Viser innlegg med etiketten Jul 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul 2011. Vis alle innlegg

torsdag 19. januar 2012

Følgetongen om juletreet...

...fortset. Framleis står juletreet og glitrar så fint i bestastova. Eller glitrar og glitrar - eg har slått av lysa no, så det står eigentleg stusseleg i eit hjørna og får ikkje vist seg fram til nokon lenger.  Likevel  ser det framleis ikkje ut til at det har tenkt å gje slepp på barnålenen sine med det fyrste.


For ordensskyld - det har ikkje fått hverken vått eller tørt sidan vetlejulafta. Og nei, det er heller ikkje kunstig....

onsdag 11. januar 2012

Skal, skal ikkje, skal, skal ikkje...

juletreet hivast ut no? Reint bortsett frå at jula for lengst er over og den eine lyslenka har slutta å lysa så er det vel ingen grunn til å hiva treet ut enda?

Det står jo framleis lika fint i bestastova (der forøvrig ingen ser det) og har felt eit granbar enda! Trur dåke meg ikkje? Berre sjå her:


Trur eg må laga ein liten følgjetong på dette her: "Kor lang tid tar det før julatreet byrjar å dryssa og må hivast ut?" Kan det vera mogleg å få jula til å vare heilt til Påske??? Følg med, følg med....

søndag 1. januar 2012

I tre lange døgn gjekk vi å skulte vi på kvarandre -

kalkuna i kjøleskapet og eg! Eg veit ikkje om kalkuna lurte på kva ho skulle gjera med meg, men eg lurte i allefall på kva i all verda eg skulle gjera med ho. På onsdag hadde eg nemleg kjøpt kalkun - på impuls! Dette var noko eg aldri hadde laga før, men sidan vi skulle vera heime på nyttårsafta fekk eg det brått for meg at det var på tide å prøva. Så eg rydda plass i den vetle fryseboksen min og heiv 4,6 kg kalkun oppi. Så byrja eg å googla "kalkun". Tin i 2-3 døgn i kjøleskapet... Onsdag, torsdag, fredag, laurdag - skit og - ned å hanka eska opp av frysaren igjen og plassera i kjøleskapet istadenfor. Eg tenkte det var sikkert best å satsa på 3 døgn, sånn i tilfelle.Torsdagen kom og eg gjekk å pirka på kalkuna igjennom hola i eska og syntes ikkje det skjedde noko. "Kanskje ho ligg for godt isolert?" Av med eska. Eg var ikkje så bekymra for steiketida, for til og med eg veit at kalkunar er født med ein raud propp i "skinka" som sprett ut når ho er ferdig steikt. Meir googling - "Ikkje stol på proppen som kjem med kalkuna. Når den sprett ut er kalkuna som regel meir enn ferdig steikt". Det var då som pokk... - brått hadde eg invistert i steiketermometer òg..
Det store spørsmålet var korleis ho skulle tilberedast? Dei siste dagane har eg lese kalkunoppskrifter opp og ned i mente - det er jo ingen som er heilt einige. Bortsett frå at dei fleste, eller alle, er einige om at ein skal rekna ein halv time steiking per halv kilo kalkun, og at ho er ferdig når steiketermometeret viser 67 - 72 grader.
Eg valgte å gå for det enkle - poteter, grønnsaker, tyttebærsyltety og viltsaus + Vår Staudes's marshmellowssalat (har man budd over there, så har man budd over there).
Fredagen kom og eg gjekk framleis å pirka i ei frosen kalkun. Byrja å bli litt bekymra, men rekna med at det ordna seg til laurdagen. Så tenkte eg ikkje så mykje meir på kalkuna den dagen, men tok ein tur ut på Snikkeriet med jentene. Det blei jo ein riktig så festeleg kveld med mykje god musikk - alt i frå Tore Tang til salmer - og mykje løye. Men, det blei seint - nokon fekk for seg at dei skulle ha hummar og champagne til nattmat før vi reiste heim...
Laurdag morgon - pang! Bråvaknar tidleg - KALKUNA! Ålar meg ut av senga, ned trappa, opnar kjøleskapet og stikk fingaren djup inn i kalkuna. Eller ikkje så djupt foressten - her var det framleis ikkje heilt tint! "Søren klype - eg må jo få ho tint før ho skal i omnen!" Alle oppskrifter sa at kalkuna skulle ligga på kjøkkenbenken 2-3 timar før ho skulle i ovnen - mi blei no tatt ut av kjøleskapet kl. 10.00 og skulle ikkje i omnen før kl. 16.30... Så brukte eg store deler av dagen på å sirkla rundt dyret, putta ein finger borti no og då med håp om at ho skulle bli romtemperert. På alle videoar eg har sett dei siste dagane står kokkane og viftar med ei lett og ledig kalkun dei skal forbereda - mi såg slik ut:

Stiv som ein stokk....

Men, under over alle under - etter nokre timar på kjøkkenbenken byrja det å skje ting, og når det nærma seg steiketid, såg ho slik ut:

Sjå der ja, no byrja eg å bli litt optimistisk :-)

Men, det var jo ikkje berre til å hiva ho i omnen slik som dette - ho måtte jo smørast inn med eit eller anna? Her var det mange forslag, så eg bestemte meg for litt av alt. Smør, salt, peppar, kvitløk, sitron, persille og nellik. Så skulle ho i steikepose - eg skulle i allefall ikkje servera tørr kalkun! No var eg komen så ovenpå at kokkegenet eg manglar tok heilt over -  kalkuna blei dandert med både sitronskiver, appelsinskiver, eplebåtar - og sånn for sikkerheitsskyld heiv eg inni ein skvett med eplesidar òg. Til slutt planta eg steiketermometeret på sida av den raude proppen. Eg syntes ho såg flott ut:

Klar til steiking :-)

Då var kalkuna endeleg komt i omnen og eg kunne konsentrera meg om resten :-) Men, eg gjekk å passa på omnen heile tida...

Mmmm - looking good!

Kalkuna kom i omnen kl. 16.30. Etter mine beregningar skulle ho vera ferdig i 19.00-19.30 tida. Det skulle passa fint iom at eg hadde bedt mor, far og Marit på middag kl. 20.00. Allereie etter ein time viste steiketermometeret 80 grader og vel som det. Hæ??? Det kunne ikkje vera mogleg?? No hadde eg stukket det inn så langt eg kunne for at det skulle få plass i steikeposen - kunne eg ha stukket det tvers igjennom heile kalkuna?? Eg valgte å ignorera heile steiketermomentert - satsa på proppen istaden for likevel. Kl. 18.10 oppdaga eg at proppen var ute. WHAT??? Kva skjer??? Ho kan no ikkje vera ferdig steikt på ein og ein halv time??? No kjente eg svetten pipla og eg byrja å riva meg i håret. Kalkuna påstod ho var ferdig og det var enda to timar til gjestene skulle komma... Eg skrudde ned omnen, opna omnsdøra, lukka omnsdøra, opna omnsdøra, skrudde omnen litt oppatt, lukka omnsdøra, skrudde ned omnene igjen, opna omnsdøra - og slik dreiv eg på til klokka blei 19.00. Då tenkte eg at nok fekk vera nok - ut med fuglen - ho fekk stå tildekka på kjøkken benken til ho skulle serverast!

Her ligg ho og godgjer seg - håpa eg i allefall i det lengste..

Ellers så gjekk alt som smurt - fiks ferdig med alt til gjestene dukka opp kl. 20.00 presis .-)

Ei kokke og hennar kalkun! For ordensskyld - kalkuna fremst i langpanna...

 
Skjebnens time var komen - var ho ferdig steikt? Var ho oversteikt? Eg sette Marit på jobben med å skjera opp - eg hadde tukla nok med dette dyret!

Kalkuna var PERFECT! Ferdig steikt - fantes ikkje tørr! Eg kunne pusta letta ut. Gjestene åt og skraut av kokken :-) (Men, ikkje så glad i å bli forstyrra i maten, ser det ut som).

Heimelaga karamellpudding til dessert. Og etter eit slikt vellukka måltid....

...skulle det berre mangla at vi ikkje avslutta med ein liten...

Salutt!

 
Og med dette vil eg ynskje alle saman:

 
Eit riktig
GODT NYTT ÅR!

tirsdag 27. desember 2011

Let's ZUMBA!!!

Eg kan vel ikkje seia at årets julever har frista til så mykje meir uteaktivitetar enn å springa over vegen til mor og far for å snika til seg den eine julemiddagen etter den andre. Vi som hadde store planar om å starta skisesongen og kanskje til og med ein fjelltur slik at eg fekk prøva ut det nye stormkjøkenet mitt, har istadenfor halde oss inne heile jula.

Men likevel er dette den svettaste jula eg har opplevd nokon gong - og vi er enda berre komen til 3.juledag. Her i huset har det ikkje blitt spela ein einaste julesong sidan julafta - her går det no i Sør-Amerikanske rytmer frå morgon til kveld. Eg har nemleg oppdaga Playstaion Move og Zumba!! Eg er dog litt usikker på om Zumba har oppdaga meg, sjølv om eg får skrekkeleg mykje skryt i frå instruktøren: "You're doing great! Exactly right! Move those hips! Great moves". Men, eg tenkjer kanskje at det er noko ho seier til alle....

I går tenkte eg at det var på tide at jentene og fekk prøva seg på dette, og inviterte til Champagne og Zumba party!

Det blei rydda plass i storastova, fjernsynet rulla inn - og ungdomen måtte gjera klart til at 3 damer på 40 og 40+ skulle få svinga på hoftene sine.

Litt julesnop og champagne til oppvarming :-)

Så satte vi i gang med Zumbaen! Heilt synkroniserte i dansen, som dåke ser...

"Looking good!" Instuktøren på TV'n blir grøn for kvar bevegelse vi gjer i takt med ho...

....så det er om å gjera å konsentrera seg..

Ingenting å seia på innsatsen!

Og til slutt "shake it!"
Vi var veldig nøgd med vår eigen innsats og synes difor vi velfortjent kunne avslutta kvelden med:
Meir champagne, julesnop og...

filmen "Bridesmaids"

Mest imponerande av alt:

Julatreet stod framleis oppreist.

Men det er klart, dåke får jo ikkje følelsen med korleis Zumba utartar seg berre ved å sjå på bileter - vi har jo sjølvsagt dette på film òg :-) Dette er moglegvis fyrste og siste gangen eg legg ut ein advarsel om sterke scener på bobla! Her vises heftige hoftevrikk, sensuelle armbevegelsar og ein rytmesans ein aldri har sett makan (?!) til - og kanskje ikkje vil sjå makan til igjen heller....Eg vil anbefala at ein sit ned når ein ser dei neste to filmsnuttane - kanskje og at ein tar seg ein tur på toalettet fyrst...


Her må eg vel orsaka med at både filmfotografen og dansarane er under ein smule påverknad av boblevatn...

Ok, denne gjekk litt seint - la oss sjå på ein med litt meir futt i:

Lett, ledig og sensuel - legg spesielt merke til kor godt synkronisert arm- og beinbevegelsane er. Slett ikkje vanskeleg å sjå at dette er ein forhenverande aerobicinstruktør for jenter 10-13 år.. (her kan eg slett ikkje skulda på champagnen for dette var morgenøkta mi i dag tidleg)

Ja, ja, sånn går no jula sin gang her på Eik :-) Uff, eg innser jo at å legga dette ut på nett er som å skyta seg sjølv i foten - eg kjem jo aldri nokon sinne til å bli bedt opp til dans igjen....


lørdag 24. desember 2011

Julefreden har senka seg...

...i Eikevegen. Huset er rydda - i allefall delvis. Julepresangane er pakke, men ikkje heilt utlevert.

Juletreet er pynta...

Julegløggen inntatt...

Så då gjenstår det berre å ynskje alle:

Ei riktig
God Jul!

 Og det gjere eg med den aller finaste julesangen som finnes:

søndag 4. desember 2011

Er det nokon som ikkje vakna...

av "The big bang" laurdags morgon? Eg vakna i allefall av det høgaste 17.mai salutten er nokon gong har høyrt kl. 05.15. Trakk dyna godt over hovudet og tenkte "eg gidd ikkje stå opp å trekka ut alle kontaktane". Registrerte at det gneistra godt i sikringskapet - "ok - eg gidd likavel!" Så var det rundt i frå loft og til kjellar å trekka ut det som kunne trekkast ut. Så eit par timar til med søvn før eg bråvakna igjen - eg hadde nesten gløymt at eg skulle til frisøren kl. 10.00. Så snart juleklyppen var på plass bar det avgårde til min (og alle andre sin) "favorittplass" på laurdagane: Husnes Storsenter! Fekk handla det vi skulle - vintarsko til guten, og sanneleg fekk vi raska med oss nokre julepresangar òg. For ikkje å gløyma ferske smultringar frå Yngve's - mmmm...julestemning :-) Men, så skynda vi oss heim igjen - tar turen igjen ein ettermiddag når det er litt rolegare, tenkjer eg. Så blei det inne-kose-dag resten av laurdagen.

Men, idag har eg jakta på julestemninga for fullt. Heiv meg i sandkakebakinga nesten før eg hadde reist opp. Jada, vi likar best julekaker som kan kombinerast med kremfløyte her i huset :-) Og for dei som er redd for at dei ikkje skal få baka til jul pga at smørmangel - melange går framleis heilt fint an å bruka i sandkaker :-) Når det gjeld sandkaker så er det jo ikkje noko problem med å få dei oppi sandkakeformene, men å få dei utav igjen kan vera ein sann prøvelse. Difor har eg i dag laga ein demostrasjonsvideo, eller opplæringsvideo om dåke vil, på den perfekte måten å få sandkaker utav formene:

1. Rist på formene å sjekk om sandkakene kjem ut av formene av seg sjølve. Det gjere dei jo sjølvsagt ikkje....
2. Finn eit fint lite kjøkkenreidskap...
3.....og gje formene ein forsiktig liten kakk i botnen....
4....og vips så dett sandkakene utav formene :-)

Etter denne demostransjonen finn dåke det vel kanskje vanskeleg å tru på dette: Ikkje ei sandkake blei knust her i huset i dag!! Ei fin samling sandkaker blei det:


Vel ferdig med baksten var eg framleis i julemodus, så då satte eg i gang med julepakkeinnpakking:


Eg byrja seint i år, men no synes eg at eg er komen godt i gang :-) Og heilt til slutt i dag:

Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.

fredag 2. desember 2011

Er det mogleg....

....kan det henda at Vårherre er Uskedøling?? Glad i oss må han no vera, det er sikkert og visst! Etter at det har regna og blåse non stop i fleire veker, er det jo nesten for godt til å vera sant at vi skulle få så flott vêr som vi fekk i kveld når den årlege julemarknaden gjekk av stabelen. Eg trudde jo nesten ikkje mine eigne augo når eg såg ut vindauga på jobben i dag tidleg og såg at snøen lava ned. Tiddelibom - humøret steig fleire hakk :-) Mi oppgåve på julemarknaden i år, som alle andre år, var å vera Lappekakeguri i teltet. Eg kjem storst sett heseblesande med lappekakerøra mi rett før det heile brakar laus, men det plar ikkje vera så farleg, for dei andre flinke Damevennene har alt under kontrol. Så, presis kl. 17.00 (trur eg - eg kikka igrunnen ikkje på klokka):


Blei lysa på Grana tente, medan Musikklaget spela både vel og lenge. Jepp, då blei det julestemning i Uskedalen. Det såg ut som om folk kosa seg i år òg. I teltet gjekk lappane unna, og når det byrja å bli tomt for folk, var det òg slutt på lappekakerøra.  Juleneka gjekk unna dei òg :-) Ein annan som sjølvsagt var på plass var:

Børsdalsnissen! Alltid lika poplær blandt dei minste - eg tenkjer han hadde med seg noko godt i sekken sin i år òg.
Og så, etter ein god time og litt til var det på tide å pakka saman sakene sine igjen. Teltet blei pakka ned akkurat i tide - ein halv time seinare så hadde det vel blåse ned av seg sjølv. For i det vi avslutta julemarknaden byrja vinden å ta seg kraftig opp att.

No sit eg her i sofaen med pizza, cola, Se og Hør og Idol medan vinden uler rundt hushjørna,og er supernøgd med årets julemarknad:-)

Vel blåst alle saman!

søndag 27. november 2011

1. advent 2011 -

..og stjerna er komt på plass :-)

Men, som dåke ser har det vore ein rufsete dag. Eg kan faktisk ikkje huska at det har blåse så fælt ute før?

Surfebølger inn mot båthavna i dag :-) Det bles slik at eg hadde problem med å halda kamera roleg - som dåke ser greidde eg ikkje det...

Bles godt innover Børnes.

Ei stund speida eg etter Halsnøy og håpte på at ho skulle komma rekande innover fjorden på ei fjøl i dag - hadde gjort seg med litt kortare arbeidsveg :-)


Regnet gav seg jo forholdsvis tidleg i dag, og då tenkte eg at eg kanskje skulle gå meg ein runde rundt dalen - litt vind skulle no ikkje stoppa meg. Skulle berre i kjellaren og henta nokre kle utav vaskemaskina og henga opp fyrst. Opnar kjellerdøra og blir nesten slått tilbake av full orkan opp kjellartrappa - kjellardøra var blåst opp på vidt gap. Frista ikkje så mykje å gå rundt dalen likevel..


Nei, då var det betre  kosa seg inne. Og sidan eg sprakk så til dei grader med julepyntinga i går var det vel ikkje noko vits i å halda igjen på noko lenger:

Denne fine Klaraengelen får ein vel seia at er hengt (opp) både på den eine og andre måten ;-)


Eg er ikkje så veldig på julekjeks og kaker, men det høyrer no jula til og det var vel like greit å hiva seg i det. Svisj, svusj og så var krumkakerøra klar. I år slapp eg å lura på om eg skulle ha i potetmjøl eller ikkje, om det skulle vera vatn i eller ikkje etc. Eg fann nemleg den perfekte oppskrifta på krumkaker i fjor! Og her kjem den:
Krumkaker:
4 egg
Sukker
Smør
Mjøl
8 ss kaldt vatn

Vei opp egga med skalet på. Vei så opp samme mengde med dei andre ingrediensane (kvar). Smelt smør og avkjøl. Visp egg og sukket til eggedosis. Ha i mel, smør og vatn. Eg heiv oppi ei skei med kardemomme òg :-)

Putta krumkakejernet i stikkontakten - og der gjekk den sikringen...Og sikringar var det eg gløymte å kjøpa på laurdag... Lurte ei stund på om eg måtte springa over vegen med røra under armen, men fann ut at det var lettast å byta sikring - så fekk det heller vera mørkt i gangen og lys på kjøkenet :-) Så då blei det krumkaker:

Dei finaste blei putta i boks og gøymt vekk til ein bursdag som kjem om ikkje så altfor lenge. (Og nei, dei er ikkje svidd, men krumkakejernet steiker litt ujevnt forann og bak - sikkert klart for utskifting, tenkjer eg.)

Dei andre putta vi krem i og kosa oss med i dag :-)

Og så når det byrja å bli mørkt ute:
Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.

lørdag 26. november 2011

Skal, skal ikkje, skal, skal ikkje...

...pynta  til jul 26.november??? Eg er veldig julete, men synes ikkje det er jul før vi har bikka desember. No har det klødd i fingrane etter å ta fram julepynten i lengre tid, men vi er jo enda ikkje i desember..Likevel, det er jo fyrste advent i måro - og då er det vel lov å pynta litt?? Så i dag inngjekk eg eit kompromiss med meg sjølv - eg skulle få lov til å pynta kjøkenet :-) Slik gjekk det til at dette:


Blei til dette:

Hmmm...gule gardiner med blomster og marihøner - dei MÅ vekk i år! Og så må eg visst ein tur å leita etter litt pynt til lysa i adventstaken, ser eg. Vindauga er faktisk nyvaska - trur dåke ikkje eg fann nokre eggflekkar?? Og hvis nokon lurer på kvifor eg har vaska egg av vindauga, så får dåke kanskje ei forklaring her: Sprengt høne

Denne rotehaugen her:

Eit lite supermarked i seg sjølv - her finn ein det meste: Rosete hammar m/innebygd skrujern, bøker, blokkfløyte (fint brukt), mobilladarar i alle variantar, pengar og ikkje minst blomster. Har dåke sett noko så flott? Prydplante trur eg den det kjem innunder. Det er det eg alltid har sagt: Eg skulle vore gartnar!

Blei til dette:

Og dei som trur dei veit kor alt rotet er blitt plassert, har sikkert rett... ;-)

Men, hallo - pynta berre kjøkenet? For ein tåpeleg idè. Skulle eg liksom ta fram all julepynten, rota etter det eg skulle ha på kjøkenet, for så å pakka ned igjen og rydda vekk resten??? Kven er det som får til det? Så før eg visste ordet av det:


Var det full jul i stova :-) Dvs. det var ein ting som mangla:

Men, samma kor mykje eg masa - vedkommande nekta plent å ta på seg nissehua for å passa betre inn i julestova....


Så slik gjekk det til at huset blei pynta til jul 26.november i år. Eg synes framleis det er altfor tidleg, best å ikkje seia det til nokon.... :-)