ballongar og partyhattar og syntes det var heilt i ordren at servitøren ikkje heilt visste kva blanding det skulle vera i Mojitos'en. Etter kvart såg vi på verden med riktig så skeive auge...

Vel tilbake i båthavna dukka ei riktig så flott sminka og pynta brur opp og ikkje så lenge etter dukka brur nr. 2 opp med sitt lag. Då kunne vi nyta eit betre måltid..

..medan sola gjekk ned.

Og når sola gjekk ned, kom det forskjellig fram i båthuset. Etter beste evner måtte nemleg brurene ta fram sine beste salgstriks og la fantasien få fritt spelerom:

Dei måtte halda Dildoparty! Eh..der er ikkje ofta ein ser sensur på Bobla, men som dåke ser så fann eg det best å legga inn ein aldri så "liten" ein her...

Etterpå tok DJ Silje over, eller gjorde ho eigentleg det? Det blei i allefall spela deler av div. sangar på eit kanskje litt for avansert musikkanlegg i båthavna. No hadde vi hadde ein lang og varm dag, så då utdrikkingslag nr. 2 ville ta Peppes i augnesyn, innsåg nokon av oss at det var på tide og ta kvelden, takka for oss - og sendte brura ut i natta med lag nr. 2...

Og, ja, no gløymte eg visst og ta med at antrekket for det komande bryllaupet er i boks..


 

2 kommentarer:

  1. Takk for ein artig dag! :))) Vi får gjera litt meir artig i bryllupet tenke eg ;)

    SvarSlett
  2. Fantastisk!!!!
    Glede meg te å hjelpa deg å laga marsipan og sukker... -mønster te kaker!!!

    A T ;-)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)