Viser innlegg med etiketten Vinhøner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinhøner. Vis alle innlegg

søndag 17. juli 2011

For ei kjekk helg...

...dette har vore! Sol,varmt og bikinien har vore på både fredag og laurdag - skulle nesten tru det var sommar :-) Fredagskvelden var det tid for mysetur til Sæbøvik og festivallivet der. Den myseturen endte opp med ein heilaften i teltet og nachspiel - trur det var byrja å lysna når vi endeleg kom oss gjennom tunellen igjen :-) Mykje folk og Lucky Bullets på scenen - sabla artig kveld :-) Trudde vel ikkje når eg la meg den natta at eg skulle vera oppe igjen og plassert i hagen og solstolen kl.0915 - men det var eg faktisk!! Og der blei stort sett heile gårsdagen tilbrakt - inntil det var tid for å gjera seg klar for ein tur på Systrene Nilsen med våre tyske venner som er på plass for sin årlege fisketur i Uskedalen.

Lille Blå kosa seg òg før ho skulle innta Systrene Nilsen..


Og jammen blei det nok ein kjekk kveld :-) Mykje folk, bra musikk - fekk til og med trimma dansefoten litt :-)

To gode venner som kosa seg på Systrene Nilsen....

Tusla oss heim utpå natta - godt fornøgd med kvelden - både eg og Lille Blå :-)

I dag har eg fylgt dagens Tour de France etappe frå sofaen - minutt for minutt....


mandag 25. april 2011

Ut med jul og Påske...

Hos oss varer jula heilt til Påske, men i dag ryk dei ut begge to!

Rødme...det er vel på tide å gje julestjerna fri nokre månader no.



Ingen tvil om at det er...



...slutt på Påsken no! (Anar ikkje kvifor, men dette bilete ville kun legga seg inn oppned)

Men desse hønepønene skal få sitja på vaggel litt til :-)