lørdag 17. september 2011

Dagen då villmarkslivet mitt fekk ein bråstopp!

Så gjekk det som det måtte gå - villmarkslivet mitt fekk ein brå slutt i går. Det er nok ein orsak til at folk flest bur i hus, likar å omgås andre mennesker og ikkje bur i holer og bergsprekker ute i Guds frie natur. Ein kan fort bli litt smårar, paranoid, mista retningsans og enda opp i Luksusfellen på TV3 om ein spring rundt åleina i skog og mark i lengre tid utan å ha kontakt med andre mennesker. Det var nok det som skjedde med meg. Etter å ha tilbrakt vel ei veka for meg sjølv oppunder Ulvanoso var eg på veg til å mista både sanns og samling. Eg var byrja å bli skuggerredd og vàr for den minste lyd. Då sola var gått ned og myrket fall på i går sat eg ved leirbålet mitt då eg brått syntes eg høyrte ein kvist som brast bak meg. Eg greip børsa sporenstreks, tok ladegrep og kviskra så høgt eg turde:
"Kven der? Kven der?"
Ingen svar - det var tyst som i grava. Så - ein skugge til venstre, ein ny lyd til høgre - og der - der stod han rett foran meg - sjølvaste kronhjorten! For eit syn! Hjarta banka dobbelt så fort og eg skalv godt på hendene då eg fyrte av eit skot. Kronhjorten flata rett ut og gjekk i bakken med eit brøl, eller rettare sagt eit "AU!".
Eg greip kniven, styrta bort til dyret, sat meg på tvers, heva armen til hogg klar til å flå dyret. Då høyrte eg brått ei svak stemma nede i lyngen:
 "Hva er det du gjør? Det er bare meg..."
Hjarta hoppa over nokre slag og blodet forsvann ned i tærne. Eg opna augo og kikka nærare på byttet. SAFT SUSE - eg hadde fått inn ein fulltreffar på redaktøren for Uskedalen.no!! Og no låg han her, heilt urørleg framfor meg i lyngen. Kva gjere eg no? Eg kjende panikken greip meg. Eg styrta bort til hytta mi, pakka sakene mine full fart i sekken, blåste ut leirbålet og sveipa vekk alle spor etter meg med ei grein. Så snurra eg redaktøren inn i soveposen min, heiv han over skuldera og la i veg det raskaste eg kunne ned mot Kalkstasjonen. Vel nede heiv eg soveposen og redaktøren i bilen og køyrte rett i Beinavikjo. Der sørga eg for at ingen såg meg medan eg igjen slengte soveposen med redaktøren over skuldera, skynda meg rund hjørna på huset og banka på vindauga til Marit. I det ho opna døra slapp eg soveposen ned på golvet og rulla redaktøren ut.
"Hilfe, hilfe! Kva skal eg gjera? Eg trur eg har tatt livet av redaktøren for Uskedalen.no!"
Marit, roleg som ho er, bøyde seg ned mot redaktøren og kjente etter om det var puls.
"Nåja, det er no puls her, så dette må vi no fiksa. Kor traff du han?"
" Ingen aning!"
Vi rulla han litt att og fram på golver for å finna skotholet.
" Eg ser ikkje noko anna enn det vetle streifskuddet på øyreflippen" sa Marit.
Å gudskje lov! Kva var det eg hadde innbilla meg? Skulle eg som aldri har skote noko anna enn ein argentinsk pingvin på Ulvanåso, gule smileballongar og tanto sine serviettar på Varaldsøy brått ha fått inn ein fulltreffar?? Det ville vel vore for godt til å vera sant.
 "Men, vi må jo få liv i han" hiksta eg.
"PANG!"
Eg reagerte lynkjapt på skuddet, stupte under sofaen til Marit og satte tennen i ei blomsterpotte på andre sida.
"Ta det med ro - eg opna jo berre ei champagneflaske. Det er alt eg har å by på i kveld. Hjelp meg no med å få stabla redaktøren på beina så eg får helt ein slurk ned i halsen på han. Han treng sikkert bare litt væske så kviknar han til att."
Som sagt så gjort. Vi tok redaktøren i mellom oss og plasserte han i ein solstol ute på altanen. Så skvetta vi litt champagen på han og då tok det ikkje lang tid for han kvikna til att. Heldigvis viste det seg at han lei av eit aldri så lite hukommelsesstap og erindra ingenting i frå dramatikken i skogen. At han var sår på øyreflippen forklara vi med at han hadde snubla og slått hovudet i kaikanten då han skulle gå heim etter eit besøk hos kultursjefen. Vi hadde tilfeldigvis funne han, og det var slik han hadde enda opp med champagne i solstolen til Marit... For å avslutta ei lang historie kort så fekk vi etter dette ei ganske så triveleg stund på kaikanten. Eg måtte innrømma at eg likte dette livet betre enn livet i villmarka og difor hadde bestemt meg for å returnera til sivilisasjonen. Så dermed satte denne episoden endeleg punktum for mitt liv i villmarka. At redaktøren for uskedalen.no kanskje har ei heilt anna forklaring på kvifor vi sit her på kaikanten og nippar til champagne ein fin fredagskveld får så vera.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)