Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

søndag 15. september 2013

Ein Noregsmeister i gjengen...

.... er det ikkje alle som har - men det har vi!

Kanskje ikkje i å springa raskast, hoppa høgast eller kasta lengst, men i å laga Noregs beste fiskepudding! Og det seier seg jo sjølv at når til og med eg, som ikkje et sjømat, har Brødrene Hjønnevåg sin fiskepudding til middag titt og ofte, så må den jo vera god :-)

På fredag var Marit i Oslo og fekk tildelt den velfortjente gullmedaljen av fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen på vegne av bedrifta. Ikkje berre fekk ho gullmedaljen for Noregs beste fiskepudding, ho henta heim sølv medalje for gourmet fiskeburgeren sin og :-) Dette har sjølvsagt ikkje gått upåakta hen i våre div. lokal aviser, og du kan lesa meir her: uskedalen.no og her kvinnheringen.no

Vi kunne jo heller ikkje la dette gå upåakta hen og var ganskje klare på at dette måtte feirast. Strengt tatt var det vel vi som skulle ha stelt i stand festelegheitane, men vi overlot det til Noregsmeisteren sjølv..
Noregsmeister i Fiskepudding 2013 :-) Det ligg eit par-tre sprudlevatnkorkar og flyt utanfor Uskedal brygge i dag ;-)
 
Som tilbehør hadde vi sjølvsagt Noregs beste kanape. (Her må eg vedgå at eg veit det manglar ein strek over e'en - og at det ofte gjere det i mine innlegg - det er simpelthen fordi den ikkje virkar på tastaturet mitt ;-()
 
Vi hadde ein kjekk og hyggleg kveld med mat og drikke, og eg trur alle var nøgd med feiringa. Det ser i allefall slik ut her:
 
Ei heilt vanleg feiring av ein Noregsmeister :-)
 
Og når ein ser Frk. Dobbelthake til høgre på biletet over gjer det ei glidande overgang til neste tema. No når hausten har satt inn, veret blir meir ustabilt og kveldande kortare, har eg byrja på inne haustaktivitetane. Eg har blant anna starta både på step- og kettlebelltrening! Og etter tre (3) treningar skjøna eg fort at mine kontorarmar ikkje er så muskuløse å snakka om at det gjere noko. Før så måtte ein i allefall lyfta ein blyant og to på jobb - no er det jo berre trykking på PC....Så med store ambisjonar om å få gjort noko med det, gjekk eg på fredag på butikken å kjøpte meg...
 
...gulp...dette... No ler du kansje høgt? Berre 4 kg??? Eg prøvde faktisk å lyfta ein 6 kg kettlebell i frå hylla, gav i frå meg eit lite klynk og satte den fint ned igjen dei to cm eg hadde klart å flytta ho... Og med tanke på kor langt det er i frå butikken og ut til bilen fann eg det best å start i det små. Eg synes eg ser meg sjølv slepande på ein pose etter meg gjennom gangane på senteret... Men, kanskje når eg har fått trent meg litt opp...
 
Men eg kan jo ikkje slenga rundt på denne kula og dra i strikk heile tida, så på laurdag var eg ein tur til Rosendal og Porselensbua og handla inn litt strikkegarn..
 
... blei ein liten pose til slutt, men eg anar ikkje heilt kva eg skal strikka av det enda. (No høyrte eg eit sukk og #%&##¤¤ i frå dei som plar få julegåver av meg...)
 
Men heilt slutt på uteaktivitetane er det jo sjølvsagt ikkje. Denne helga har det ikkje blitt noko tur, men neste laurdag skal vi jo ha jomfruturen til Låganåso med Vårt Turlag :-) Det trur og håpar eg blir artig, må nok planlegga turen litt denne veka. Har du ikkje høyrt om Vårt Turlag eller blitt medlem enda? Gje meg ein lyd på Facebook så skal eg leggja deg til som medlem på Facebooksida vår :-) I dette turlaget treng ein absolutt ikkje vera i noko spesielt god form, ein må berre lika å gå tur i lag med andre :-)
 
Og slik går no desse dagane i bobleverden :-)

 

tirsdag 1. januar 2013

Eit riktig godt Nytt År til...

...alle boblevener det ute! No blir det spanande å sjå om 13 er eit lykketal eller ikkje...Eg får vel eit lite svar allereie i morgon tidleg - då må eg luska meg bort på Auto 88 med eksosanlegget til bilen under armen for å høyra om det framleis er brukande til noko, eller om det må invisterast i nytt??

Nyttårsafta i år blei feira roleg heime i eiga stova med taco, strikketøy og mumifilmar på TV. (Ikkje mumitrollet, altså). Ein heilt grei måte å få inn i det nye året på :-) Eg gløymte til og med å ta meg den pittekyrandesvetle mojito'en eg hadde tenkt eg skulle unna meg medan rakettane smalt. Vi måtte forøvrig over vegen til naboane for å iaktta nyttårsrakettane for der har vi full utsikt mot bygda:

Ei stund trudde eg bygdafolket hadde avtala seg i mellom om at ein og ein rakett skulle skytas opp for det tok ei lita stund før det byrja å smella både her og der...
 
 
Så var det dette med nyttårsforsetter - kva skal ein finna på i år? Det er jo heilt umogleg å røyka mindre for min del, så då må det evt. bli meir av det. Ikkje trur eg at det er noko grunn til å seia at eg skal drikka mindre heller, eller meir for den saks skuld, så eg trur ikkje vi endrar noko særleg på det. Trim og trening? Hmm..ja, her kan ein vel ta seg sjølv litt i nakken. 2012 har vel vore eit år med forfall - i allefall siste halve året kor eg rett og slett har stort sett sete dønn i ro på ræva. Eg tenkte faktisk på å byrja eit nytt og betre liv allereie i november og betalte inn eit beløp til Aktivitetshuset for å kunna benytta meg av styrkerommet. Eg veit framleis ikkje korleis det rommet ser ut - så snakk om støttemedlem... Men ikkje berre min feil altså - trimkompiso (hokjøn av trimkompis ?!?) svikta litt og derav stoppa det opp for min del òg..
 
 
Ellers så har eg vel vore igjennom dei syv fete år no, så då er det vel på tide med syv magre - og då er det vel berre til å hoppa i det med eingong:
 
I dag var det slutt på pinnakjøtt, komla, kalkun, Waldorfsalat, riskrem, kromkaker m/krem etc.etc. - det var rett og slett tilbake til den harde kvardag...
 
 
Til slutt i dag vil eg og statsministeren (da traff så fint at vi avslutta nyttårstalen vår samtidig) ynskjer dåke alle saman det aller beste i det nya året som kjem!
 
 
 
Hmm...lurer på om det ikkje passar med litt karamellpudding no....
 

 

tirsdag 27. november 2012

Skulle bare ein kjapp tur på butikken...

...å panta flasker og kjøpa middag i dag, men då eg kom ut og skulle til å setja meg i bilen - O' du store runde...

Heiv meg rundt og spurta inn att etter kameraet, spurta ut igjen, heiv meg i bilen og køyrte til Børnes - her måtte ingen tid gå til spille for plutseleg kunne det heile vera over.

Kva lurer du kanskje på? Dette sjølvsagt:

Månen over Melderskin
 
Løye kor fint da kan bli når berre drittveret gjer seg - og i kveld blei det ganske så vakkert :-) Og då må dåke jo skjøna at naturfotografen A.Enæs gjekk litt amok nede på Børnes...
 
 
 
 
 
Rett og slett ei magisk stund på Børnes :-) Og no litt ergerleg fordi eg jo framleis ikkje har studert korleis eg skal bruka kameraet i skumring og mørke skikkeleg.... Men no kjem det jo mange mørke kveldar frametter kor eg kan øva meg :-)
 
 
 
 
 
 
 
 

lørdag 17. november 2012

Kan det ha vore eit snev av turabstinens...

.... som gjorde at eg gjekk hen og kjøpte meg ny Berganskjole på impuls i dag???

Inne-tur-kler? God og varm er den i allefall :-)
 
Men, inne-tur-kler krev jo òg...
 
Inne-tur-niste :-) Ser kanskje ut som om eg allereia har snusa på nista her, men det har eg altså ikkje..
 
Så, då skulle i allefall eg snart vera godt kledd og klar for ein skikkeleg inne-tur-utflukt :-) Ha ein fin laurdagskveld folkens!
 

 



søndag 11. november 2012

Far, nu kommer jeg med...

....skatten!
 
No er jo eg fars skatt så strengt tatt treng eg vel ikkje komma på besøk med presang, men det er jo farsdag i dag, så då så :-)
 
Det var ikke store presangen eg hadde med meg i dag...

...men eg reknar med det kan ta litt tid å finna utav :-) Det kan jo vera greit å få ein anna utfordring av og til enn å identifisera nøtteskriker og sidensvansar på fuglebrettet :-)
 

Eg må innrømma at eg ikkje hadde sett så veldig nøye på denne iqtesten før eg kjøpte den, men det visar seg jo at det er meir enn ein utfordring med denne. Ikkje berre er utfordringen å pusla denne saken i saman - det er visst like utfordrande og finna ut korleis ein skal få den i frå ein annan fyrst. Eg hadde heller ikkje lagt merke til at desse kom i forskjellige vanskelegheitsgrader - denne låg i kategori 4. Dvs. "Incredible" - men såpass må det no vel vera:-) Besøket har gått og reist heim for denne gang og eg er sikker på at han far nett no sit og klør seg i hovudet og puslar trebitar ;-)

Ellers så lufta eg meg ein runde rundt dalen i dag og kunne konstatera at fantasien i bygda på årets farsdag ikkje var like stor som på årets morsdag :-)

søndag 4. november 2012

Eit bilete seier meir enn...

...tusen ord!


Og alle strikkarar der ute veit nøyaktig kva eg føler no &=%&#"&@...

lørdag 20. oktober 2012

Våren 2011 fekk vi eit stort..

...fritidsproblem i heimen! Etter å ha køyrt til Husnes 3 kveldar i veka i åravis vart det brått slutt på det. Det var funnet feil i taket på symjehallen og den blei stengt prompte! Symjeklubben, som så sårt hadde trengt ein opptur etter å ha vore råka av både sjukdom og framleis var prega av at ein av ildsjelene gjekk bort så altfor tidleg, gjekk ned for telling. Brått fekk vi mykje meir fritid - og kva skulle vi finna på no??

Tja, eg fekk jo faktisk tid til å laga meg mat etter jobb - det var det jo ikkje alltid tid til før.  Eg har sete mang ein gong på symjekanten og døyvt svolten med cola og pringles chips ;-) Det blei mange gåturar rundt dalen - det plar gå hardt utover Damevennene iom at det er den friske lufta rundt dalen som gjer at eg får slike "fantastiske" idear som eg prøver og overtala dei andre damene til å synast er like "fantastiske"...Eg fekk god tid til å planleggja konfirmasjonen til guten og sist men ikkje minst - eg fekk ein idè om at måtte pøva meg på dette nymotens fenomenet kalla "blogging" :-) Og vi ser jo korleis det har gått..

Det vart sagt at symjehallen skulle fiksast og opnast igjen høsten 2011 - opp med handa alle som verkeleg trudde på det? Så fekk vi høyra januar 2012 - opp med handa alle som trudde på det? Eg trur ikkje eg skal komma inn på kva eg meiner om den tida det har tatt å fiksa dette taket, men irritasjonen har vore stor. Eg rekna med at etter som tida gjekk og guten vaks til så var vår tid i symjehallen forbi uansett kortid den opna.

Forrige mandag, 15.oktober, var det endeleg tid for nyopning - halvtanna år, og vel så det, etter at det vart stengt! Etter å ha hatt ein liten diskusjon på det, kom guten fram til at ikkje hadde lyst til å byrja på an igjen med like mykje trening som tidlegare, men kunne tenka seg å trena kanskje ein til to gonger i veka. Etter at hallen i går hadde vore open i 5 kveldar, hadde vi vore der i 3 av dei....

Så då kan det sjå ut som om vi er i gang igjen med køyring til og frå symjehallen titt og ofte. Til tross for både mopedopplæring og traktorkøyretimar - guten fyller ikkje 16 før i desember, så mor må framleis trø til med køyring ei stund frametter..

Ahhh - klorlukt ;-) Ikkje berre er taket fiksa - det er komen nye lampar i taket og det er blitt så lyst og fint atte :-)
 
Eg må vel finna fram badedrakta ein og anna gong eg òg, men ellers så var dette "mitt andre hjem" i fleire år. No ser det ut som om eg må til å tilbringa meir tid her - med cola, pringles, Se og Hør og strikketøyet mitt :-)
 
Og apropo strikketøy - eg har jo skrytt på meg ein voldsam strikkeaktivitet i høst. Ja, skulle ein gå etter alt skrytet så skulle ein jo no tru at eg vassa i huer, vottar, sokkar, sjal, høner og gudane veit kva...
 
Men her er heile produksjonen - to (2!!!) par sokkar!
 
Vel, vel, kanskje får nokon mjuke pakkar til jul i år, kanskje leverar eg dei bort i Martabu - eller kanskje eg rett og slett tar dei sjølv :-) Og eg har visst ikkje tenkt å gje meg enda - tredje par er snart på pinnar..
 
Men nu skal eg sjå om eg fåe hengt opp den nye hylla eg kjøpte meg i går - det kan gå hardt utover lommeboka når ein bommar ein time på symjetreningstidene ;-) 
 

lørdag 13. oktober 2012

Hausten har kledd seg i sine...

...finaste fargar, og i dei siste dagane har det faktisk vore mogleg å gå ut og ta dei i augnesyn :-) Ikkje at eg har vore så altfor ivrig på det - hardt angripen av strikkedilla som eg framleis er...

Men, i dag slo eg ihel heile 5-10 min. i naboen sin hage og fann dette:

 
 
 
Vakkert, eller hur?
 
 
I forrige veke gav eg meg forresten på tap - sidan det nekta å slutta å regna gjekk eg like så greit ut på regndråpejakt:
 
 
 
 
 

Og eit like sikkert hausttegn som at naturen tar på seg sine finaste fargar er det at A. Enæs kler seg i sin finaste stas - så no skal eg snart ta på discodrakta igjen og dansa meg gjennom kvelden/natta ;-)
 
 
Night fever, night fever.
We know how to do it...La-la-la
 
Ha ein flott laurdagskveld folkens!


 
 

søndag 30. september 2012

Merkeleg kor raskt ting endrar seg,

i grunnen!

I den eine augneblinken innbillar ein seg at ein er ballets' dronning og "queen of the night", og så eit halvt døger seinare står ein framfor spegelen og må innsjå at:" Jepp, det er nok eg som er Ringaren i Notre Dame og no er eg altfor seint ute med å ringa i kyrkjeklokkene!".

Sånn starta i allefall dagen min i dag ;-) Og begge delar trur eg at eg vil skylda på ein aldri så liten overdose Mojito i går kveld/natt... Eg har nemleg oppdaga at dei no sel Mojito i pappkartong på Polet :-) Og på Systrene Nilsen...Ja, no hadde dei den vel strengt tatt ikkje i kartong på Systrene Nilsen, men Mojito hadde dei okkesom. Men, då eg stod opp i dag tenkte eg vel at eg kunne ha begrensa inntaket litt.... Men, aldri så gale at det ikkje er godt for noko - eg reknar med at eg i løpet av kvelden/natta fekk i meg så store dosar med mynte at eg no har frisk pust til vi passerar jul..

Anyway, sånne dagar er det veldig greit å veta at det er SØNDAG og det er INGENTING som må gjerast! Ein kan rett og slett bruka dagen på eigenpleie :-)

Så i dag blei det servert:

Skikkeleg cowboyfrukost! Det hjelper faktisk på det meste. Etter dette inntaket var eg ei lita stund klar for å senda ei melding til jentene og spørja om dei var klare for tur, men før eg fekk fram mobilen så opna jo sjølvsagt himmelens sluser seg igjen...
 
Så kva skulle ein finna på då?
 
Jo, kanskje det kunne vera godt med ei ansiktsmaske i dag? Anti-stress - sikkert flott! Eg blei litt i tvil då eg opna pakken og fann ei blå/grønn gusjegreie som lukta som ei blanding av zalo og minttannkrem, men det heiter jo at ein skal lide for skjønnheten..
 
Ei lita stund tenkte eg at eg aldri skulle vaska vekk denne maska - eg vart jo så blank, glatt og oppstrama som eg aldri hadde vore før. Men, så gjekk det jo berre ei lita stund så såg det ut som om eg bokstaveleg tala haldt på å gå ut av mitt gode skinn..
 
Men, eigenpleie gjeld jo ikkje berre utsida - ein må huksa på innsida òg:
 
Og det passar ei eplekake perfekt til! Ja, eg er visst blitt litt hekta på eplekake for tida - denne gongen baka med heilt lovleg kjøpte epler frå Spar :-)
 
Så skulle eg krypa opp i sofaen og det einaste eg skulle tilbringa resten av dagen med var å strikka ferdig ein sokk. Og akkurat i det eg tenkte desse tankane heiv eg eit blikk ut vindauga og innsåg at parkeringsplassen var tom for bil... Så då var det ikkje anna å gjera enn å hiva på seg regnkler og luska seg bort i bygda for å henta heim bilen igjen. Så då fekk eg jammen litt mosjon òg :-)
 
 
Men, no, no skal eg ikkje gjera noko meir i dag enn å strikka ferdig sokken. Søndagar er flotte greier - kan vi ikkje innføra ein midt i veka òg??
 
 


 


fredag 21. september 2012

Då må eg vel innsjå at sommaren...

....kanskje ikkje kjem i år - HELLER!

For då det endeleg slutta å regna, gjekk vi rett over til dette:

Melderskin 21.september 2012 - Brrr...
 
Då tenkjer eg at det kanskje er lika greit at eg har forsømt bobla den siste tida til fordel for dette:
 
Strikketøy! Sist laurdag var eg nemleg så lei av regn og vind at eg tok meg ein tur til Porselensbua og handla meg litt nytt garn. Eg har kanskje ikkje lika stort garnlager som Jane i Vrangmaska, men som dåke ser så tar eg kraftig innpå ;-)
 
Og etter ei veka med strikking ser verket mitt slik ut:
 
Nesten 1 ferdig sokk..
 
Ein skulle kanskje tru at ein skulle klart å få til litt meir på ei veka - kor vanskeleg er det å strikka ein sokk, liksom?? Men, når ein skal fylgja med på all slags TV-seriar samtidleg som ein skal strikka mønster (det er mønster på baksida og altså) endar det ofte slik:
 
Eg må vera ganske rusten i strikkefaget for eg kan ikkje huska at eg har måtta rekka opp så mykje og så mange ganger som på denne sokken! Skal eg fortsetja slik får eg ikkje nye sokker før til neste vinter...
 
Ja, ja, og slik går no desse dagane. Men i måro, i måro skal det bli andre bollar - for då skal eg rota meg utav sofaen og strikketøyet og reisa på ein etterlengta jentetur til by'n :-)
 
Yohoo - god helg folkens!




søndag 16. september 2012

Kva gjere ein hvis ein går tur rundt dalen...

...og nesten alt ein klarar å tenka på er at "no har eg gysla lyst på eplekaka!" vel vitande om at ein ikkje har så mykje som ein epleskrott i skapet heima?? Prøver å tenkja på noko anna sjølvsagt, men trur dåke det er så lett når det fyrste ein ser når ein entrar dalen er ei svær kaka på veggen til Elin og det siste ein ser når ein forlet dalen er den samme svære kaka på veggen til Elin...

Då er det berre ein ting å gjera:

Gå på god, gamaldags epleslang ;-)
 
Så nøgd med lommene full av tjuvgods...
 

 
Og vips - mmmmm... deilig eplekake og is :-)
 
 
Eg kan kanskje leggja til at eg slett ikkje er den fyrste som har gått på slang i desse trea. Broder Rune og fetter Svein f.eks var i sine yngre dagar på epleslang i akkurat dei same epletrea. Dog etter å ha vore innom Bessen og spurt: "Bess, kan vi få gå på epleslang i hagen din?" ;-)
 
 
 

tirsdag 11. september 2012

Hvis dåke synes det har vore...

...litt stille i bobleverden i det siste, så har dåke heilt rett!

Det ser ut som om høsten og den nye sofaen har ført til ei aldri så lita skrivesperre. Møtevirksomhet, firmafest, ein liten kikk på Vestlandsfanden og mopedkjøp - ingenting har inspirert til nytt bobleinnlegg. Nei, i stadenfor har eg laga meg eit bol i den eine enden av den nye sofaen der eg kryp oppi og gjere på absolutt ingenting - ja, bortsett frå å sjå på TV..

Og foreløpig ser det ut til at det er her eg skal bli framover - i bolet mitt altså - for dette her fristar i allefall ikkje til å lokka meg ut:

E' da mulig???
 
Lurer litt på om eg skulle ha bevega meg litt? Ut på kjøkenet for å sjå om eg har litt sjokolade eg kan kosa meg med i bolet, kanskje?? ;-)
 


torsdag 30. august 2012

Aaaahhh - ingenting er som å slanga seg på...

...sofaen etter ei gymstic trening - og i dag på NY SOFA!!

Hurra! Hurra! Etter å ha tenkt på det vel og lenge - vi snakkar faktisk om år - har vi endeleg fått fingeren ut og kjøpt oss ny sofa! Ikkje kun fordi vi har hatt lyst på, men av rein nødvendighet - den gamle har for lengst byrja å smuldra opp under baken på oss...

Så på laurdag var vi ein tur og besøkte Bohus på Stord og:


Sim...
 
 
...Sala...
 

...Bim!

 
Ein smule forandring må eg seia - til det betre. Ja, det synes no i allefall eg sjølv:-) No manglar berre eit nytt teppe på golvet og litt kosepledd i sofaen. Ja - for dåke trur no vel ikkje nokon får sitja RETT på/i den fine, nye sofaen min???!!!


søndag 19. august 2012

Får skynda meg å skriva eit nytt innlegg...

.... så ikkje lenger min smekre bakende er det fyrste som dukkar opp hvis ein klikkar seg inn på bobla ;-)

Tenkte eg skulle koma med eit presangtips. Å kjøpa presang til nokon som er under 10 år og ikkje leikar med barbie, perler, bilar eller lego er jo frykteleg vanskeleg. Eg tråla den eine butikken etter den andre for å finna ein fin presang til gårsdagens brudepar, men eg fann liksom ingenting som skreik ut "kjøp meg, kjøp meg!" Så tenkte eg at eit gavekort er jo like så kjekt å få, men så kom eg på ein presang eg hadde sett på eit anna bryllaupsgavebord: Pengetre! Eller pengeoppsatts/blom er kanskje ein rettare beskrivelse - masse eføyblad putta inn i ein oasis og så var det pynta så fint med sammenrulla og bretta pengesedlar og tiarar og tjuekroningar m/gulltråd. Kanskje eg kunne finna på noko slikt? Som tenkt, så gjort. No skal det seiast at den som hadde laga pengeblomen eg fekk ideèn ifrå nok har atskilleg meir grøne fingrar enn eg har for den såg litt meir "proff" ut enn mitt pengetre blei sjåande ut...

Men, eg kjøpte ei plante og så var det berre til å bruka fantasien:

Sommarfuglane hadde i utgangspunktet ein lang metalltråd slik at ein kunne stikka dei ned i blomepotta som pynt. Det hadde eg i grunnen tenkt å bruka dei til, men eg enda opp med å fjerna metalltråden og lima sjølve sommarfuglen på to sedlar som var bretta som vifter slik at han fekk litt større vinger :-)

Til å byrja med laga eg nokre pengelenker ved å tre femmarar og kronestykke inn på ein sølvtråd til å henga på pengetreet, men så likte eg ikkje heilt det, så då blei det til at eg limte pengestykker rett på blada i stadenfor - og så pynta eg dei med litt blomar og metallsommerfuglar.


Eg gløymte å ta bilete før eg pakka pengetreet inn i celofan..

Og innpakka i celofan og pynta med knallgrønt band blei pengetreet tilslutt sjåande slik ut:

Kven har sagt at pengar ikkje veks på tre?


lørdag 18. august 2012

Hjelp - eg har blitt slukt av eit...

....MONSTER!!!

No skal eg pynta meg for å gå i bryllaup igjen. I mitt lille hode skal eg då berre svipp - svupp åla meg inn i ein snedden liten kjole og så er eg klar. Men, dei siste åra har det ikkje vore så enkelt - det krev mykje meir arbeid! Og eg finn inga anna orsak til dette enn at eg, utan at eg har merka nokon ting, må ha blitt slukt av eit gigantisk monster!

For korleis ellers kan det ha seg at truseskuffeinnhaldet mitt dei siste åra har endra seg frå dette:

Til dette?????:


Som dåke ser så er det ikkje noko lite monster eg er blitt slukt av, likevel virkar det som om det stadig er i vekst...

KORTID SKJEDDE EIGENTLEG DETTE???? OG KORLEIS KUNNE DET SKJE UTAN AT EG HAR MERKA NOKON TING????

Men, det er i allefall ein ting eg og monsteret  har til felles:

Samme skostørrelse....

Eg trur eg tar meg ein sykkeltur.....



lørdag 4. august 2012

Nytt Taxiløyve på Eik!

I anledning Festidalen, mykje folk og dårleg med Taxiløyver i Uskedalen har vi no gleda av og informera om at det er kome eit nytt Taxiløyve på Eik!!


Eit lite minus er at løyve foreløpig kun gjeld mellom adressene Eikevegen 12 & 15, men om trykket skulle bli stort ser vi ikkje vekk i frå at tilbudet kan bli utvida.. ;-)

PS! Beklagar litt uskarp og ustødig filming - det er fyrste gongen eg prøver videofunksjonen på kameraet mitt. Eg måtte faktisk springa inn og lesa i bruksanvisinigen kor knappen for filming var...

torsdag 26. juli 2012

Men i svarte fa..då -

e' da mulig?? Etter to flotte dagar med konsert på mandag og heimreise i frå by'n på tirsdag, landa eg med eit brak i går!

Rakk ein liten handletur til Husnes før eg kjente det byrja å murra i ei tann. Så murra det litt til før det slutta å murra og gjekk over til skikkeleg tannverk! Ein håpar jo i det lengste att det skal gå over av seg sjølv, og av og til gjere det jo heldigvis det, men ikkje denne gangen. Tannlegekontoret var jo sjølvsagt stengt for lenge sidan, så eg prøvde og kurera meg sjølv med Ibux (eg vil anta i ein stor overdose i forhold til anbefalt dose), tannpirkarar, tanntråd, masering av tann med tannkrem etc. etc. Men ikkje ville tannverken gje seg! Eg såg fram til ei lang natt der eg vandra rundt og haldt meg på hovudet, men eg fekk heldigvis sova nokolunde greit. I allefall heilt til sånn ca. kl 0800 då eg fekk melding frå Ann Irene om eg var klar for Ulvanåso - det var eg ikkje!

Tannverken var ikkje så ille når eg vakna i dag, eller kanskje eg berre prøvde å innbilla meg det iom at eg visste eg måtte ta runden og ringa rundt og finna ein tannlege som ikkje var på ferie. At min fast tannlege er på ferie visste eg nesten - dette er slett ikkje fyrste gangen eg har måtta besøka tannlegen medan eg har ferie....

Heldigvis for meg så hadde tannlegesenteret vis à vis Statoil på Husnes ope, og der kunne eg få koma med eingong :-) Forøvrig verdt eit besøk berre å gå inn på venteværelset der kor dei har hengt opp nokre kjempeflotte bileter i frå baroniet i Rosendal. Eg var nett ferdig med å beundra desse då neste par kom inn og byrja å kommentera dei :-)

Det viste seg jo snart at eg hadde to valg - trekkja ut djevelskapet eller rotfylla! Eg valgte rotfylling - trekk ein ei tann må ein jo nødvendigvis inn med ei ny - og eg er ikkje SÅ glad i å gå til tannlegen. Tre doser med bedøving (tanna var ikkje så dau som tannlegen trudde) og så var det berre til å gapa det eg var god for.

Etter ein time hos tannlegen og eg var ferdig med fyrste steg i operasjon rotfylling. No må eg venta i 3 veker til før vi kan ta fatt på andre og evt. siste steg - mogleg det blir eit tredje..

Med munnen full av bomull og tannlegeting fekk eg ikkje signalisert til tannlegeassistenten at ho måtte ta bilete av seansen, men på nøye beskrivelse og instruksar frå meg har han far klart å gjenskapa situasjonen ned til minste detalj:

Jepp, akkurat slik var det...

Då bedøvinga gav seg var eg ei lita stund redd for at vi hadde gjort feil tann til syndebukk for eg syntes tannverken sneik seg tilbake, men ein skal vel kjenna litt når ein er blitt herja slik med. No er eg i allefall heilt pigg igjen. Kryssar fingrane for at det held seg slik...

tirsdag 24. juli 2012

Bruce Springsteen IS THE BOSS!!!

Endeleg var dagen vi har venta på sidan november i fjor komen og Stian kunne inkassera bursdagspresangen sin :-) For aller fyrste gong skulle vi somla oss avgårde på konsert på Koengen i Bergen - eller nokon anna plass for den saks skuld. Og då hadde vi sjølvsagt ikkje valgt oss kva konsert som helst - nei, vi valgte sjølvsagt konserten med sjølvaste The Boss! (Og nei, ikkje Asgeir - han har vi vokse i frå...)

Vi pakka med oss Sandra og lånte hytta i Fyllingsdalen for overnatting. Vermeldingane var grusomme, men det var både opplett og varmt då vi gjekk ut døra for å ta bussen til by'n, så regnklede  og sitje underlag (sitjeunderlag??? Vi blei nok stua litt for godt til at dei kunne tas i bruk ;-)) blei pakka i sekken. Og så kom regnet sjølvsagt akkurat i det vi gjekk ut døra...

Det byrja å bli folksamt bortover Bryggen - og i det vi nådde SAS hotellet byrja køen. Men, det gjekk fort og effektivt framover.

Alt gjekk i grunne overraskande fort med tanke på at 22 000 mennesker skulle samlast på same plass. Kl. 18.40 var vi inne og på plass.

På plass og klare for Bruce! Jada, Sandra og eg hadde grabba til oss Egons regncaper på vegen ;-)

Ingen av oss hadde noko behov for å pressa oss så langt fram i flokken som mogleg så vi fann oss ein plass litt til venstre på plattingen - akkurat der den gjekk litt opp slik at vi fekk nokonlunde oversikt over scenen. Og sjølv om det ikkje vara så lenge - det er mange høge folk, altfor mange høge folk, som går på konsert - så var vi nøgd med plassen vår - storskjermane hadde vi i allefall god oversikt over :-)


Vi var ikkje akkurat aleina på konserten...

Så, rundt kl. 20.00 braka det laus:

The Boss is in the house! Og så var mange andre denne kvelden.

Her var det bånn gass frå fyrste strofe! Og for ein lyd! Og for ein energi den mannen har! Her var det att og fram på scenen, ned blant publikum og den eine sangen overlappa den andre! Eg må innrømma at eg ikkje har fulgt så mykje med på musikken han har laga dei siste 20 åra, så for meg var nok høgdepunkta dei gode, gamle sviskene :-)
Eg fekk etterkvart godt utsyn mot scena, men det var likevel litt langt fram så storskjermane blei nok det eg fylgte mest med på. Etterkvart gløymte eg at det var storskjermar - eg trudde beint fram Bruce Springsteen var så stor..

Fyrverkeriet av eit show varte og rakk. Eg er ikkje vane med å stå oppned slik i timarsvis og byrja å kjenna det i både bein og korsrygg. Sekken på ryggen, som ikkje vog nokon ting i utgangspunktet, byrja å bli nokså tung. Når vi passerte 2 timar ut i konserten lurte eg på korleis eg skulle halda meg oppreist resten av kvelden - måtte eg ta ein tur på toalettet kun for å sitja ned ein augneblink?? Og medan eg stod og tenkte slike tankar byrja Bruce å jogga rundt på scenen og skyggeboksa - heilt upåverka av å ha hoppa rundt i to timar allereie... Dåke må ikkje la dåke lura av det som stod i enkelte aviser i dag om at nokon syntes han såg sliten og trøyt ut - han såg ABSOLUTT IKKJE sliten og trøyt ut!! Eg derimot...


Ein nøgd gjeng på Bruce Springsteen konsert! Det slutta forresten og regna straks etter Bruce gjekk på scenen og byrja ikkje å regna igjen før siste sang :-) Perfekt konsertver - hadde det vore 20+ og sol hadde eg nok gått rett i bakken.

Med slike storskjermar gjere det ingenting å stå litt bak :-)

Og i det eg stod og vakla var det akkurat som om Bruce skjøna det for den siste timen drog han skikkeleg til med den eine gamle, sviska etter den andre - vi sang med, vi klappa, vi veiva med armane og vi gløymte heilt ut av vi var trøyt i beina og hadde vondt i ryggen! Og hadde han ikkje slutta når han gjorde så hadde vi sikkert klart å stå ein time til :-)

I tre timar haldt Bruce det gåande utan stans! At denne mannen er 62 år er nesten ikkje til å tru. Innimellom tok han seg tid til å ropa "Hallaien! Ka det går i?", snappa plakatar med sangynskjer i frå publikum (og spela dei), tulla med dei som stod i vindauga som "gratispasasjerar" i blokka rett ved sida av, gje mikrofonen til ein liten gut som sikkert fekk sin livs opplevelse (litt rørande faktisk), det hadde nok den noko eldre jenta som fekk sitja på fange og syngja med han òg +  dama som blei dratt opp for å dansa på scenen - og ikkje minst foreldra til den vesle jenta som fekk lov til å vri svampen med vatn over Bruce medan han låg tilsynelatande utslitt på scenen! Jenta sjølv er nok enda for liten til å skjøna kva ho var med på, men ho såg ut til å kosa seg med oppdraget :-)

Yes! Dette var ein opplevelse! Og sjølv om eg ikkje er så veldig glad i å stå som sild i tønna i store folkemengder, tenkjer eg at no er det berre til å fylgja med på kven som kjem til Bergen for å halda konsertar - dette gav meirsmak!

Nøgde som vi var etter konserten reiste vi heim til Fyllingsdalen og feira opplevelsen med jorbær og fløyte :-)



Det er forresten Sandra som har tatt alle bilteta - min mobiltelefon når nok ikkje opp her...