Viser innlegg med etiketten Turer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turer. Vis alle innlegg

søndag 25. november 2012

Fyrst stakk eg den eine foten utanfor...

...ytterdøra. Rista litt på den. Trakk den til meg. Hmm... tørr? Så stakk eg den andre foten litt lenger utanfor døra...

...hmm..framleis tørr??
 
Kunne det bety at det gjekk ann å gå ut i dag utan å bli våt? Hæ? Hæ? Gjorde det??
 
JAAA, hurrrraaa - opplett! Endeleg turver igjen!!!
 
Desse tre var òg glad for dagens ver :-)
 
 
 
Etter å ha sete inne på rumpa i fleire veker var det greit å ikkje ta den aller lengste turen i dag. Eg har aldri vore til endes på skogsvegen opp Onarheimslia, så då bestemte vi oss for å ta den turen i dag. Eg stålsette meg likevel for at dette kunne bli ein bratt og slitsom tur, dagens form tatt i betraktning.
 
Desse to stilte opp som turfylgje i dag :-)
 
Så då traska vi i veg på skogsvegen med sekker på ryggen og kameraet rundt halsen. Ann Irene har vore her før og sa det var ein fin liten tur. Den har eg høyrt så mange ganger før at eg tok det med ei klypa salt ;-) Men, eg burde kanskje ha skjøna at ho hadde rett då dei fleste vi møtte jogga både opp og ned. Dei lurte sikkert fælt på oss som såg ut som om vi var på ein stor ekspedisjon...For dette var verkeleg ein fin liten tur - ikkje var det bratt og ikkje var det langt. Eg hadde rekna med både brattare og lenger veg, men brått så var vi framme. Og det før vi rakk å bli noko andpustne i det heile tatt.
 
Ein ser ikkje anna ein skog på vegen opp, men når ein er framme får ein flott utsikt over...
 
...Husnes.
 
Her var det fint å sitja å nyta nista :-)
 
Per Ivar fekk godt overblikk over alle plassane han hadde vore å grove - litt mulvarp i han her, trur eg ;-)
 
Før vi tusla ned att til bilen måtte vi jo ta eit bilde som viste kor glade begge turvenninnene var for endeleg å vera på tur igjen..
 
Ein...
 
...to...(he-he, karate kid)
 
...tre... (ok - sidan eg var litt stygg med Ann Irene og tok med biletet over, fekk eg ta med dette mindre flattrande av meg sjølv òg.)
 
Alt i alt ein kjekk tur og alle tre var nøgd med den. No håpar vi på meir fint ver framover slik at vi kjem oss på fleire turar - anten i joggesko eller på ski :-)
 


 
 

 


lørdag 27. oktober 2012

"Skal du på tur ...

...idag?" Eg er ingen morgenfugl og desse meldingane har ein tendens til å tikka inn før eg har kome meg ut av senga lørdag eller søndag morgon. Så og i dag!

"Jada, Vardhaugselet" - foreslo eg, medan eg tenkte at på Valen har sola for lengst stått opp og det vetle snødrysset vi har fått dei siste dagane er sikkert tint vekk. Ja, for vi har faktisk fått SNØ! I slutten av OKTOBER! Eg er eigentleg glad i vinter og snø, men dette er ALTFOR TIDLEG!!

Og ikkje så lenge etterpå parkerte vi ovanfor Søsterheimen på Valen og la i veg mot Vardhaugselet - i snø frå start til mål...Tint snø, mi høna liksom..

Men, det var jo fint då...
 
I dag valgte vi å gå vegen om Nordfjell, for der hadde vi ikkje gått før. At eg pusta og pesa og sleit meg opp trur eg ikkje vi kan skylda på hverken snøføret eller at det var bratt. Eg har nok brukt for mykje tid i sofaen i høst. Ok - litt kan vi vel skylda på snøføret - det var tungt å gå så lenge i snø.
 
Oppe på Kokkelberg - eller kanskje ikkje? Vi veit ikkje heilt kor Kokkelberg er faktisk for det står ingen skilt om det..
 
Utsikt over Husnes.
 
Skikkeleg påskestemning :-)
 
Endeleg oppe - men eit lite stykke å traske over Nordfjell til Vardhaug før vi når Vardhaugselet.
 
Teiknet på at vi er på rett veg.
 
Eg anar ikkje kor lang tid vi brukte opp i dag, men har ein mistanke om at det ikkje gjekk så ekstremt fort. Men, det gjorde jo ingenting - vi hadde det ikkje travelt.
 

Vardhaugselet.
 
Det var både påskestemning og julestemning på fjellet i dag. Ganske kald vind på toppen, men i solveggen var det varmt og fint. Apropos julestemning:
 
Vi syntes det passa godt med julebrus og kakemenn på fjellet i dag ;-)
 
Sist vi var på Vardhaugselet og skulle grilla enda det jo opp i katastrofe. Det fantes jo ikkje tørr ved i mils omkrets og vi huffa og puffa og prøde å blåsa fyr i vedkuppar det dryppa vatn av...Så då blei det kalde pølser og sure fjes. I dag derimot:
 
Hadde ikkje fyrmeister Ann Irene problem med å få fyr på bålet :-)
 
Så då kunne vi kosa oss med varme pølser. OK - vi hadde litt problem med å få gjennomsteikte pølsebrød (har vel med tolmod å gjera - mangel på slikt sådan) - men, hunden var ikkje så kresen på det :-)
 
Og her sit eg og kosar meg i solveggen med solbærtoddyen min :-)
 
Fine detaljar.
 
 
Koseleg på Vardhaugselet.
 
Fin utsikt og.
 
Vi bestemte oss for å gå ned igjen via Olderbotten då vi ikkje følte for å traska over Nordfjell igjen, og trudde det skulle vera kortare. Det er det nok sikkert og, men det var jo veldig mykje våtare og slett ikkje noko betre enn andre vegen. Dette veit sikkert dei lokale iom at det ikkje var så mange spor i stien her, mens det via Nordfjell var godt nedtrakka....
 
Olderbotten i sol og vinterstemning.
 
 
Vi hadde ein kjempefin tur idag til tross for at vi måtte traska i snø både opp og ned og kald vind på toppen. Kanskje dette var ein av dei siste fjellturane vi får til fots i år?
 
Ha-ha, neida - no skal vi jo kjøpa oss truger ;-)

 
 
 


 
 
 


søndag 21. oktober 2012

I dag må det jo passa fint med ein sightseeingtur...

...til Jondal, tenkte eg i dag - og brått var eg på veg...

....inn Guddalsdalen! (Kan ein kalla det det?).
 
Eg vart nemleg nedstemt ang. Jondal i dag - i dag skulle vi på tur i Guddal i stadenfor.Og der har eg jo aldri vore før, så kvifor ikkje?
 
Vi køyrte forbi Guddalstunet og så måtte vi ringa mor for å forhøyra oss om kor langt vi kunne og skulle køyra - det var dårleg med skilting inn i denne dalen. Og etter å ha fått beskjed om å fortsetja på grusvegen der asfalten slutta og inn til ein parkeringsplass, så gjorde vi nettopp det.
 
Vi kunne køyrt lenger, men traska avgådre på grusvegen til den tok slutt.
 
Etter ei rask gange kom vi til vegs ende på grusvegen - no måtte vi fortsetja på sti. Vi møtte ein par kjentfolk som fortalde oss om diverse plassar ein kan gå og nå hvis vi fylgjer denne stien, men at Lovatn sikkert var langt nok i dag - vi er jo ikkje alltid av dei som kjem seg raskast avgårde når vi skal på tur...
 
 
Mykje natur - ikkje nett noko vid dal dette her.
 
Stien var grei og fylgja - litt bortover, litt oppover og litt nedover. Men mesteparten av stien går på stein og gras og det var både sleipt og glatt i dag. Ein måtte nesten passa kvart steg ein tok, og det synes eg er litt slitsamt. Ein måtte og kryssa ein to-tre bekkar på veg innover og her måtte ein halda tunga rett i munnen for ikkje å havna på ræva med eit plask.
 
 
Men innover dalen bar det...
 



...og så nådde vi målet: Lovatnet. Eit lite vatn med bratte fjell rundt seg.
 
 
Eg sa før vi byrja at dette sikkert er ein dal der ein har lyst til å gå lenger og lenger for å sjå kva som ligg bak "neste sving". Det trur eg enda, men på dagens føre var dette langt nok. Vi må nok ta turen igjen, men då på tørrare føre og starta tidlegare på dagen  - det trur eg kan bli ein fin tur. Og kven veit kor ein endar då? Ein kunne visst komma både til Fonna og Rosendal denne vegen.
 
Artig måte å stable veden på :-)
 
Og apropos ved. Lenger nede køyrte vi forbi eit tun der dei hadde mala alle vedkubbane sine i all verdas fargar! Eit artig påfunn, men vi konkluderte vel med at dei ikkje kunne ha så altfor mykje å ta seg til inn i denne dalen her ;-

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 


lørdag 6. oktober 2012

Kvifor, kvifor, kvifor...

...MÅ da regna KVAR dag??? Kunne vi ikkje fått i allefall EIN dag til med fint ver så det hadde vore mogeleg å koma seg litt ut i frisk (og ikkje våt) luft igjen?? Eg låg sånn og surmumla i senga og lurte på om eg i det heile tatt skulle bry meg med å reisa opp idag då eg brått fekk melding på mobilen frå Marit: "Avgang Skorpo kl. 11.00" Jaha? Då kan vel ikkje veret vera så ille likevel? Då var det berre til å komma seg opp på beina.

Og klokka 11.00 stod eg klar på kaien til Rune for å ta turen til:

Skorpefjellet!
 
Eg har faktisk aldri vore på toppen av Skorpo før, så dette såg eg fram til - der eg stod kledd i regnkler frå topp til tå! For om det var sol og opplett no så rekna eg ikkje med det ville vare gjennom heile turen.
 
Vi kom oss i allefall over til Skorpo tørre - og blei møtt av flotte haustfargar!
 
Men, vi hadde ikkje gått langt før vi fekk bruk for regnkleda og kameraet måtte pakkast vekk, godt gøymt for regnet. Over to tun og inn i granskauen bar det med oss. Vått og glatt var det på stien, men det stoppa ikkje oss. Og som ved eit trylleslag - då vi nærma oss toppen skein sola igjen.
 

Og så var vi oppe og såg ned på vatnet på Skorpefjellet. Eg har alltid innbilla meg at det låg eit stoooort vatn her, og så var det nesten berre ein liten dam ;-)
 
Utsikt mot indre luten..
 
..og litt til indre lut.
 
Nøgd med endeleg å setja foten på Skorpefjellet :-)
 
Og så den aller beste utsikta - Uskedalen sett i frå toppen av Skorpo!
 
"Home sweet home"
 
Vi fekk akkurat tid til å kikka litt på utsikta, ta nokon bileter, eta litt sjokolade og drikka litt før vi måtte hiva oss rundt og pakka sakene i sekkane igjen i det vi blei "overraska" av nok ei regnbyge og kald vind. Då var det berre til å luska seg ned frå fjellet igjen.
 
Litt vått i stien i dag, kan vi vel slå fast.
 
Desse tuene har pynta håret for hausten :-)
 
Til og med ormegras blir fint å sjå på om hausten.
 

Flott, men farleg.
 
Det var jo reint idyllisk då vi kom ned frå fjellet:
 
Ser det ikkje koseleg ut?
 
Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å ta bilete av denne kua og gjekk rett forbi. Men så kom eg til å snu meg etter å ha gått eit stykke og fekk sjå det fantastisk flotte epletreet ho sto under, og då måtte eg beint fram springa tilbake. Eg skjønar godt at ho kua står her og lurer på kva som skjer..
 
Fin utsikt mot Uskedalen her nedan ifrå òg.
 
Og som ikkje ikkje epletreet til kua var flott nok - har dåke sett eit flottare epletre enn dette her nokon gong? Rett og slett utruleg flott!
 
Mmmmmm...kven let seg ikkje frist av dette? Eg kan besa om at Egil ikkje klarte og dy seg og gjekk på epleslang... Og det til tross for at han vel kunne betala for seg - han hadde nemleg tjent seg ei heil krone på å vera grindagut for oss ;-)
 
Vakkert!
 
Ja, då kom eg meg jammen på Skorpefjellet i dag - for aller fyrste gong! Og det vi fekk sjå når sola var framme veg opp for alt vi ikkje såg når det regna og bles. Litt skuffa over stien, her kan ein godt hjelpa til med litt stegar og tau enkelte plassar då det er noko bratt og sleipt her og der. Litt fleire raude T'ar hadde gjort seg òg. Men, alt i alt ein veldig flott tur som kan anbefalast!
 

 
 






tirsdag 25. september 2012

Idag skal dåke få ein overdose...


...med solnedgang!

Etter å ha site inne i drittveret i fleire veker og tilbrakt helga på bytur var det i går på tide å komma seg ut i frisk luft og nyta den siste dagen med finver for denne gongen. Sendte avgårde ei melding til Ann Irene og på ein-to-tre så var vi på veg opp Ståle sin veg mot Storhaug.

Det er sjeldan eg får tatt bileter av Ann Irene framante på tur - for å få det til må eg juksa og starta turen før ho - noko eg sjølvsagt gjorde i går :-)
 
 
Allereie på veg opp skogsvegen ana vi at dette kunne bli ein flott tur og kveld.....
 
...og eg fekk verkeleg testa ut div. knappar og innstillingar på kameraet mitt.
 
 
Og vel oppe på Storhaug byrja naturfotografen A. Enæs å gå heilt i vinkel og bar seg av beundring & begeistring, skrudde på knappar, innstillingar, zoom og gudane veit kva. Eg klarte kanskje ikkje å fanga fargane akkurat slik eg såg dei i verkelegheita, men uansett så synes eg i allefall sjølv at eg klarte å få nokre flotte blinkskot på film:
 
Ok, Melderskin var kanskje ikkje det mest fargerike...
 
..., men dette må no vera eit skikkeleg haustbilete?
 
...eller kva med dette - utsikt i retning Mannsvatnet?
 
Ulvanåso tar seg fint ut omkransa av haustfargar forsterka av solnedgangen.
 
 
Ja, for det var jo ein overdose solnedgang eg lova i overskrifta - og her kjem den (solnedgangen, altså):
 

Elg Ann Irene i solnedgang :-)
 
Sola på veg ned..eh..ja..borti horisonten ein plass..
 
Dette biletet trudde eg ikkje blei noko anna enn ein oransje flekk, men etter å ha fått det over på PC'n syntes eg det blei riktig så flott.
 
Og dette trur eg blei gårsdagens favorittbilete.
 
Siste "dråpe" av solnedgangen i går.
 
 
Med ein slik solnedgang må eg seia at det blei ein mykje flottare kveldstur i går enn eg hadde sett føre meg på førehand. Og eg som ein liten augneblink vurderte å skippa turen til fordel for strikketøyet i går òg - det var jammen godt eg klarte å ta meg i saman og komma meg ut :-)