torsdag 30. juni 2011

Arrgh....

...finnes det noko meir irriterande enn dataproblem?? No har eg hatt nokre dagar eg ikkje har kome på nett, det er sjølvsagt ikkje livsviktig, men likevel utruleg irriterande! Mest irriterande fordi eg ikkje anar kva som er feil eller korleis det skal fiksast - og uansett kva eg trykker på så funkar det like dårleg. Nettet datt ut mandagskveld, og i går kraup eg til korset og kontakta den lokale breibandsleverandøren min med ei oppsumering av dei siste dagane:

"Hei!

No har A. Enæs klussa det til igjen...

Kan dåke sjekka om eg dette breibandsgreiene mine funkar i frå dåkas side? Sat mandagskvelden og trykka på alt og alle tastar som finnes på PC'n for å komma inn på nettet - etter eit par timar med frustrasjon kom det mld. på mobil i frå dåke om at nettet hadde vore ustabilt, men no sku alt vera i orden... Men, eg kom/kjem framleis ikkje inn på nettet.

Eg har dratt ut alt som finnes av ledningar og prøvt dei i alt som finnes at hol til å putta dei i - utan resultat. No står ledningane i LAN 1 både i fiberboksen dåkas på veggen og i ruteren - utan at eg er sikker på om dei høyrer heima der. Før eg restarta ruteren hadde eg eit sikkert trådlaust nettverk som heitte StianAnita. Når eg prøvde å komma inn på dette stoppa alt opp ved "hentar nettverksadresse". Etter at eg i rein forbannelse putta ein penn inn i "restart" holet på ruteren kjem ikkje lenger mitt sikra trådlause nettverk opp på lista over nettverk eg kan logga meg inn på... No ser det ut som om det er erstatta med eit usikkert nettverk som heiter "dlink". Dette får eg riktignok logga meg inn på, men eg kjem framleis ikkje inn på nettet.. Eg har óg prøvd å legga til nettverket på nytt, men det får eg jo sjølvsagt heller ikkje til for då er det mas om ein ethernetkobling - og når eg prøver å putta den ledingen i ruter og pc så får eg beskjed om at det er feil... I forbannelsen har eg sikkert gjort og trykt på mykje anna eg ikkje skulle ha gjort óg, men no er dette blitt som ein Rubics kube - eg har overhovudet ikkje peiling på kva eg har gjort eller korleis eg skal komma tilbake til utgangspunktet.

Sånn til slutt kan eg vel legga til at eg klaga til .... litt tidlegare på at dette nye fibergreiene eg har fått slett ikkje er noko raskare enn den gamle ADSLgreiene eg hadde - tvert i mot får eg, som i reklamen, beskjed av sonen i huset at "mamma, du har kjøp ræva internett". Fekk då spørsmål frå ... om eg hadde Dlink ruter, noko eg ikkje hadde noko aning om. No kan eg i allefall svara på det: Ja, eg har Dlink ruter. Gutungen har forøvrig rett - det gjekk raskare på nettet før. Han har forøvrig løyst sitt problem med å lasta ned Google Chrome - eg anar jo sjølvsagt ikkje kva det er heller...
No er eg litt usikker på om dette er ei klage, sukk eller rop om hjelp, men hvis dåke har nokon råd om korleis eg skal bera meg åt for å komma inn på nettet igjen må dåke gjerne komma med dei :-)

MVH Anita Enæs"

Eg har jo sjølvsagt ikkje tålmod til å venta så skrekkeleg lenge på svar, så i tillegg ringte eg i dag. "Eg restartar - det plar hjelpa" sa Arne. "Jaha, tenkte eg. Kanskje det ikkje er eg som har klussa det til likevel?" Men, så enkelt var det nok ikkje... Her var det lika dødt :-( Men, eg visste jo allereie at Arne sat med vaktelefonen i dag - og i dag skulle eg ikkje gje meg på tap! Så i ettermiddag har Arne losa meg igjennom det eine etter det andre: Ut med ledningar, inn med ledningar, ut med ledningar igjen og inn med ledningar igjen. Logga på ruter og logga av ruter. Ingenting funka. Til slutt ga vi fa...i heile ruteren og logga pc'n rett i fiberboksen - OG DET VIRKA!!! O' store lykke!! Så då er det vel ruteren som er opphavet til heile elendigheita :-( Arne sa eg skulle venta ein halvtime å logga meg inn på rutaren igjen - det kunne henda eg fekk installert noko greier då slik at eg kom på trådlaust nettverk igjen. Det har eg no prøvd, men får beskjed om at "det oppnås ikke kontakt med ruter". Tenk på alt frustrasjon eg kunne spart meg hvis den beskjeden hadde poppa opp på mandag?? Men, på nett er eg iallefall no - så spørs det om ikkje eg må på handel og kjøpa ny ruter før sjøfararen kjem heim....

Sjøfararen har eg forressten ikkje høyrt eit pip i frå sidan eg forlot han på Mathilde på mandag. Eg får ta det som eit tegn på at alt er OK.

Så kva har eg gjort på desse dagane utan nettilgang? Jo, vaska litt klær, strikka litt på ei høne, tenkt på at eg skulle ha vaska huset, tenkt mykje på at eg skulle ha vaska huset - og så har eg leika meg litt på photoshop etter gammalt :-) Resultatet av det er bilete øverst. Så spør dåke kanskje: "Skal ho verkeleg ha det blogg bilete??" Det skal eg sjølvsagt ikkje - eg og ser jo at det ikkje er noko godt håndtverk, er altfor sukkersøtt (kortid sveva eg på rosa skyere??) og egentleg kunne vore logoen til kondomeriet. Men, no får det ligga der til eg har fått laga til noko anna :-)

Til slutt i dag må eg få visa dåke kva eg har fått i posten i dag:

To nye "bakebøker"....


...kor den eine innheld 320 sider KUN med bileter av korleis ein kan pynta kaker!

Litt synd at neste bursdag i heimen ikkje er før i desember. Men, då får ein finna andre unnskyldningar  for kakebaking- det er jo f.eks eit fyrstebryllaup i helga....



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)