Viser innlegg med etiketten Diverse 2014. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse 2014. Vis alle innlegg

søndag 29. juni 2014

Du verden - A.Enæs har bada i sjøen....

....før 1. august!!

I dag har vi hatt det moro, gitt! Jorunn har tatt på seg å visa og læra Magnhild og meg å padla i kajakk - og i dag var vi klare :-) Eg klarte å halda meg tørr under sist helgs rafting, men i dag rekna eg med at eg måtte i vatnet. Instruktøren har forberedt oss i fleire dagar på at vi skal ha redningsøving - heldigvis hadde dei våtdrakt på tilbod på Europris....


Fyrst måtte vi øva på å sitja oss oppi kajakken på land....
 
.....så måtte vi hjelpa til så instruktøren kom seg i båten :-)
 
Yohoo - så far so good :-)
 
Til tross for litt røff sjø og kronglete strand, kom vi oss faktisk greit opp i kajakkane alle tre. Men vi fekk ikkje padla så veldig mange tak før vi blei minna på at vi skulle ha redningsaksjon. Men fyrst kunne Jorunn opplysa om at ein faktisk kan leggja seg veldig langt ut på sidene i kajakken utan å kvelva - hvis vi slår med flat åre i sjøen på den sida ein kvelvar til, så rettar ein seg opp att. Eg måtte sjølvsagt prøva - og der var fyrste redningsaksjon igang...
 
Fyrste bad i år - faktisk slett ikkje så verst å bada i våtdrakt :-)
 
No skulle eg ha ålt meg oppi båten medan Jorunn haldt den stødig, men mine kontorarmar hadde absolutt ikkje krefter til...
 
....å dra meg lenger opp enn dette.... (men med all respekt å melda så fann instruktøren ut etterpå at ho haldt kajakken min feil veg når eg skulle oppi...)
 
Eg måtte gje meg på tap og dra kajakken lenger inn på land så eg stod på botnen før eg kom meg oppi båten igjen. Jorunn var heilt einig i at eg måtte heim og tørka støv at kettlebells'ane mine ;-)
 
Da gjekk litt betre når Magnhild skulle øva på det same. Men så skulle Magnhild og eg øva på å redda kvarandre. Det gjekk faktisk heilt fint for meg å koma meg oppi båten igjen når Magnhild sat å haldt den, men når eg skulle halda Manghild sin båt slik at ho skulle koma opp i sin, gjekk det slik...
 Plopp - to padlarar i sjøen og ei i båt....
 
...Og ho i båten haldt på å le seg skvett i hel :-)
 
Brydde oss ikkje om vi måtte bada litt i dag - trur eg har gjort opp for ikkje å ha hoppa i Skjåkbylgja no ;-)
 
Etter å ha kome oss opp i båtane igjen, tok vi oss ein liten padletur til Beinavikjo og tilbake - heilt utan å dette uti sjøen igjen :-) Når vi returnerte til stranda syntes vi jo det var for ille at ikkje Jorunn hadde fått bada, så då beordra vi ho uti og. Eg skulle prøva å redda ho, men ho var rett og slett for tungt lasta med flytevesten og padlejakka, så det gjekk rett og slett ikkje. Så då enda vi opp med å symja til land begge to :-)
 
Ja, dette var jammen artig og må gjentas :-) Og no sit eg her sjølvsagt og tenkjer at eg MÅ, berre MÅ ha min eigen kajakk...
 
Kajakkpadling - noko av det kjekkaste eg har prøvd på lenge :-)
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 

 
 
 
 

onsdag 12. februar 2014

Takk for fylgjet!


No har eg bestemt meg for å leggja Bobla på is - i allefall inntil vidare. Men fortvil ikkje, eller jubla for tidleg - eg kjem til å fortsetja med mine skriblerier her: Naturbarnas Turblogg

Så, inntil vidare - eller kanskje for alltid:

Ha det bra og so long :-)



fredag 24. januar 2014

Etter mitt, meir eller mindre, mislykka forsøk...

...på måneskinsfotografering, fann eg at det var på tide å lesa seg litt opp på emnet. Ja, ikkje berre på måneskinsfotografering, men fotografering i det heile. Bedageleg anlagt som eg er, er eg flink til å seia at eg skal læra meg ting, men det skjer ikkje akkurat i noko supert tempo - om det skjer i det heile tatt.

Men den siste veka har eg altså:

Gått til anskaffelse av denne. Etter å ha googla litt, fann eg at denne blei anbefalt til å vera eit "must" om du vil læra deg fotografering. Flott bok, fine bileter, 453 sider...... Her må eg no kunna plukka opp nokre nyttige tips :-)
 
Viktig å laga "eseløyrer" som visar kor langt i bok eg er komen. Ikkje berre for at evt. gjester skal bli imponert over min iver etter å læra, men og for at eg skal unngå å lesa same side oppatt og oppatt utan å merka det. Eg er nemleg ikkje berre bedageleg anlagt - eg er og temmeleg tunglært når det gjeld slike "tekniske" ting...
 
Ellers så må eg vedgå at eg har brukt meir tid til å sjå på filmar på youtube om emnet enn å lesa i boka...
 
Så merka eg jo på mi måneskinsvandring at ein må nesten ha stativ skal ein klara å ta slike bileter - å halda kameraet i ro lenge nok til at ein skal få eit bra bilete er jo nesten umogleg. Eg drar jo og på åra og blir vel ikkje stødigar på handa etter som tida går...
 
Men, tenkte eg - du har no vel meir enn nok saker i tursekken din om du ikkje skal koma drassande på eit fotostativ i tillegg? Og etter å ha diskutert litt med meg sjølv, fann eg at eg hadde rett - det fekk vera med heile stativet. Så eg slo det i frå meg - i sånn ca. 5 min. - då kom eg over denne kjekke, snedne saken:
 
Ein gorillapod!
 
Den MÅTTE eg ha!
 
Ser ut som eit lite fotostativ dette? Men dette er ein fiks sak, skal eg seia dåke - berre sjå her:
 
Beina er "lealause" og kan vriast både her og der - rundt ei grein, ut i spagaten, rundt eit utebord etc. etc.
 
Ok, eg må vedgå at eg var ein smule nervøs for at kameraet skulle gå i bakken med eit brak her, men det holdt :-)
 
Ja, dette gledar eg meg til å ta i bruk! Lett som ein fjert, men likevel veldig stødig -og så tar det jo nesten ingen plass i tursekken. Kan jo nesten berre krølla det i saman og putta det i lomma :-)
 
Så det neste eg ynskjer meg no er ein dag der det er både opplett OG vindstille, ikkje anten eller, slik at eg kan koma meg ut på tur igjen....
 

 


 
 
 
 
 

tirsdag 7. januar 2014

No treng eg litt råd...

...og hjelp!

Mine kokekunstner er ikkje noko å snakka om. Guten laga ein gong ei lista over kven som laga best mat  - eg kom ganske langt ned på lista. Heilt sist, faktisk....

Men likevel, eg likar veldig godt å lesa kokebøker - ikkje nødvendigvis å prøva dei ut i praksis - og så ser eg jo på alle kokkeprogramma på TV'n. Her skulle ein jo då tru at eg kunne henta nokre råd, men eg har gløymt alt dei har laga så snart vi går over til reklamen.

Det eg derimot har slått fast er: Eg treng ein stavmiksar! Den brukar dei jo til "alt" i desse programma. Stavmiksar blei dermed putta ned på ønskelista eg sendt julenissen i fjor. Og trur dåke ikkje eg hadde vore så snill at eg faktisk fekk stavmiksar i julepakken?? Ikkje berre ein, men to!

No bør jo alt ligga til rette for at eg kan slå meg laus og kokkelera på kjøkenet. I jula laga eg heimelaga potetmos for aller fyrste gang (i allefall som eg kan huska) i mitt snart 44 årige liv... Moste potetene så fint med stavmiksaren at potetmosen omtrent smelta på tunga :-)

I dag bestemte eg meg for å laga tomatsuppa. Prøvde fyrst å finna ei oppskrift på nett, men så blei eg litt flau av meg sjølv og tenkte at det får no vera måte på kva ein skal ha oppskrift på - tomatsuppa må du nå kunna koka på gefühlen. (Det er sikker slike ting som gjer at eg ligg nederst på lista eg nevnte ovanfor). Så eg freste litt kvitlauk i olivenolja, tømte over ein boks hakka tomater, litt salt, sukker, ein halv grønnsaksbuljong, pepper og litt kremfløyte. Kokte det opp og gjauv så laus med stavmiksaren til det blei ei krema, fyldig suppe. Tilslutt rørte eg inn litt fersk, kutta basilikum og hadde oppi eit hardkokt egg. Så, voila:

Heimalaga tomatsuppe på 1-2-3! Og den blei faktisk god :-)
 
Eg tippar Hellstrøm hadde vore frå seg av begeistring hadde han sett meg i dag :-) Ja, reint bortsett frå at eg sikkert skulle ha plukka tomater frå eigen hage og verpa egga sjølv. Men til lags åt alle kan ingen gjera..
 
Så då kan eg slå fast at heretter blir det ikkje pose- potemos eller tomatsuppe her i huset meir.
 
Men så står eg fast - kva skal eg ta fatt på no??? Kva meir kan eg brukar stavmiksaren til å laga?? Så det eg treng hjelp til no er rett og slett: Kva brukar dåke stavmiksar til?? Er det nokon som har nokon gode oppskrifter??
 
Helsing A. Enæs - no og som matskribent :-)