Viser innlegg med etiketten Lisboa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lisboa. Vis alle innlegg

fredag 9. august 2013

Lisboa - Part 3.


På tide å bli ferdig med Lisboaavhandlinga no, så her kjem siste innlegg om den turen:

Vi kan jo ikkje reisa sydover på ferietur utan å gå på stranda og bada - så det gjorde vi på dag 4. Lisboa har jo ikkje strand, men ein må ikkje reisa langt utav byen før ein finn det. Vi hadde på førehand sett oss ut den gamle fiskerlandsbyen Cascais - her skulle det vera fint. For å koma dit måtte vi med tog igjen, denne gangen frå stasjonen Cais do Sodre. Det er jammen godt toga går ofte for makan til ineffektiv køsystem skal ein leita lenge etter. Eller det var kanskje ikkje systemet det var noko gale med, men dei som sat i luka. Vi stod 45 min. i ein heller liten kø og missa tre togavgongar før vi endeleg kom fremst og fekk billettar!

Togturen tar ca. 40 min. til Cascais. Rett før vi kom fram kom vi i snakk med ein portugisar som tok kontakt då han høyrte at Stian og eg snakka norsk - han hadde nemleg budd i Noreg for eindel år sidan. Han tipsa oss om å gå av toget litt tidlegare enn vi hadde tenkt for då meinte han at vi kom på den beste stranda, og så var det fint å rusla mot Cascais etterkvart, hvis vi ville det. Vi valgte å høyra på han, og dermed gjekk vi av toget midt mellom Estoril og Cascais.

Her har dei laga ein flott og brei strandpromenade.
 
Det er kanskje ikkje ei stor strand her, men fleire små. Her er stranda vi kom på. Cascais såg vi rett bort på her.
Og her var det fint å vera :-) Her var det ikkje for mykje folk, og sjølv om vi kom litt seint (pga  billettkøen) fekk vi oss ein parasoll å liggja under. Litt steinete strand, men slik er jo vi vane med. Temperaturen i vatnet var vel omtrent som heima, så Pyseguri brukte litt tid på å dukka :-)
 
Aaahh, deiligt :-) Sanden var så varm at det var som å gå på glødande kull - eg løfta beina høgt og fort når eg gjekk ;-)
 
Det var veldig varm denne dagen og sjølv om Cascais ligg lenger ute ved kysten enn Lisboa så var det ikkje eit vindpust her. I Lisboa var det i allefall ein liten bris meir eller mindre heile tida. Det er eigentleg litt kjedeleg å liggja slik i sola og gjera ingenting, så etter ei stund rusla vi vidare mot Cascais:
 
 
Far og Stian med "vår" strand i bakgrunnen.
 
Strendene låg litt på rekke og rad her. Her var det litt meir folksamt så det var nok lurt at vi gjekk av toget der vi gjorde - vi hadde nok ikkje funnet noko ledig parasoll på desse andre strendene.
 
Mange som kosa seg i Cascais.
 
Etterkvart forlot vi strendene og tusla opp i gatene. Togstasjonen låg rett oppforbi den siste stranda vi forlot, så vi haldt oss i området her. Det skal visst vera det mest livlege området og. Her hadde dei...
 
...ikkje gøymt skjeletta i skapet...
 
...fine, koselege gater vi handla litt forskjelleg i...
 
....humor...
 
...og ein fin karusell.
 
Eg syntes far trong dressa seg litt opp og forlangte at han kjøpte seg ein...
 
...hatt! Den trur eg han likte for den kom ikkje av igjen før vi skulle ta flyet heimatt :-)
 
Etter ein flott og varm dag i Cascais tog vi toget attende til Lisboa. Når nokon vel å bada med returbilletten sin i lomma er det jammen godt at kollektivtransporten i Lisboa er billeg. Eg trur det kosta euro 3,50 ein veg. Vi hadde vel ikkje eingong kome oss med buss frå Eik til Korsneset for den prisen her heima...
 
Etter ein liten kvil på hotellet rusla vi ned mot Rossio igjen for å få oss litt mat og...
 
...og prøva Elevador de Santa Justa. Men køen var så lang då vi kom at vi bestemte oss for å ta maten fyrst. Då vi kom tilbake seinare var heisen stengt. Det stemmer difor ikkje det som står i mi kloke bok at denne heisen er open til kl. 23. Så då blei det ikkje noko tur i denne på oss. Mat derimot hadde vi fått oss...
 
...på restauranten nærast her. Dette var ei brei fin gate kor folk passerte på begge sider medan restaurantane hadde sitjeplassane sine midt i gata.
 
Dag 5. Siste dagen vår i Lisboa. Vi hadde enda nokre plassar og utforska og vi starta med å ta turen til Castelo de São Jorge - visstnok Lisboas mest besøkte serverdighet.
 
 
Eg trudde det kanskje berre var ei gamal festning med ein mur kor ein kunne sjå ned på Lisboa, men området her var jo mykje større og finare enn eg hadde sett for meg.
 
Fin utsikt fekk ein her både mot elva og...
 
..sentrum.
 
Den gamle mannen og hans kanon?
 
Det var gysla varmt denne dagen og, så eg heiv rett og slett av meg...
 
Vi fann oss ein liten kafè i eit skuggefylt område og tok ein pause der. Eg var ikkje så imponert over maten her, i allefall var ikkje mitt kakestykke noko å skryta av. Men, ellers så kosa vi oss - og så fekk vi noko å bryna oss på..
 

...for kva fugl er eigentleg dette?? (Dagens gåte er forøvrig: Kor mange fuglar ser du i dette biletet?)Den virka litt påfuglaktig, men ikkje heilt det heller - for den hadde ikkje den lange "påfuglhalen"....
 
....og så fauk dei opp og ned i trea. Kan påfuglar fly??
 
Sjå denne flotte karen her som sat på vaggel høgt oppi eit tre. Dette må i allefall vera ein påfuglvariant.
 
Etter å ha lurt litt på dette og eigntleg ikkje fått noko svar, vandra vi vidare. Vi måtte jo inspisera dette byggverket og..
 
Har sikkert eit eige navn denne borga, men eg er litt usikker på kva.
 
Det var fint her og, men eg blei litt nervøs når eg gjekk på toppen her, syntes ikkje murane og rekkverka var så altfor høge. Med så mykje folk trampande her må det vera snart føre og ramla utfor på innsida av borga. Det er ikkje akkurat jevnt dekke her heller...
 
Litt eventyraktig dette her og :-)
 
Men klyva skulle ho om ho var aldri så nervøs for å detta ned ;-)
 
Ein flott plass! Positivt overraska - denne plassen kan anbefalast å ta ein tur til når ein er i Lisboa.
 
No trong vi å avkjøla oss litt igjen, så vi bestemte oss for å reisa på elvecruise. No kan ein kanskje tru at det er noko som føregår heile tida, heile dagen, men slik er det visst ikkje. Så vidt vi fann ut så går dei kun to ganger for dagen, så vi måtte venta i halvannan time før vi kunne gå ombord. Mulig det er fleire som driv med dette enn dei vi reiste med - det går sikkert an å undersøkja for dei som er interesset i det. Vi tok i allefall ein båt som gjekk frå Cais do Sodre  - rett bak togstasjonen.
 
Her sat vi ute på dekk, slappa av og kikka på Lisboa frå elva.
 
 
Eg veit ikkje kva dette orange byggverket er for noko (trur eg la på ein anelse for mykje farge :-)), men bakom der ser dåke Castelo de São Jorge.
 
Praca do Comercio. Hvis ein går rett ned mot elva i frå Rossio kjem ein ut buegangen ein ser her. I dette området finn ein og hovudturistkontoret i Lisboa hvis ein skulle ynskja å besøka det.
 
Så fekk vi jo og sett Torre de Belem og...

.... Padrao dos Descobrimentos i frå denne sida og.
 
Og brua Ponte 25 de Abril køyrte vi under.
 
He-he, desse syntes eg såg kjekke ut - nesten som ein andefamilie på tur :-)
 
Eit lite visdomsord får avslutta denne turen.
 
Vi avslutta dagen med ein liten tabbe. I boka mi står det at Centro Colombo er den iberiske halvøys største kjøpesenter med 400 butikkar, 65 restuarantar og 11 kinosalar. I tillegg har dei eigen fornøyelsespark og cocartbane. Vi valgt difor å reisa dit istadenfor å besøka Parque das Nacoes, som var den opprinnelege planen vår. Vi kom fram til dette enorma kjøpesenteret, åt litt mat og byrja leita etter fornøyelsesenterte. Fann ingenting. Såg ei stor bygning overgata som minna litt om ein berg-og dalbane, men det viste seg å vera ein fotballbane. Måtte tilslutt spørja oss for og fekk til svar at det ikkje eksisterte lenger!!! Ei heller cocartbanen!! Så dette blei ein bomtur - ikkje fekk eg til å handla noko heller. Og når klokka viste at det byrja bli seint på kveld valgte vi å reisa tilbake til hotellet og ta kvelden der.
 
Neste dag var ferien vår i Lisboa over. Vi måtte pakka sakene våre å reisa heimatt til Norge. Vi har hatt ein kjempeflott tur - eg kunne godt blitt litt lenger - og ein tur til Lisboa kan anbefalast på det sterkaste!

 
 
 
 
 

 
 
 
 
 

 
 
 
 

 
 
 
 


 

 

 

 


onsdag 7. august 2013

Lisboa - Part 2..

...og no skal dåke få vera med til ein fantastisk plass!!

Eg hadde heldigvis googla litt før vi reiste til Lisboa og sett litt bileter av ein liten landsby utanfor Lisboa som ein blir anbefalt å besøka når ein er i området - her SKULLE eg!

Så på dag tre i ferien vår satt vi oss på toget i frå Rossio stasjon til Sintra for å tilbringa dagen der. Togturen tar ca. 40 min. og toga går att og fram heile dagen. Når ein kjem fram står det klart taxiar, bussar og guidar i bøtter og spann som hanka deg inn og visa deg denne flotte landsbyen som står på UNESCOs verdensarvliste. Vi, derimot, gjekk forbi alt dette og satte kursen til fots mot sentrum - vi måtte nemleg få i oss litt frukost før vi tok fatt på sightseeinga.

På veg mot sentrum traff vi på denne søte Tuk-tuken :-) Har dåke sett noko så bedårande? Kven kan motstå noko slikt?
 
Ikkje denne gjengen i allefall - he-he :-) Ååå, så glad vi var for at vi ikkje hadde satt oss i ein taxi. For 65 euro skulle denne Tuk-tuken visa oss alt som var verdt å sjå i Sintra - og det var verdt prisen! Vi hadde aldri fått med oss alt det vi fekk med oss hvis vi hadde tatt buss eller taxi. Og så løye som vi hadde det - guiden/sjåføren vår var ein kjekk, artig, ung portugisar som informerte oss om det ein treng vita om Sintra og meir til. Så, fyrst vil eg anbefala alle om å ta turen til Sintra - og så MÅ dåke sjå byen frå ein Tuk-tuk. At folk lo og peika på oss syntes vi berre var moro. Det var sjølvsagt fleire Tuk-tukar, men vi hadde den søtaste - dei andre hadde bart ;-)
 
 
Fyrst blei vi køyrt til sentrum for å få oss litt mat. Guiden vår (litt irriterande at eg ikkje huksar navnet) tok oss med på eit lite, koseleg bakeri i ei av dei mange smale gatene.
 
Midt i sendtrum ligg Palacio Nacional. Ser dåke dei store pipene? I følge guiden vår var det om å gjera og ha størst piper - det viste at du hadde pengar til å kjøpa mat :-) Dess større piper, dess meir pengar hadde ein.
 
Etter å ha fått oss litt mat var det tid for sightseeing, så då bar det avgårde i Tuk-tuken på smale gater, opp og ned - det var vel ikkje ein plass vi ikkje fekk sett.
 
Eg fekk ikkje heilt med meg kva dette var for ein plass, men vi stoppa her og gjekk igjennom buen...
 
...og då fekk vi denne flotte utsikta - heilt til Atlanterhavet!
 
Før i tida var hekken høgare og då var dette ein skikkeleg labyrint.
 
Eigentleg så var alt bakvendt her. Når vi trudde vi gjekk inn gjennom buen så gjekk vi eigentleg ut, og no når vi skulle gå ut igjen, gjekk vi eigentleg inn.
 
Ser dåke slottet i bakgrunnen? Der opp skulle vi etterkvart. Ser foressten no at vi var veldig samstemte i benkledingen for anledninga denne dagen....
 
Her gjorde vi ein kjapp stopp. Eg trur kanskje ikkje dette er den mest besøkte parken, eller inngongen for parkvoktaren verka glad for besøk..
 
....ein artig kar som var glad i høner :-) Litt irritert denne dagen for det hadde kome ein hund inn i hønsehuset og tatt livet av mange nyklekte kyllingar.
 
Det lukta veldig godt i parken. Her får far lukta på eukalyptus bær/nøtt - eg veit ikkje kva eg skal kalla det.
 
Så bar det vidare oppover mot slottet - eg kryssa fingrane både for at Tuk-tuken skulle klara dra oss opp - og ikkje minst at den hadde gode bremser til nedturen... Dette huset traff vi på i ein sving. Det et visst nokre tyskarar som eig det, men mykje i bruk er det ikkje for dei vil ha det til at det spøker her. Men det skremte ikkje Johnny Depp vekk frå å spela inn scener til filmen The Ninth Gate her:-)
 
Eg gløymte å ta eit skikkeleg bilete av guiden vår, så dette er det einaste eg har av han.
 
Her har vi stoppa ein plass for å sjå på utsikta. Bak far og Stian kan ein skimta Castelo Dos Mouros...
 
...ei festning vi fyrst hadde tenkt å besøka, men guiden vår sa det var kun ein mur og at det ellers ikkje var så mykje å sjå, så då slo vi det frå oss. Parken rundt her består forøvrig av tre og planter importert i frå heile verda. Ei av plantene han kunne visa var den på biletet over som merkeleg nok får to vidt forskjellige blader.
 
Ellers så kunne vi her få eit betre blikk på slottet vi var på veg til: Palacio Da Pena. Ser det ikkje flott ut?
 
Dei har det her og...
 
 
Omsider fekk vi snirkla oss opp til slottet - her myldra det av store og små. Vi avtala med guiden vår at vi skulle vera her i ein og ein halv time før han skulle henta oss igjen. Det blei litt knapt då eg måtte stå 20 min. i ein liten kø berre for å kjøpa noko å drikka - det var ganske så varmt denne dagen. Så vi fekk ikkje sett så mykje inne i slottet, men utsida var meir enn nok for oss.
 
 


Titt-tei :-)
 
Ser ikkje dette fint ut??
 
Vel, alt var ikkje lika fint...
 
 
For 2 euro kan ein ta denne bussen opp og ned frå billettområdet og til slottet. Eg tok denne opp, men valgte å gå ned igjen.
Det var og ein fin liten tur :-) Og ja, brostein i heile Sintra og...
 
Så skulle vi vidare på turen vår. Det gjekk bratt nedover på smale brosteinsvegar. Det er sikkert litt spor i Tuk-tuken etter at eg har prøvt å bremsa heile vegen...Eg følte meg ikkje heilt trygg....
 
 

Men det gjekk bra og vi fekk bladt anna sjå at vi ikkje var dei einaste kjente (;-))som har vore i Sintra :-)
 
Eg har gløymt historien til denne fontena. Guiden vår spørka med at denne bratte trappa var treningsstudioet til innbyggjarane i Sintra :-)
 
Etterkvart måtte vi sei hadet til guiden og Tuk-tuken vår, som satte oss av på den siste plassen vi skulle utforska - og dette var det eg hadde gleda meg mest til: Qiunta Da Regaleira. Ein eigendom med hager, slott, tårn, borger, grotter - og ikkje minst ein 27 meter djup brønn ein kan gå opp og ned. Det var denne brønnen eg skulle på leit etter. Trudde det skulle bli enkelt iom av vi fekk utlevert eit kart ved inngangen, men så lett var det ikkje likevel. Det finnes nemleg ikkje eitt skilt i parken og ein skal halda tunga rett for å finna fram til rett plass for her er det mykje å sjå og lett og gå feil! Far satt seg på ein benk i parken medan Stian og eg tok fatt på leitinga etter brønnen.
 
På vår veg...
 
...måtte vi innom både bratte, smale trapper og tårn...
 
..og over...
 
...bruer...
 
Stian forsvann inn her og eg lurte ei stund på om han kom ut igjen...
 
Ein liten foss.
 
Vi trudde vi var i nærleiken av brønnen og vi leita og vi leita, men fann ingenting. Klokka gjekk og det var gysla varmt og svetten sila.Men vi gav oss ikkje. Ved ein tilfeldigheit gjekk eg berre inn i ei hola vi ikkje trudde var noko speisielt - og der -der..
 
..befann vi oss brått nesten øverst i brønnen! Har dåke sett noko slikt før?? Dette var berre heilt utruleg flott og fantastisk!
 
Stian på veg ned i botnen - 27 meter ned.
 
Trur dette er det mest spesielle eg har sett og vore med på nokon gong.
 
Tenk å ha bygd noko slikt? Det er visst Frimurarane som har brukt dette som fluktveg..
 
...Ja, for ein måtte ikkje gå opp igjen for å koma ut - det var grotteganger ein kunne gå ut. Her ser det jo lyst og fint ut - det var det ikkje - det var bekmørkt! Dei små "julelysa" gav litt lys ut "hovudvegen", ellers var det ingen lys. Og ser dåke kor eg står? Nettopp - på innsida av fossen! Og hadde Stian gått litt lenger inn då han forsvann inn i grotta han var i tidlegare så hadde han funne brønnen nesten med eingong! Ut den vegen ville han derimot ikkje gå no..
 
...han hadde nemleg lagt merke til at vi hadde gått forbi ein gang utan lys som andre hadde gått inn i -  her skulle han og gå. Her var det jo enda mørkare og vi måtte bruka lommelykta på mobilen for å sjå kor vi sat føtene. Men kan dåke tru vi, i allefall eg, gjorde store auger då vi brått...
 
...stod i botnen på nok ein brønn! For ein bonus - dette hadde eg ikkje forventa!
 
Titt-titt - på veg opp :-)
 
No hadde vi funne det vi leita etter og mykje meir, så vi kunne ta fatt på vegen tilbake til far som sat og venta. Det var berre ein ting som gjenstod - vi måtte jo ta ein runde i slottet og..
 
Sjå kor flott - eg er tom for ord! Trudde dette berre fantes i eventyr??
 
Ja, det var sanneleg eit nøgd trekløver som rusla tilbake til Sintra sentrum og satt seg på ein restaurant og hadde ein bedre middag etter ein lang dag på tur.
 

Fordi vi fortjente det :-)
 
 
Mmmmmm...sjekk desserten vår :-)
 
Så måtte vi omsider setja oss på toget tilbake til Lisboa. Dette var ein kjempeflott dag! Alle som har tenkte seg til Lisboa MÅ leggja inn ein tur til Sintra - dåke vil ikkje angra! Eg har i allefall lyst tilbake :-)
 
Og ikkje gløym at dåke må bruka Tud-tuk og ikkje buss og taxi :-)
 
I neste innleg skal vi på badetur :-)