Viser innlegg med etiketten Aktivitetsdag 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aktivitetsdag 2012. Vis alle innlegg

søndag 10. juni 2012

Åååååå, mine kjære Damevenner...

... we did it again!! For ein superduper Aktivitetsdagen det blei (igjen) i går! Mogleg eg ikkje var heilt våken og høyrte heilt bra då Kvinnheringen ringte i dag tidleg - eller tidleg og tidleg - men eg er nesten sikker på at han sa det hadde vore 14 (!!!!????) arrangement denne helga! Og kor fantastisk er det ikkje då at vi klarte å trekka så mykje folk til båthavna i Uskedalen. Og som eg alltid har sagt: Vårherre er ein riktig Damvennen - veret var jo strålande for ein aktivitetsdag. Kun nokon få dråpar som drypla når siste båt i Hopp i Havet satt utfor - eg trur det var eit tegn for å seia at "eg passar på dåke" :-)

Men alt dette visste jo eg sjølvsagt på førehand...

...eg hadde jo lest det i spåkula mi for lenge sidan ;-)

Kvinnherad Trekkspelklubb opna som vanleg dagen  - kven andre skulle ha gjort det liksom?

Toget byrja å køyra nesten før dagen var i gong.

Damvennene og dei frivillige i full gang i kake- og sukkerspinn teltet.

Mi flotte lappekakesteikar arvtakar Siv Kristin.

Bente viste med vakker sang at det finnes mange talent i Uskedalen :-)

Flinke unge dansarar frå Uskedalen og Herøysund.

Og så - ein einsleg båt utpå havet...

..og då viste rushet mot sjøkanten at alle visste kven som kom :-)

Sjølv om Sjørøvarkaptein Sprød kom einsleg i ein PIRATtaxi klarte han ved hjelp av sjørøvarane Halefjert og Tungskalle + alle dei små sjørøvarane, å finna skatten i år òg. Bortimot 130 sjørøvarsertifikat blei utdelt, så det kryr av små sjørøvarspirer i Uskedalen og omeng :-)

Andaløpet i Uskedalselva er òg fast på programmet for dagen - her var det ein blid, unge herremann ved navn Karsten som vann fyrstepremien.

Schat Harding var på plass med båt for å ta store og små med på fjordrafting og det var det mange som benytta seg av.

Men, så:

Anette gjer seg klar for å Hoppa i Havet - dette har ho gleda seg til heile dagen ;-)

Berre nokre dagar før Aktivitetsdagen kom det meldingar om at det var for få påmeldte og at var fare for at konkurransen blei avlyst, men det skjedde sjølvsagt ikkje. 12 båtar var klar til dyst kl. 15.00 i går. Mest arbeid med båten sin hadde nok Eidsvik Skipsbyggeri hatt - dei stilt jo med eit heilt kunstverk!

Klara dukka opp akkurat når ho skulle - altså akkurat tidsnok til å føra skuta Dristige Dame Venner For Eigen Maskin Padle/Skip. Litt uti dei seine nattetimar blei Dristige byta ut med Deilige...

Mine favorittar i går - eg prøvde å stikka tunga diskret ut når champagne flomma...

Og medan publikum gjekk heim, Damevennene og dei frivillige pakka saman og sku heim og kvila litt før dei skulle samlast til festelegheiter og avslutningsfest seinar på kvelden  - stod Bondelaget framleis og venta på at kua skulle drita i ei rute med nr. på så dei kunne få avslutta kuskitbingoen..
Det skjedde visst til slutt - og her var det og ein ung, liten herremann som vant seg ein gassgrill :-
Som vanleg samla gjengen seg på Bøkkaren for fest og feiring utpå kvelden. Og som i fjor - det var ein vakker kveld/natt og ein kunne sitja ute på kaikanten til the bitter end.

Og snipp, snapp, snute så var dette eventyret ute!
A. Enæs takkar for mange flotte og artige år i Damevennene - no abdiserar eg og går over i dei frivilliges rekker :-)

fredag 1. juni 2012

Shiver me timbers!

Jammen nærmar det seg ikkje Aktivitetsdag i Uskedal Båthavn igjen! Programmet blir som fylgjer:


Nytt i år er Kuskit bingo i regi av Uskedal Bondelag:


Dette kan jo bli eit artig innslag som er over nesten før det er byrja - eller det kan dra ut i det uendelega :-) "Kuskitruter" kjem til å bli lagt ut for forhåndsal hos SPAR Uskedalen, og dei vil òg bli solgt på sjølve Aktivitetsdagen. Bondelaget reknar med at dei skal klara å laga til 100-150 ruter.

Reglane er ganske enkle:


Ellers så blir det litt musikk, litt dans, sal av grillmat, kaffi, kaker, sukkerspinn & is. Ein kan prøva lykken på ovanfornevnte kuskit bingo eller prøva lykkehjulet, lynlotteri eller andaløpet som går av stabelen kl.14.30. AND-delsbrev salet er allereie igang - trur du får dei på SPAR, Gro's Blomster og hos Byggeriet.

Sjølvsagt blir det anledning til å køyra togturar og brannbilturar i år òg. I tillegg kan ein få vera med Schat Harding på fjordrafting.

Dei minste kan få kosa seg i Leikeland, medan dei litt større og heilt store kan få prøva seg på Football shoot out.

Og så håpar vi sjølvsagt at Sjørøvarkaptein Sprød finn vegen til båthavna i år òg :-)

Til slutt rundar vi som vanleg av med "Hopp i Havet" konkurranse kl. 15.00!

Med andre ord: Laurdag 9.juni MÅ ein ta turen til Uskedal Båthavn!

Eg er klar - e' du?

Aye, Aye, blir det gulljakt i båthavna i år, mon tru?

onsdag 18. april 2012

Vi treng frivillige til Aktivitetsdagen!

Laurdag 9.jubi er det klart for årets Aktivitetsdag og Damvennene er i full gang med planleggjinga.
Vi du ha stand, salsbod, underhalda eller hjelpa til under arrangementet kan du melda deg til Damvennene no.

Mange frivillige har allereie meldt seg, men vi treng enda fleire til å hjelpa til med salg, parkering og diverse aktivitetar. (Og husk: Alle over 18 år som melder seg som frivillig blir invitert til å bli med på den store sjørøvarfesten om kvelden...)

Ein kan melda seg til:
Janne 95824652
Klara 92811485
Anita 99320878

Om vi plar ha det moro på Aktivitetsdagen? Sjølvsagt - berre sjå her: Aktivitetsdagen 2011

Om det plar komma mykje folk på Aktivitetsdagen? Kjempemange i fjor i allefall - berre sjå her: Utruleg, men sant..