Viser innlegg med etiketten Påskenøtter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påskenøtter. Vis alle innlegg

onsdag 4. april 2012

Anita's Påskenøtter...

God morgon! No har vi stått opp til nok ein strålande dag her på Voss som skal nytast før vi tar fatt på heimvegen.


Svaret på gårsdagens nøtt var:
B) Marita & Stian Sebastian
Svaret på gårsdagens tilleggsnøtt:
C) Gulp...ehmf...ja (eller nokos slikt)


Her kjem dagens Påskenøtt:
Kosar vi oss på tur?
A) Dette er ingen kosetur - det er beinhard jobbing!
B) Aldri meir tur til Voss!
C) Vi kunne ikkje hatt det betre!




Vi tar ei tilleggsnøtt i dag òg:

Kva er dette??
A) Ei Nålepute
B) Marita får akupunktur av sin personlege medbrakte akupunktør
C) Årets Påskekrim



Ha ein strålande dag i sola folkens!

tirsdag 3. april 2012

Anita's Påskenøtter...

Svaret på gårsdagens nøtt er sjølvsagt A) Det kan pikade sjå sånn ut.

No har vi vore ei natt på Bavallstunet på Voss. I går hadde vi ein fin dag med sol, men òg isande kald vind. No har vi stått opp til strålande sol og null vind.

Vi??? Her kjem dagens nøtt:

Kven har Anita reist på tur med?

A) Ingen, ho tiltalar seg sjølv alltid i fleirtal
B) Marita & Stian Sebastian
c) Kven som helst


I dag kjem det og ei tilleggs nøtt:

Har Anita reist på skiferie med bilen fylt til randen med alt mellom himmel og jord bortsett i frå skijakke -  og enda opp med å måtta gå på salg på Vossevangen og kjøpa seg ny fyrst av alt??

A) Nei, Anita er altfor velorganisert til det
B) Skijakke?
C) Gulp...hmf...ja



Ha ein strålande skidag folkens - no skal eg snart ut og brekka bein og nyta sola :-)

mandag 2. april 2012

Anita's Påskenøtter!

Då startar vi Anita's Påskenøtter:

Dagens nøtt: Skal Anita ut på tur?


A) Ja, det ser pikade slik ut
B) Nei, dette er kun ei vidareføring av Jan Thomas stilen
C) Anita er stort sett på tur???


Svar og ny nøtt kjem i morgon.