Viser innlegg med etiketten Bakegalskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bakegalskap. Vis alle innlegg

mandag 10. juni 2013

Eg er nok blitt litt rusten i bakefaget,...

...som om eg nokon gong har vore noko anna i dette faget, men ein kan jo ikkje feira bryllaup utan ei skikkeleg bryllaupskaka - og i allefall ikkje eit kongleg eit.

Så då hadde eg ikkje noko val på laurdag, eg måtte berre setja i gong og baka. Eg må vedgå at sjølve bakeprosessen intresserar meg ikkje så mykje - det seier seg vel sjølv når eg til og med finn det å baka ein sukkerbunn utfordrande.... Nei,  i motsetnad til Pascal, som er mest opptatt av smaken, så er eg mest opptatt av pynten :-)

Men, skal ein pynta ei kaka, så må ein jo ha ei kaka å pynta, så her kjem oppskrifta på
Maddes bröllopstårta:

Ein baker 1 stk. sukkerbrød (eg bruker oppskrifta på sukkerposen). At botn heng fast i bakeforma treng ein ikkje seia til nokon - det er ingen som skal sjå kaka oppned uansett...
 
 
Eg delte sukkerbrødet i 3 deler. For å spara tid og ikkje bruka altfor mykje tid på fyll og slikt (kakefyll altså), tydde eg til ferdig jordbær mousse (pulver som berre skal piskast med melk) frå Dr. Oetker på på lag 1 & 2. På lag 2 drog eg til med eit lag jorbær og, sidan eg no hadde kjøpt det inn.
 
Til slutt legg ein på lag 3. Sidan kaka skulle vera kvit, valgte eg no å dekka heile kaka med eit lag med kremfløyte blanda med ein halv boks Mascarponeost. Ingen sukker - tru meg, kaka blir meir enn søt nok uansett.
 
Og så var eg komen så langt at moroa kunne byrja. Eg får litt spørsmål om korleis eg får marsipanen så kvit? Det løyser eg ganske enkelt med ikkje å bruka marsipan i det heile tatt :-) Eg er nemleg blitt mykje meir glad i sukkerpasta/fondant. Dette finnes det mange oppskrifter på, men den absolutt enklaste og raskaste oppskrifta eg har funnet på denne er:
 
Marshmallowfondant:
 
200gr marshmallow
2ss vatn
2ss Flott matfett
ca. 300gr melis
 
Sett marshmallow og vatn i mikroovnen på full styrke til marshmallowen smelter og esar seg opp. Rør inn matfett og melis litt etter litt. Voila så har du laga:
 

Marshmellowfondant! Denne kan brukas til å dekka kaka og laga all mogleg dekorasjon.
 
 
No var eg kome så langt at eg hadde fått kjevla ut fondanten og dekka kaka med den. Hvis ein kjevlar det ut så det dekker kaka med god margin så slepp ein den bretten som ein ofte slit med på eine sida av kaka hvis ein har kjevla ut slik at det akkurat dekker kaka. Litt kronglete fortalt, men dei som har pynta ei kake med marsipan/fondant skjønar nok kva eg meiner :-) Som dåke ser så har eg laga rutemønster i fondanten - og som dåke ser så har eg nok vore litt unøyaktig. Ingen fare, dette fiksar ein på etterkvart som pynten kjem på:-)




Og pynta var eg klar til å byrja på no:

Og sidan det var svensk bryllaup, måtte ein jo pynta i svenske fargar ;-) Putlearbeid - kvar einaste perler er limt på med "matlim". Ein kan sjølvsagt og bruka :
 
Royal icing:
1 eggehvite
1/4ts sitronsaft
ca.3,5dl melis
 
Eh, ja, roser er nok heller ikkje mi sterke side, men, men... Det finnes sikkert mange youtube videoar på korleis ein skal laga desse, men det har eg ikkje tolmod til å sjekka ut. Dei fekk bli som dei blei. Dei er forøvrig laga av marshmallowfondanten dei og, som eg har farga med pastafarger. Eg har kjøpt desse på nett, f.eks på Cacas eller Kakeboksen. Vanlege konditorfargar duger ikkje heilt til dette. Eg var fyrst veldig lite nøgd med blåfargen på rosene, men så viste det seg jo at fargen passa perfekt til perlene :-) Litt "glimmer" prøvde eg å ha på dei og - det må jo glitra litt i bryllaup:-) 
 
No gjenstod det berre å sprøyta ein gul kant med royal icing rundt kaka (ja, han var litt for blaut denne gangen) og så hadde eg fått ferdig:
 
Maddes bröllopstårta :-)
 
Ja, var ikkje denne kaka god nok for Sverige's prinsesse, så veit ikkje eg. Det var ingen som datt av stolen av begeistring av smaken, men eg syntes ikkje ho blei så verst på smak, eg :-) Gjestene forsynte seg i allefall fleire gonger :-)
 
 
 
 



søndag 22. juli 2012

Eg har forsømt meg litt...

... eg lova jo nesten ein liten bryllaupsreportasje - og så har tida berre flydd i frå meg! Men, eg må jo få visa fram litt av lillebrors store dag :-)

Brudgommen m/ foreldre og flotte brudepikedøtre før vielsen.

Alle gjestene var pynta frå topp til tå og såg strålande flotte ut, men denne vetle karen var kveldens stiligaste :-)

Eg vil anta at det er mange brudgommar som er noko nervøse før bruden kjem inn i kyrkja - ikkje alle visar det like godt på som denne...


...eller kanskje var han mest nervøs for kva bruden ville synast om brudebilen han hadde ordna med? Det var ikkje noko å vera nervøs for - den blei strålande godt mottatt :-)

Og tru no ikkje at gjestene køyrte mindre standsmessig ;-)

Og etterkvart blei det både brudevals og...

...oppskjæring av brudekaka :-)

Og når vi er inne på kaker, mitt lille bidrag til den store dagen var å laga cupcakes - og då fekk eg jo leika meg litt på kjøkenet etter gammalt :-)



Pynten måtte jo vera eit bryllaup verdig, så då laga eg min eigen lille dueproduksjon av sukkerpasta...

...og så ein litt "frekkare" produksjon av Amor m/si pil ;-)

Og snipp, snapp, snute, så var den store dagen ute og brudeparet kan leve "happily ever after" :-)






tirsdag 21. februar 2012

I dag har eg fått ny pakke...

...i frå Cacas, og det er alltid like kjekt:

...stensiler og fargepennar:-) Ser nesten ut som om eg har kjøpt meg nye teiknesaker, og på sett og vis har eg jo det, men desse skal brukast til å teikna på kaker og ikkje på ark :-)

I tillegg til stensilar og fargepennar var det ein stor pose mandelmel i pakken. Det hadde eg tenkt å bruka til å lagra makronar av. Det stod ikkje på planen å hiva seg rundt å byrja med dette i dag, men det var jo så vanskeleg å berre setja det vekk - og vips så stod eg å rørte i ei panna med den eine handa og med miksaren i den andre...Stensilane og fargepennane hadde eg planar om å bruka på makronane:

Men, eg bomma nok litt på størrelsen der, gitt...


Då er det ikkje anna å gjera enn å teikna på frihånd :-) Stensilane skal eg nok alltids få brukt for ein anna gong - det finnes jo både cupcakes og andre kaker...

Mmmmmakroner - desse trur eg eg naila, som det heiter. Eller det kan eg vel kanskje ikkje uttala meg om, all den tid eg aldri har hverken steikt eller smakt makronar før. Men, eg velger og tru at dei er perfekte ;-) Oppskrifta har eg som vanleg funnet her: Passionforbaking

No skal makronane få kvila seg i boksen sin. Etterkvart skal dei få fyll og bli satt saman to og to - og så bli servert ein dag om ikkje så alt for lenge :-)

Ellers så har eg lært noko anna nytt i dag - kjøkenvekta mi kan måla desiliter! Mulig alle kjøkenvekter kan det, men det var nytt for meg. Om vekta er ny sidan eg ikkje har oppdaga dette tidlegare? Trur eg har hatt ho i bortimot 10 år... Om det er mange knappar å trykka på sidan eg ikkje har oppdaga dette tidlegare? Det er 2 knappar - on/off inkludert...

lørdag 11. februar 2012

Det er morsdag i morgon...

....og då er det vel meininga ein skal baka kake? Det hadde i allefall eg planar om i dag, men kake er det ikkje blitt. Eg har baka noko heilt anna - Brownie Cookies with Peanut Butter Frosting! Og dei blei faktisk, til ein forandring, ganske vellukka :-) Oppskrifta fann eg på Passion for baking, og den kjem her:

Brownie Cookies with Peanut Butter Frosting:

350 g mørk sjokolade i bitar
40 g smør
2 egg
150 g sukker
1 ts. vanilla Extract
35 g kveitemjøl
1/4 ts. bakepulver

Så gjør man slik: 
Smelt 200g sjokolade og 40g smør i vannbad. Sett til side.


Visp egg, sukker og vanlilla extract til eggedosis. Vendt forsiktig inn mjøl, bakepulver, smelta sjokolade og resten av sjokoladebitane.

La røra stå å kvila i 10 min (då blir ho mykje fastare) før du legg ca. 1 ss per kjeks på ei bakepapirkledd plate. Pass på å ha litt avstand mellom kjeksa. Steik på 180 grader i 8-10 min.



Ferdigsteikt og lekre.. Men vi gjer oss ikkje der: Medan kjeksa kvilar i 20-30 min. lagar ein:


Peanut Frosting:

160g melis
280g peanøttsmør
80g smør
1 ts. vanilla extract
80ml kremfløyte

Visp saman alle ingrediensane bortsett frå kremfløyte. Når alt er godt vispa saman har du i kremfløyten (den skal vera flytande - ikkje krem)

Så smører ein eit lag med denne DEILIGE kremen på ein kjeks - og legg ein kjeks oppå der igjen.

Og vips:

DELICIOUS BROWNIES COOKIES WITH  PEANUT FROSTING!


Dette var snop for Mons - no spørs da om vi klarar å spara dei til i morgon....



mandag 16. januar 2012

Mmmmmm.....

...av og til må ein berre laga seg noko godt :-) I går hadde vi skikkeleg innedag - låste ikkje opp ytterdøra før han far kom på inspeksjon i 19.30-tida. Og ja, blei litt overraska sjølv når eg oppdaga at det faktisk går an å tilbringa ein heil dag i stova - og på kjøkenet. På fredag hadde eg nemleg lest eit blogginnlegg på VG med oppskrift på heimelaga marshmallows - og slike søte ting må jo prøvast...

No fann eg jo sjølvsagt ikkje igjen det blogginnlegget når eg skulle trø til på kjøkenet, men på dinmat.no fann eg denne oppskrifta:

Marshmallows

1 dl vatn
2 1/2 ss gelantinpulver
4 dl sukker
2 1/2 dl lys sirup
2 ts vaniljesukker
1 dl vatn

Så gjør man så her:

Miks saman 1 dl vatn og gelantinpulveret  

Kok opp resten av ingrediensane. La det koka i ca. 10 min. medan du rører heile tida.

Hell sukkerblandinga - kun ei tynn stråle til kasserollen er tom - i gelantinblandingen medan du miksar på lav hastighet. Når du har fått heile sukkerblandinga oppi, set du miksaren på fullt. Miks til blandinga har fått ca. 3-dobbelt volum. Og som dåke ser - eg har hatt oppi litt farge :-)


Smør ei passeleg form med matolje og hell blandinga (dette var noko ekstremt klissete greier) oppi. La den stå nokre timar i romtemperatur - evt. over natta.

Når blandinga har stått lenge nok klippar du den opp i bitar (litt lurt å smørja saksa med olje òg), vend bitane i melis.... 
.....og vips så har du ei heil skål med godis som du ikkje heilt veit kva du skal gjera med  - tru meg, du klarar i allefall ikkje tøma skåla aleine, for dette var søte saker :-)

Men, nokre bitar kan du iallefall ha i eit krus med kakao og krem :-) Mmmmmm...

Ja, ja, blei ikkje så aller verst dette. Mine Marshmallows kunne nok kanskje vore litt meir luftige, men dette var det min gamle handmiksar klarte å få til :-) 



onsdag 7. september 2011

Giddalaus....

...må vera eit ganske så passande ord på meg no om dagen. Høst, regn, mørke kveldar og sjølv om eg synes det er koseleg med telys og fyr i omnen så tar det ei stund å venna seg til denne årstida igjen. Det blir mykje sofa og TV, og lite anna. Med andre ord så skjer det ikkje så mykje i bobleverden fortida. Men, innimellom så glimtar eg litt til - som på mandag då eg måtte bretta opp armane baka litt igjen iom at tanteungen hadde bestilt cupcakes til 8-års dagen sin :-)

 Slike skulle ho ha! Ho hadde lånt tante si store kakebok og sett seg ut desse. Ho var no snill var ho - desse såg jo ikkje så avanserte ut....


 Tada! Prikk..eh....like som dei ho ville ha... Vel, det var dette med å vera giddalaus då... Eg tenkte som så: "Eg gidd ikkje smelta sjokolade å ha i kremen - rett-i-koppen-kakaopulver må vel halda." Funka fint det på smaken, men kremen blei jo ikkje akkurat mørk..Ellers så måtte eg jo prøva dei nye fargane mine rosa, lilla og blå, så då blei det nokre fargerike blomar :-) Og sjå her - bursdagsbarnet var strålande nøgd! Eg fekk til og med beskjed om at dei var enda finare enn ho hadde trudd dei skulle bli :-)


 To flotte tanteungar :-)


Minstemann blei litt trøytt av heile bursdagen og tok ein pause i bamsefanget :-)

Ellers så hadde eg i grunnen tenkt å byrja på step på mandag, men vart så glad då eg såg at starten var utsatt til 19.september - då slapp eg dikta opp ei eller anna unnskyldning for at eg ikkje gadd gå på mandag likevel... I morgon har eg planar om å ta kontorarmane mine med meg å byrja på gymstick, det spørs om eg gidd...


Lurer forresten på om eg skal gidda å nemna at Tvangsgutane grisebanka dei andre quizlaga og knuste lag nr. 2  med heile 14 poeng på To Søstre i går??





lørdag 27. august 2011

Eg har følt eit aldri så lite forventningspress..

...i det siste. For ei stund sidan kom han far på sin vante kveldsinspeksjon.
 "Har du eit slikt muffins stativ?".
"Nei".
"Kvifor ikkje?"
"Fordi eg trur dei kostar 3-400 kr. så då har eg sagt til meg sjølv at det har eg ikkje brukt for".
"No er dei på tilbud hos Jernia".
 "Javel".
"Kan eg få spandera eit slikt stativ på deg? Vil du ha eit slikt?"
"Ok, hvis du insisterar.."

Så nokre dagar seinare:
"Dei hadde ikkje fleire slike stativ igjen på Jernia - men, vi har bestilt inn til deg."
"Ok".

Og i forgårs når eg kom heim frå jobb stod dette og venta på meg:

 Eit flott cupcakestativ! Dette hadde altså han far sett i ein tilbudsavis i frå Jernia og bestemt seg for at eit slikt stativ SKULLE dottera ha!

Det var igrunnen ganske fint slik det stod på kjøpmannsdisken - utan cupcakes, men eg har altså kjent eit visst forventingspress desse dagane sidan det kom i hus. Så i dag måtte det jo innviast med Creme brulée cupcakes! Dei vart ganske gode, faktisk :-) Oppskrift finn du her: Passion 4 baking. Og, på ein-to-tre (timar), så såg cupcakestativet slik ut:


 Creme brulèe cupckaes m/deilig krem!

Heldigvis var det ein solglytt då eg var ferdig, så då var det berre til å ta stativet med seg og springa over vegen.. Hva gjør man ikke for sin far - ser han nøgd ut, eller??

Hvis dåke synes det ser ut som om pynten berre er hivt på i ein fei, så har dåke forsåvidt heilt rett i det. Hadde ikkje tid til å legga så mykje arbeid i det i dag - skal jo snart gjera med klar til vorspiel og ein kveld på låven med Festlandsfanden, må veta!!

mandag 8. august 2011

Det er ikkje så kjekt i bobleverda...

...for tida. Forrige helg skulle starta med ein tur til Etnemarknaden på fredagen, gutungen skulle på telttur i helga og mor slå seg laus (kanskje). Men, slik blei det ikkje :-(  Allereie torsdagskveld klaga gutungen på vondt i hovudet - utan at vi la så mykje i det. Det hadde vore ein varm dag og han hadde vore både bonde og plenklyppar. Fredag følte han seg betre og vi tok ut til Etne for å sjå kva marknaden hadde å by på + kikka på eit tømmeshow dei skulle ha. Vi klarte faktisk å finna noko som fanga interessa ganske raskt:

 Traktorutstilling...

 
Hmmmm... :-)


Det var mykje å sjå på på marknaden. Blei spesielt imponert over utstillarane som solgte eigen produserte produkt - utruleg mykje fint. Men, det viste seg snart at guten ikkje var heilt i form denne dagen likavel. Etter ei lita matøkt, skulle vi byrja på runde to, kanskje handla litt, men vi kom ikkje langt før guten slo fast at no ville han heim. Så då var det bare å setja seg i bilen å køyra mot ferja igjen - tømmarshowet fekk berre vera. Han hadde fått nokre utslett som såg litt "mystiske" ut og eg byrja å ana at noko var på gang. I stadenfor å setja han av på Sandvoll for helgas telttur, tok vi han med oss heim att for "observasjon" - i allefall til neste dag. Og neste dag var det egentleg ikkje noko tvil - vi hadde omsider fått VANNKOPPAR i hus! Og eg som har sendt han avgårde på besøk både hist og pist kor einkvan har hatt vannkoppar i alle år utan resultat - ikkje så mykje som ein prikk har han kome heim med. Og så no, ut av det blå, og midt i ferien min måtte det slå til! Og det er ikke få koppar som har komt på besøk heller...Nokon klør, nokon svir og nokon sveller - dei siste dagane har gått i ei salig blanding av påsmøring av Hvit vask Sinkliniment og pyrisept.. Dåke får ta meg på ordet når det gjeld dette - det er fortida nedlagt fotoforbud her :-)

Men, i dag fekk eg ei lita avveksling når jentene kom på besøk for å baka cupcakes med tante :-)

 Sjokolade cupcakes - det er viktig å få med alt i bollen :-)


 Jentene syntes at sukkerpasta var kjekt å "leika" med - det synes tante òg :-)


 Djup konsentrert når pynten skal skjærast ut..


 Farga krem og perler var òg populært.


 Det var flittige konditorar eg hadde på besøk i dag.


 Sandrine visar stolt fram sine ferdigpynta cupcakes :-)


Og her er Ariana med sine :-)


Så fekk dei pakka ned kakene sine i kvar sine boksar og kunne stolt ta dei med ned og visa til Besten :-)