søndag 26. august 2012

Den Røde Fjær bestemte seg for å halda seg unna...

...fjellet i dag - det var vel nok dramatikk på det området i går kveld/natt om ikkje eg skulle ha rota meg opp i fjellet og laga til noko surr i dag òg. (For ordens skuld: Eg var ikkje i nærleiken av Ulvanåso i går - eg var nemleg til Stord og kjøpte meg ny sofa :-))

Nei, i dag vart eg freista til å legga ut på fjorden i fars kano istadenfor - den låg jo der så blank og fin. (Fjorden altså - ikkje kanoen).

Som sagt, så gjort. Eg padla i veg utover mot Børnes. Det gjekk overraskande bra å padla med mine muskellause (må ikkje forvekslast med muskuløse) kontorarmar. Ja, ja, tenkte eg - eg har vel hatt max uttelling av den eine (1) gymstic timen eg har vore på i år. At det kunne ha noko med straumretninga i havet å gjera valgte eg å ignorera all den tid eg visste at eg omsider måtte snu og padla andre vegen òg...

Vinka litt til mannskapet ombord på båten som ligg ved Børneskaien og så kikka eg til høgre og venstre for å sjekka om det kom båtar anten den eine eller andre eller begge vegar før eg satte "bånn gass" over havet til Skorpo. Så padla eg innover langs Skorpo for å sjå om det var noko spanandes å få auga på der...

....men det var ikkje mykje gitt - dette var vel nesten det mest spanande eg fekk auga på. Kjem vel nesten innunder å "sjå graset gro"..
 
Ei lita stund leika eg at eg var geolog...
 
...og då vart jo dette nesten litt kult :-)
 
Fin utsikt over Uskedalen, hadde eg.
 
Padla innunder eit tre som hang utover eit berg - håpa nesten på litt regn slik at eg kunne leika at eg søkte ly. Eller, det var vel helst det eg gjorde - hadde det regna hadde eg jo ikkje måtta leika at eg søkte ly...
 
Hjem kjære hjem. Så nært, men likevel så fjernt...
 
...for etter å ha padla langs Skorpelandet ei stund var det på tide å tenka på å komma seg heim att. Eg tok sikte på å kryssa havet slik at eg kom meg over til Holmen. Det var då eg skulle sikta meg inn på dette at det slo meg: "Kor pokker kom all denne vinden i frå? Og bylgjene?" Burde eg i det heile tatt bli forundra på dette? Eg har budd i Uskedalen nesten heila mitt lange liv og er det ikkje eg som forbannar den helsikens ettermiddagsvinden nesten kvar einaste sommardag? I allefall hvis det er fint ver ute og eg vil sitja på trappa og nyta sola. Så at havet brått ikkje var så speilblankt som då eg la ut på turen min burde eg kanskje ha tenkt på før? Men, her sat eg på Skorpo og heim måtte eg - eg var ikkje kledd for å overnatta ute... Så.skulle eg no padla med vinden? Då ville eg vel enda opp på Ljosnes - og der skulle jo ikkje eg. Skulle eg peila meg inn på Eik og padla mot vinden? Det trur eg ville ha vorte ein laaaang tur - om eg hadde kome meg over i det heile tatt. Då var det eit valg igjen - ta peiling rett på Holmen sjølv om eg fekk vinden rett i sida og prøva å unngå å få bølgene rett opp i kanoen. Det siste gjekk fint - han er stødig på havet kanoen :-) Men, eg fekk vel merka at den eine (1) timen med gymstic kanskje ikkje hadde gjort noko underverk med armmusklane mine likevel - for her var det berre til å ta i! Tunga hang ut, armane verka, det blås opp til storm med orkan i kasta og eg såg for meg at eg blei slynga i land på Holmen og måtte leva som Robinson Crusoe i åravis før det kom ein båt forbi og fann meg...
 
Men, Havet's Datter karra kom seg omsider over på rett side av fjorden utan å måtta senda opp naudpeilaren eller ringa etter assistanse. Men no var sjøen ganskje så uroleg og vinden tiltok. Kanskje ikkje noko å snakka om hvis ein er i båt, men ei lita krusning i vatnet for ein motorbåt = ei svær bylgja hvis du er i kano.. Peila meg inn på båtahavna og tenkte eg måtte halda meg langs land resten av vegen. Det var jo nesten igrunnen einaste alternativ, men problemet no vart jo at eg fekk bylgjene frå begge sider - dei som kom på yttersida og dei som blei slynga ut igjen får moloen...
 
No var eg jo så nære land at eg faktisk kunne både sjå og ropa til folk om eg ville, men det ville eg jo ikkje. Her var det berre til å retta seg opp i ryggen og padla på å lata som om eg var ute på ein heilt vanleg søndagspadletur - eg byrja nesten å plystra der eg sat..
 
Var komen til enden av Øyro Marina då eg faktisk måtte gje meg på tap. Eg innsåg at om eg skulle padla heim no måtte eg snu kanoen slik at eg fekk vinden og bylgjene rett imot meg og at det antagelegvis kom til å bli litt for tøft. Det hadde rett og slett blitt for pinleg om eg hadde gått rundt og Rune måtte ha hanka meg opp som ei våt kjette med båtshaka utanfor kaien sin...
 
Så då var det ikkje anna å gjera enn å svinga inn i Øyro Marina, fortøya kanoen, krypa i land og ringa etter skyss heim. Ein telefon som var venta - eg var nok halden under oppsyn :-)
 
Eg kunne jo sjølvsagt ha fore med lygn og sagt at dei kvite "prikkane" til venstre på biletet er kviten på bylgjene, men eg er jo ikkje kjent for å overdriva noko særleg, så då får eg vel innrømma at det er måker som kosar seg ved elveosen.. Eller så ser det jo ganske roleg ut her, men det var ganskje mykje vind og urolegt på sjøen, altså! Sånn ca. midt på biletet her skulle turen min ha enda...
 
...her enda den!
 
Og då Hjortefot ankom forventa eg å få skryt over å ha utvist stor sjømannsdyktigheit og at å søka naudhavn var det einaste riktige å gjera under slike forhold etc. I stadenfor kom han med redningsvesten sin i handa, gav meg beskjed om å køyra heim med mor medan han padla kanoen heim... 
 
No får eg vel legga til at han far i ettertid kom oppom og slo fast: " Du hadde nok aldri klart å padla ut til Eik i dag - du med dine kontorarmar!"
 
Så slik enda altså dagens padletur. No lurer eg på om det kun er hvis du har brukket eller forstua armane at det er lov til å ha dei i fatle eller finnes det andre grunnar som kvalifiserar til slikt? Overanstrengte padlearmar f.eks?
 
 
 
 

 

 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)