Viser innlegg med etiketten Diverse 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse 2013. Vis alle innlegg

torsdag 19. desember 2013

Men i alle dagar, kva skjedde..

...i dag eigentleg???

I går kveld sat eg oppe til langt over midnatt - eg hadde jo tatt juleferie og planla og sova leeeeeenge i dag på min fyrste feriedag. Var oppe før kl. 0900 - det er ikkje å sova leeeeeenge i mi verd, men då var eg no utsoven. Eller var eg eigentleg det???

Planen i dag var å vaska og rydda litt til - vi har invitert til juleselskap på søndag, så det er greit å byrja forberedelsane tidleg :-) No er jo ikkje eg så gysla husleg av meg og det skal ikkje mykje til å distrahera meg vekk i frå vaske- og støvkosten - i dag rakk eg ikkje ta dei fram eingong...

Eg har jo no inntatt den moderne tid og fått meg ein tlf. der eg får jobbmailane inn. Drrrr....drrrrr....drrrr...drrrr....- det er jo ingen ute i den store vide verda som bryr seg om at eg har ferie, så mailane dirrra jo inn allereie før eg hadde stått opp. Nyskjerrig som eg er klarar eg jo heller ikkje lavera å lesa dei.....

Rrrrrrring, rrrring, rrrrring... Eller det var jo feil lyd - eg har jo lasta ned kjenningsmelodien til jul i Skomakergata, så det er eigentleg berre koseleg at folk ringer til meg. I dag stod dei litt fast på jobben og trong litt hjelp - nesten før eg var komen utav dusjen....Rrrrrring, rrrrrrinng, så var det mor som minna meg på at ho trong skyss i dag.

Og midt oppi dette så fekk eg brått ein trang til å kjøpa meg ny bil????? Og eg finnes jo ikkje interessert i bil i det heile tatt, så tanken på å oppsøka ein bilbutikk med ein overivrig selgar som skal forklare både det eine og det andre som er heilt gresk for meg, frista ikkje så mykje. Så korleis skal då ein slik person som meg få kjøpt seg ein bil?? Jo, ein må fyrst vita kva ein vil ha - og så skriv ein ei ynskjeliste....som ein sender via chatten på Facebook...til ein person ein reknar med kan ordna dette....


Og det må eg seia, julenissane på Dimmelsvik Bil er jammen svintne med hiva seg rundt, altså! Kanskje eg skal senda ynskjelista mi til dei kvart år?? Det tok ikkje lang tid før dei både hadde funnet bil til meg, ordna lån - og på vetlajulafta kan eg henta det nye gliset heim:

Tada! Har eg brukt for ein slik bil?? Overhovudet ikkje, men er han ikkje fin??? Eg gledar meg stort, men eg litt spent på korleis eg klarar meg med automatgir. Det har eg ikkje køyrt sidan eg dreiv å lærekøyrte på prærien i Kanada for snart 25 år sidan. Det var i dei tider eg framleis ikke visste forskjell på venstre og høgre og at eit stopskilt verkeleg betydde stopp.
 

Ja, det skal eg ha - bil kan eg handla på minuttar, men ny bukse klarer eg ikkje å finna meg...Og akkurat no går det opp for meg at eg faktisk har fri i morgon og...Hjeeeelp.....








onsdag 6. november 2013

Ny vidundermaskin er komen...

..i hus!

Skjer det at dåke ser noko som andre har som dåke berre MÅ ha??? Slik var det i allefall med meg her for ein månads tid sidan. Då var eg på eit veninnebesøk og fekk demonstrert ei juicepresse - og sjølvsagt fekk eg og smaka på godsakene :-)

Eg vart jo grøn av misunning, må dåke veta - eller kanskje det var av juicen... Ei slik juicepresse SKULLE eg og HA! No finnes jo desse i mange slags variantar, men eg har jo ikkje tolmod til å setja meg inn i typar og forskjellar, så eg skulle jo ha akkurat lik som den eg hadde sett demonstrert. Men det var jo ikkje så enkelt - den har jo vore utseld over heile linja! Er det berre eg som ikkje har fått med meg at heimepressa juice er i skuddet for tida? Men så - endeleg på mandag fekk eg tak i vidunderet...

...mi nye fantastiske juicepresse :-)
 
Flott, tjukk oppskriftbok fylgde med...
 
.... japanarane ler av våre 5-om dagen, men det får jo vera måte på alt då...
 
...her finn du juiceoppskrifter som hjelper på det meste...
 
Men igjen - eg har jo ikkje tolmod til å lesa oppskrifter. Nei, her er det berre til å hiva oppi appelsiner, eple, ananas, ingefær, gulrot, jordbær, litt mynte og kanel....og svisj svusj så har ein...
 
 

....pressa seg ein aldri så liten og lekker drink på ein heilt vanleg onsdag :-)
 
Ikkje treng ein skrella frukta og grønsakene før ein pressar dei heller :-) Dvs. for smaken si skuld har eg tatt meg bryet med å skrella appelsinene, ellers så blir det litt vel skarp smak. Lett å reingjera pressa er det og, så dette er berre velstand :-)
 
Her i huset er vi forholdsvis flinke på salat og grønsaker, men frukt går det lite av. Det har det no altså blitt ein brå slutt på. Dei tre siste dagane har eg minst drukke ein halv pose gulrøtter, 8 appelsiner, neste ein heil ananas, utallige epler, nesten ei heil ingefærrot, ein halv kurv jordbær, ein kvast mynte - ja, antagelegvis meir frukt enn eg har ete på eit år til saman..
 
Så ha meg unnskyldt - NU må jeg tisse.....
 

 

mandag 28. oktober 2013

Då trur eg at eg har landa....

...etter den store Oktoberfesten :-)

Strålande nøgd med kvelden - gjestene fekk god mat, Rosendal Musikklag sørga for skikkeleg ompapamusikk og overasskande mange av gjestene hadde tatt utfordringa med å kle seg i oktoberfest/tyrolerdrakt. Ok, nettet datt ut dann og vann og vi klura difor litt med musikkanlegget, vi gløymte konkurransen til mannane og å dela ut pris til dei som var best utkledd - pytt sann, då har vi noko å jobba med til neste år....

Ola Matti Mathisen fekk aller nådigst koma inn å ta eit bilete av oss i det vi gjer oss klare til å ta i mot gjestene :-)
 
Vi har styra mykje på med dette er og ein av dei tingene vi har øva oss mest på er: Baking av Brezel! Det er blitt baka uante mengder av desse ;-) Planla å baka dei på førehand og frysa dei ned, men fann ut at dei då blei for seige... Då var det ikkje ana å gjera enn å stilla i Helgheim tidleg på festdagen for å baka, og baka, og baka, og baka ;-) Synes dåke dei blei gode? Her finn dåke oppskrifta: Brezel oppskrift

Mmmmm. veldig gode :-)
 

Så då er det vel berre til å henga vekk dirndl og mamelukkar for denne gangen - forhåpentlegvis får eg brukt for det igjen til neste år :-) Eller kanskje eg skal gå for lederhosen då.....

lørdag 19. oktober 2013

Bobla er sterkt nedprioritert....

...for tida..

Og eg som trudde eg skulle få store problem med å fylla fritida mi etter at guten flytta i frå mor. Jommen sa eg smør! For ikkje berre har eg tatt meg i saman og byrja på organisert trening eit par kveldar i veka -  eg har jo og prestert å vera med å starta eige turlag :-) Og kven skulle tru at det skulle engasjera/ta så mykje tid?? Ikkje vi  i allefall. Men det er jo berre kjekt :-)

Så langt har vi kun vore på to turar, for etter at vi kom på at vi skulle laga oktoberfest, så har jo planlegginga av den tatt all tid. No har vi kremt..eh.. nesten dobbelt så mange påmeldte gjester enn det vi såg for oss i byrjinga - og ein liten prestasjonsangst byrjar pikka oss på skuldera.

Sjølv forberedar eg meg blandt anna med å, som alle rundt meg har fått merka, leita fram tyske slägere på youtube. Og der er det mykje rart, gitt :-) Til og med guten måtte letta på øyreklokkene sine og spørja kva i all verden det var eg dreiv på med når han kom heim i går kveld...

Ellers så er det jo eindel andre forberedelsar på gang og, men eg kan jo ikkje røpa det her. Eg trur vi har nokonlude kontroll og at det skal blir bra:-) Festkomiteen har det i allefall veldig artig med planlegginga.

Ein liten glytt av kva som fyller houvdet mitt for tida skal dåke likevel få her:





Jepp, eg gledar meg til Oktoberfest!!!

(Men, etterpå, etterpå trur eg at eg må på Facebook, Youtube og PC avvenning og koma meg ut i frisk luft igjen ;-) )

søndag 6. oktober 2013

Familen Glum's store Hardangerutflukt...

...stod på programmet i dag!

I anledning far's store 70-årsdag hadde barn og barnebarn invitert han med på lunsj på Ullensvang Hotel, køyring over den nye Hardangerbrua og middag på Ulvik hotel. Og i dag var dagen dette skulle gjennomførast.

I går var det magen som skapte problem, i dag vakna eg snylta forkjøla og med vond hals. Dette var jo likevel ikkje god nok grunn til ikkje å bli med på tur, så ca. kl. 10.00 tok familien fulltallig ut på tur :-)

Den fyrste opplevinga fekk vi allereie i Odda der mor fann det for godt å komma med sitt aller fyrste fy-ord! Då snakkar eg ikkje om fyrste i dag, men fyrste nokonsinne! Og det som fekk mor til å koma  med dette ukvemsordet var noko så sjølvsagt som utforminga av rundkøyringane i Odda...Dei må jo vera altfor lave - det er jo ingen som kan sjå dei når det er snø??? Vi sat som fjetret, dette er ei hendelse vi nok kjem til å mimra om i familien i maaaaaaange år framover.

Kvart på 12 var vi framme på Lofthus og Ullensvang Hotel. Der kunne eg fortelja at eg i hine hårde dagar sprang rund i ein lyseblå bunad og serverte gjestene ein heil sommar. Eg er redd servering låg like lite for meg som dansing visstnok, i fylgje dommarane, ligg for Pål Anders Ullevålseter - så det blei med den eine sommaren for meg. Andre har halde ut atskilleg lenger då fjeset bak resepsjonsdisken var kjent -  enda det er 20 år sidan eg sist var innom..


Men her var det jo ikkje mat og få! Ikkje før kl. 1300 opna dei restauranten sin. Det var litt for lenge å venta for ein svolten gjeng, så vi satte då snuten mot Kinsarvik i stadenfor.

I Kinsarvik toga heile gjengen inn på Kinsarvik Hotel. Der var det ingen bak disken, men eit skilt fortalte oss at restauranten ikkje opna før kl. 18.00! Neivel, då fekk vi prøva campingen. Men der var det heller ikkje mat og få - salen var oppteken av eit musikklag som hadde øving. Det var då som sva.. kor vanskeleg det skulle vera å få seg litt mat i Hardanger - Noregs turistperle. Då får vi prøva kafeen i sentrum, tenkte vi. Men vel borte i sentrum igjen fann vi at denne var omgjort til frisørsalong... Då var det ikkje anna å gjera - 6 vaksne og 3 ungar bana seg veg inn på bensinstasjonen for å handla seg lunsj! Den eine gjesten som var der frå før blei så forfjamsa at han valde å reisa seg og stå medan vi befann oss på stasjonen.

Og endeleg blei det lunsj på mor og far - kaffi og ei rosinbolle - som dei måtte betala sjølv... Lunsj på Ullensvang Hotel og bensinstasjonen i Kinsarvik er sikkert ikkje så veldig ulik, trøysta vi oss med.
 
Mett og nøgd fortsatte vi turen mot den nye Hardangerbrua. Mykje skodda i dag, så den såg vi nesten ikkje før vi kom heilt fram. Medan nokon valgte å ta ut mot Oslo i rundkøyringa i tunellen, valde vi andre vegen mot Voss og Bergen :-)
 

Litt fotografering medan vi venta på at resten skulle koma seg på rett veg...
 
Det var jo slett ikkje så langt til Ulvik som vi hadde trudd, så då vi kom dit var det jo ingen som var svolten igjen enda. Vi fann det då like så greit å fortsetja turen mot Granvin og Norheimsund.
 
Medan mor hadde køyrt til Kinsarvik, hadde eg no overtatt rattet. Det hadde jo gått fint, men eg ymta frampå at det var noko med giret på vei veg opp fjellet frå Ulvik. Alle passasjerane var einige om at det skyltes sjåføren og ikkje bilen, så vi slo oss til ro med det.
 
Vel oppe på fjellet fekk vi auge på denne fine...
 
...fossen. Den måtte vi jo sjølvsagt stoppa og fotografera.
 
Vel inne i bilen igjen klarte slett ikkje denne sjåføren å få bilen i gir i det heilte tatt. Litt oppheita stemning og vi blei einige om at denne bilen var ikkje noko for meg og mor fekk overta rattet igjen sjølv. Men, giren virka jo fortsatt ikkje og vi måtte tilkalla min kjære bror som låg litt lenger framme i løypa. Det er bra og ha slike bilekspertar med på tur. Han retta litt på matta under clutchen og lukkelege kunne vi køyra vidare :-)
 
Men, då vi kom vi ned til Granvinsvatnet fann mor at så enkelt var det nok ikkje. Det var noko som ikkje stemde, og ho valgte difor å køyra på same gir herifrå til Norheimsund. Og no blei Stian imponert over Besto si køyring - vi tok alle fartsdumpane i Ålvik i eit hopp....
 
Ein liten stopp i Øystese for å sjekka...
 
...om vi kunne finna ut av dette sjølve. Det kunne vi ikkje, men no ville hverken mor eller eg køyra, så då fekk broderen steppa inn som tredje sjåfør denne dagen. Og sjølv han måtte vedgå at ikkje alt var som det skulle med clutchen/giret, men vi kom oss no avgårde.
 
Framme i Norheimsund - her måtte det vel gå an til å få seg litt middag?? Men, nei, Sandven Hotel hadde heller ikkje mat før kl. 18.00! Kva er det med folk i Hardanger??? Monica gjer ikkje opp så lett, ho røska litt i ei dør, og slik enda vi opp her...
 
 
....på Kinarestaurant i Norheimsund - heilt etter den opprinnelege planen ;-)
 
Det var nok skjebnen som hadde ført oss hit. Ikkje berre var dette same huset som mor hadde budd i då ho i si tid tok sertifikat - duken på bordet vi fekk stod heilt i stil med blusen ho hadde på seg i dag!
 
Det ser kanskje ikkje heilt slik ut, men no var gjengen veldig nøgd :-) Ingen bestilte same maten, men alle syntes det dei fekk smaka fortreffeleg. Så skulle dåke forvilla dåke til Norheimsund kan vi anbefala eit besøk her :-)
 
Neste etappe gjekk mot...
 
... Tørrvikbygd. Her hadde ikkje eg vore før. Litt uskikker på om det er fint her, for dette var alt eg såg. Men det finaste vi såg på turen i dag fann vi likevel på kaien her...
 
...sjå kor flott!
 
No gjenstod berre dei siste etappane...
 
...ferjeturen til Jondal og siste køyretur heim :-)
 
Ja, det var turen sin det. Kanskje ikkje heilt slik vi hadde planlagt den, men alle var einige om at det hadde vore ein kjekk tur. Familien Glum tar kanskje ikkje så ofta ut på utflukt, men dei turane vi tar blir i allefall minnerike :-)




 
 
 


 
 



mandag 23. september 2013

Synes eigentleg høstfargane er...

...litt seint ute i år? Framleis grønt og fint her på Eik i allefall.

Men enkelte teikn på at at det er i ferd med å endra seg dukkar no opp:

Sånn som her :-)
 
Så då er det kanskje på tide å gå på...
 
...epleslang i naboen sin hage før det er for seint ;-)
 
Desse har komen heim i frå fjellet for vintaren, og medan det før var ein bjellesau i flokken, praktiserar ein visst i våre dagar "alle skal få", for dette er eit heilt bjelleklangorkester.
 
 Dette betyr vel at det kjem mykje snø til vintaren???
 
Lat det berre lava ned - eg og han far har...
 

 ...fått inn tre storsekker ved i kjellaren idag - som dåke ser har vi lødd det fint :-) Så eg har trimma både bein, rygg og armar heima i dag, og syntes det var gyldig nok grunn til å skulka steptreninga i kveld.. Eg har dessutan...
 
...to paller til som skal inn i måro...
 
Så no er i allefall eg klar for både høst og vinter :-)


lørdag 17. august 2013

All by myself..tadummdidum...

...all by myself...

I dag går vi inn i ein ny epoke i livet  - både guten og eg. I dag har vi nemleg installert han på hybel på Os kor han skal gå på skule det kommande året. Tenk at han er blitt så stor at han har flytta frå mor - tida flyr jammen fort! Men, det er vel slik det skal vera - vi får tru det går bra :-) Hybel nærare skulen kunne han knapt få - utsikta frå rommet hans er rett bort på skulen. 3 nye sambuarar får han og - ingen kjenner kvarandre frå før, så spanande og sjå korleis dei går i lag.
Tenk at denne vetle tassen no er gamal nok til å flytta i frå mor! (Gjer oppmerksam på at dette er eit arkivbilete - dagens versjon av guten er nok både eldre og større ;-) Her skulle han nok berre flytta over vegen til Besto og Besten for natta - antrekket hadde vel ei heller vorte godkjent i dag...)
 


Så no har brått blitt heilt aleina i heimen....Det føles litt rart akkurat no, men det går seg nok til :-) Eg må kanskje vurdera hund...(ja, eg høyrte deg - eller mann...) 

mandag 12. august 2013

Det årlege Varaldsøytreffet...

...stod på programmet på laurdag!

Tidlegare i veka såg verprognosane dystre ut for årets store happening, men det slo jo heilt om og vi kunne jo ikkje bedt om bedre ver :-)

Nokon (rettare sagt 1 person = meg) valgte å ankoma med ferja og bil, medan resten kom sjøvegen.

Ikkje lett å leggja til på Varaldsøy når ein ankjem i store yachtar...
 
...mon tru om vi ikkje alle håpa på ei aldri så lita bylgje her...
 
Nokon trur sikkert at vi berre driv med fyll tull og fanteri på desse treffa, men det er ikkje tilfelle. Vi har uteaktivitetar som krev både kondis, uthaldenheit, konsentrasjon, presisjon - for ikkje å snakka om restitusjon..
 
Det viste seg å vera litt vanskeleg å samla gjengen i år, men kremen var i allefall samla. Eg skreiv KREMEN var i allefall samla. (Det bør nok få opp deltakarantallet neste år, tenkjer eg). Og når alle var på plass, var det tid for utflukt. I år var det tanto sjølv som hadde planlagt kor vi skulle gå - vi skulle gå yndlingsturen hennar. Dog litt usikker på kor ofta ho går yndlingsturen sin for det blei litt forvirring om kor stien starta..Men omsider kom vi oss på rett veg og bana oss fram mellom kratt, torner og brennesle.
 
Vi er eit naturelskande folkeslag! Kvar minste krik og krok av turen saug vi til oss og dokumenterte. Sopp, ramslauk, pinnsvin, furutrær - mykje spanande som dukka opp på vår veg ;-)
 
Eg er igrunnen framleis usikker på kor turen gjekk hen, men då vi gjekk forbi dette skiltet var vi i allefall nesten framme...
 
...og no kom vi ut i ope landskap. Her var det riktig så idyllisk og snart så sat vi ute på eit nes og kosa oss med eit betre måltid - som hadde køyrt i forvegen :-)
 
Etter å ha kosa oss her i sola med mat og god drikke ei stund + prøvd å fanga oppmerksomheita til ferja på diverse vis (utan hell) var det dags å gå attende der vi kom i frå. No måtte sansane skjerpast for snart tok konkurransane til! Dei fleste hadde nok dette i bakhovudet no iom at det var langt færre som valgte å gå på beina tilbake enn som valgte hjul...
 
Støvelkasting stod som vanleg fyrst på programmet. Eg må seia dei fleste imponerte stort i år på denne fronten - det var langt færre feilkast i år enn tidlegare. Ja, bortsett frå ein som til stadigheit gav seg sjølv eit spark bak, men eg skal ikkje nevna onkel med navn.
 

Her demonsterar Jan eit vellukka kast...
 
...medan tanto i år, som i fjor, satsa på å slå dei fleste på høgda..
 
Merkeleg nok blei det ikkje så mykje protestar mot poengfordelinga i år, men det har nok med at Klara valgte å innføra ein ganskje så nytt poengdelingssystem i år der ein måtte halda tunga rett i munnen for å vita kven som leda og ikkje :-) Eg trur damene vann denne delen, men mannane trur sikkert dei vann dei og..
 
Neste punkt på programmet var øksekasting.
 
For å lukkast her må ein konsentrera seg godt og sikta bra. I år var det ingen som klarte nokon av delene (eg er sikkert på at det gledar kusine Lene som er ein sann øksekastarmeistar, men som ikkje var til stades i år). Eg vel likevel å tru at det har mest med kvaliteten på hoggestabben å gjera og ikkje kastarane. Kvaliteten på øksene var forøvrig og så som så...Kven som leda etter denne konkurransen er heilt i det blå. Eg trur damene vann, men mannane trur sikkert dei vann dei og..
 
Siste post på programmet var skyting - alles favorittøvelse.
 
 

Blinkane er i ferd med å koma på plass.
 
Og det må eg seia - her imponerte deltakarane igjen. Det skulle jo forøvrig mangla iom at dei fleste av dei spring rundt i skogen halve året med gevær på skuldera, utan at det har gjort at dei har utmerka seg noko betre enn dei øvrige deltakarane tidlegare år :-) Men i år blei det nesten for enkelt - blinkane blei skoten sønder og sammen på eit blunk og vi måtte fylla på med ballongar, så spring....
 
...Anne, spring...
 
I år var det vel faktisk tanto som utmerka seg mest med si treffsikkerheit, og vi ventar alle i spaning på å sjå korleis dette vil utvikla seg når Rutten forhåpentlegvis er tilbake på standplass til neste år :-) Dog litt usikker på kven som vann denne konkurransen. Eg trur kanskje damene vann, men mannane trur sikkert dei vann dei og....
 
Når alle øvelsane omsider var ferdige og alle, merkeleg nok og mot alle odds, var eininge i poengdelinga, var det på tide å fyra i grillen og kosa seg resten av kvelden på tante og onkels altan. I år trur eg vi alle hadde fått ein overdose frisk luft og tok oss heilt ut i konkurransane, for eg synes vi alle byrja å gjespa på feil side av midnatt, så det vart ikkje så altfor seint før vi kraup til sengs.
 
Å snipp, snapp, snute så var årets Varaldsøytreff over for denne gang.
 
PS! Som vanleg har alle trua med å leggja seg i hardtrening i samtlige øvelsar før vi treffes igjen til neste år...
 
 
 
 



 

 
 

 


søndag 4. august 2013

Gjekk bort med bulder og brak...

...har eg alltid sagt at det skal stå på mi gravstøtta når den tid kjem. I går lurte eg litt på om tida var inne...

Lisboa og Festidalen - her har det ikkje vore tid til å kvila mykje...Dåke skal nok få ein overdose Lisboa etterkvart, men eg har så gyyyysla mange bilder eg må sortera i før eg kan laga innlegg om det.

Fredag morgon ankom vi Rosendal etter vår flotte ferietur. På veg med båten frå Bergen til Rosendal passerte vi dette skipet i regn, torden og lyn:


Opplyste som vi er, visste vi godt kor NRKbåten var på veg hen :-) Så vi rakk akkurat heim og fekk satt koffertane i frå oss før vi tok oppstilling på mor og far sin altan for å sjå båten komma innover fjorden. Då skein sola som ho aldri har gjort før - snakk om verskifte. Og heldigvis for det - betre TVreklame enn vi fekk denne dagen skal det vel godt gjerast å få. Eg tok sjølvsagt heile denne seilasen opp på film, men ikkje tale om att eg får lasta den opp her på bobla så då får vi nøya oss med biletet over.

Etterpå var det å hiva seg rundt og sjå om ein hadde nokon reine sommarklede å ta på seg - no var det jo brått lika varmt og fint i Uskedalen som i Lisboa... Festidalen stod på programmet no :-) Må innrømma at eg meir eller mindre ikkje kjente til nokon av banda som skulle spela, men The Darkness hadde eg i allefall høyrt om så eg rekna med det måtte komma nokre sangar etterkvart som eg og kunne teksten til. Det kom ein (1)! :-) Men, det spelte ingen trille - for eit band - eller frontfigur er vel mest riktig å seia. Det må vera noko av det morosamste og snodiga eg har sett på scena nokon gong! Eg tenkte ikkje eingong på å ta fram min antikke mobiltelefon og fotografera, men hvis eg får nokre bileter av min konsert hoffotograf Sandra, så kan det henda eg legg ut bileter seinare. Ein superduper fredag på Festidalen vart det :-)

Så tilbake til bulder og brak... Laurdag hadde Vårherre verkeleg bestilt storvask av Uskedalen! Sjølv etter at det var ferdig å tordna og lyna buldra det godt ute og eg lurte på kva i all verda som foregjekk? Eit lite blikk utover fjorden og eg var sikker på at heile Eik var i ferd med å bli vaska på sjøen! Vi skjøna jo fort at buldringa måtte koma frå Eikeelva, så her var det berre til å hiva på seg regnkleda og koma seg ut og kikka. Sneik oss (ja, til og med gutungen heiv på seg seg regnkleda og vart med) bak garasjen til naboen - og der kom jo heile syndefloden i mot oss! Igjen så filma eg i hytt og pine, men dette får eg jo heller ikkje lasta opp. Så vi får nøya oss kun med bileter her og...

Slik såg det ut nede ved vegen og brua..
 
...fekk vaska seg trea i Eikeelva i går, gitt.
 
Dette er ikkje eit syn ein ser ofte i Eikeelva. Tippar det er nokre steinar som blei flytta på i går - det høyrtes slik ut på lyden..
 
Så køyrte vi ein tur til Sørestølen for å sjå korleis det såg ut der..
 
Mykje vatn her og.
 
Trur ikkje eg ville tatt ein slurk av dette i går - fy kor skjete vatnet var.
 
Klamra seg fast, denne kvasten.
 
Sjølv om det kom mykje vatn når vi var der, så ser vi her at det faktisk har kome mykje meir for her har nok vatnet dekka heile området tidlegare.
 
Ikkje så lett å sjå her, kanskje, men heile fjorden var full av dritt i går - for å seia det fint.
 
Fint kirsebærtre i forgrunnen - skikkeleg skiten fjord i bakgrunnen.
 
Heldigvis vart veret betre utover dagen slik at folk strøymde på når det var klart for siste kveld av Festidalen. Kjekt at det var fint og opplett når Morten Abel stod på scena - slik at han kunne skryta av Festidalen seinare på kvelden når han var gjest på Sommeråpent :-)
 
I dag silar det ned med regn igjen og no har det akkurat tordna og lyna litt - koseleg. Då passar det jo fint at eg har tatt kviledag i dag - eg har jo trass alt ferie :-)