Viser innlegg med etiketten Turar 2013. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turar 2013. Vis alle innlegg

lørdag 30. november 2013

Om eg har gått i hi??

Neida, langt i frå! Men denne høsten har gått så fort at eg veit ikkje kor den er blitt av? Eg har jo ikkje rukke å bli hverken versjuk eller høstdeppa og i måro er vi allereie i desember - og eg er jo ikkje klar for jul i det heile tatt enda..

Dog er det blitt mykje innetid i høst, men i dag har Vi Venene vore på tur til Leiteshaugane så langt opp i Uskedalen som ein kan koma.

Slik såg Ulvanåso ut då vi starta i dag....
 

...og slik såg den ut då vi var kome eit stykke på veg.
 
Vi var ein liten gjeng på 6 stk.som gjekk på tur idag i fint vinterver med vekslande lysforhold - litt skodde og litt sol :-) Etter ei stund fekk vi snø under beina og :-)
 
Utsikt ned mot Fjellandsbø og dalen.
 
Vi valgte å gå opp på ein haug litt oppforbi postkassen med turboka. Der laga vi eit lite bål, grilla pølser, drakk kakao og kosa oss :-) Og så såg vi på denne magien:
 
Er det ikkje flott? Heile Matrefjorden dekka av "bomull" :-)
 
Ho er rask denne skodda og av og til kunne vi faktisk få eit glimt av fjorden, men det har eg visst ikkje fått med på bilete.
 
Så lang tur blei det ikkje på oss i dag. Vi er heilt i byrjinga på vintarsesongen og ikkje heilt vane med å kle oss for kulden enda så det blei litt kaldt på oss etterkvart. Då var det berre til å blåsa ut bålet og traska heim att :-)
 
Tidleg heima og mykje igjen av dagen så sjølv om eg ikkje er klar for jul, og desember kjem litt brått på, så har eg fått på plass litt julepynt i dag så no statsar eg på at julestemninga snik seg innpå meg sakte men sikkert :-)
 


 
 
 
 
 


søndag 17. november 2013

Er det opplett, er det...

...opplett??? Jaaaaa, i dag såg det ut som om det endeleg gjekk an å stikka snuten utforbi husdøra utan å bli kliss blaut :-) Eit par mobilmeldingar og vips så var Ann Irene og eg i bil på veg til Handelandsdalen.

Handelandsdalen har eg ikkje vore i på så lenge eg kan husk , og sidan vi begge hadde børn som skulle reisa til by'n på ettermiddagen, fann vi at dette var ein passeleg, liten luftetur i dag :-)

Fine haustfargar enda her.
 
Spanande - vi måtte sjølvsagt fylgja desse pilene. Men då vegen byrja gå attende mot Valen droppa vi dette og bestemte oss å gå tilbake å fylgja vegen inn dalen likevel.
 
Det er jo ikkje så veldig langt å gå før ein kjem inn her. Ann Irene hadde både pølsa og pinnebrød i sekken, men vi peisa forbi hytta.
 
Vi fylgde vegen vidare og då var vi brått på ukjente vegar begge to. Eg trudde det berre var sti vidare, men vi fylgde faktisk ein gamal veg ganske langt og lenge.
 
Vi er begge to krye av å ha entra den moderne tid og blitt utstyrt med smart- og touchtelefonar, men kanskje like greit vi prøver å ta dei fram langt frå folk. Han lurte i allefall sikkert han som såg Ann Irene ringa i sin mobil - og så tok eg opp min og sa hallo.... Ja, det er gleda av å liggja fyrst på tlf.lista til folk... ;-)
 
Etter å ha gått ei stund kom vi til endes på vegen og gjekk over på sti. Her stod det og eit skilt som det stod Tveitedalen på og som peika nedover. Vi valgte då, heilt logisk for oss, å ta stien som gjekk oppover - det var ingen skilt som viste kor den gjekk hen....
 
 
...og brått stod vi her, midt i ein liten foss.
 


Det er visst meininga ein skal koma seg over ved å halda seg i jernstanga som ligg tvers over her, men det var mykje vatn og frista ikkje meg så mykje...
 
...men ho her hadde så lyst, så lyst. Og eg må vedgå at eg pusha litt på og var superklar til å sjå korleis ho skulle åla seg over til andre sida - eg såg for meg at eg kunne få nokre blinkskot av det :-)
 
 
Men ho tok til fornuft og så blei det ein liten nistepause i fossen i stadenfor.
 
Sidan det blei ein brå stopp, veit vi jo eigentleg ikkje kor vi var på veg hen. Men vi trur det kan vera ein fin tur med litt mindre vatn i naturen. Og det er sikkert ein fin tur å gå til Tveitedalen og. Vi derimot, som berre skulle ein liten tur i dag, byrja på returen.
 
Tilbake ved grillhytta tok vi oss tid til å fotografera litt:
 
Trer og vatn kan vera ganske så fint..
 
 
Fint, ikkje sant?
 
Men no måtte vi koma oss tilbake og koma oss heim. Men det er jo litt kjedeleg å gå same veg tilbake når det finnes alternativ - det syntes i allefall eg, og forlanga at vi skulle gå tilbake på andre sida av elva. Eg var HEILT sikker på at vi likevel skulle enda opp ved bilen.
 
Og det var jo fint å fylgja denne gliss våte og glatte stien og sjå over på grusvegen på andre sida.
 
At Ann Irene heilt i frå byrjinga meinte på at vi umogleg kunne koma ned på same plass som vi starta valgte eg å overhøyra. Ja, vi var på feil sida av elva, men det kom sikkert ei bru ein eller anna plass - det gjorde det - Handelandsbrua - heilt nede ved hovudvegen....
 
For vi gjekk og vi gjekk og vi gjekk...Og etterkvart måtte eg vel vedgå eg og at kanskje eg hadde tatt feil. Det kom jo aldri ei bru... Og då vi passerte ein fotballbane i stadenfor skytebane, kunne Ann Irene triumferande slå fast at vi kom ned akkurat der ho hadde vore redd for at vi skulle koma ned. Men eg har jo aldri sett Sandvoll bygg i frå oven, så eg syntes no det var heilt ok.... Ikkje har eg gått over Handelandsbrua til fots før heller, så det var jo noko nytt.
 
No hadde klokka heilt runne i frå oss og vi hadde det faktisk litt travelt. Eg visste jo eigentleg at vi kunne peisa opp til Handeland og ta ein snarveg rett over til Handelandgård, men eg hadde jo ikkje vore der sidan eg var veldig liten og kanskje dei som budde der huska at eg pleide koma på besøk då eg var mindre og kasta sølekaker på dei?? Tryggast å gå rundt..
 
Så då blei det ein tur langs landevegen på oss...
 
Vi vurderte dette...
 
Og blei veldig glad når vi endeleg såg Handelandgård :-)
 
Og berre så det er sagt - snarvegen frå Handeland til Handelandgård er ikkje berre ein sti i våre dagar - det er ein veg. Pytt, pytt.
 
Ja, kven skulle tru at Handelandsdalen kunne romma så mykje og at det faktisk gjekk an å gå seg litt vill? Det blei ikkje middag på guten i dag, men han rakk i allefall båten tilbake til Os ;-)

 

 
 
 

 
 

 

 


søndag 3. november 2013

Av og til kan ein lura på kor ein får alle....

...dei fantastiske ideane sine i frå???

I dag f.eks fann eg ut at eg skulle ta meg ein tur i skogen/fjellet igjen - har site inne på rumpa litt for lenge no. I og for seg ikkje noko dum ide det, men eg valgte å slenga på ryggen....

......den største sekken eg har...
 
.....køyrte opp til Sørestølen og la i veg opp Eikdalen.
 
Eg møtte heldigvis ikkje så mange i dag som lurte på kor eg skulle med flyttelasset mitt, men eg lurte no litt på meg sjølv...
 
Fint var det no å gå tur i Eikedalen i dag - om enn litt tungt..
 
Skorpo bada i sol :-)
 
Og har dåke sett - omsider nådde eg Fagerdalen :-)
 

Eg vurderte om eg skulle kava meg opp Skaret og, men det blas så kald, guffen vind og med den store sekken på ryggen fann eg ut at no fekk nok vera nok. Vinden fekk meg jo heilt utav balanse, så ein skulle jo nesten tru eg hadde rørt litt champis - men, nei, driv ikkje med slikt aleina på tur :-)
 
Så her kikka eg meg fort rundt for å sjekka om nokon såg meg, fann meg ei lita hola under nokre steinar, og så tømte eg sekken min kjapt...
 
.....for ved...
 
Snipp og Snapp sankar nøtter til vintaren - A. Enæs lagar seg vedlager i skogen....Byrjar jo å bli kaldt, vett dåke :-)
 
I Fagerdalen er dei fyrste snøflekkane allereie på plass.
 


Og når oppdraget var utført var det berre til å luska seg heimover att. Litt usikker på kor lurt det er å rota rundt i skogen og fjellet heilt aleina då ein kan innbilla seg at ein ser både det eine og det andre...
 
....desse to helste eg nesten på då eg følte eit visst slektskap...
 
...og så traff eg jo denne kjekke karen ;-)
 
Litt kjedeleg å gå tur aleina når ein er blitt vane med å gå i flokk, så no gledar eg meg til at Vi Venene skal gå tur inn Eikedalen neste helg. Kven veit, kanskje vi får brukt for veden og.....:-)
 
 
 





søndag 6. oktober 2013

Familen Glum's store Hardangerutflukt...

...stod på programmet i dag!

I anledning far's store 70-årsdag hadde barn og barnebarn invitert han med på lunsj på Ullensvang Hotel, køyring over den nye Hardangerbrua og middag på Ulvik hotel. Og i dag var dagen dette skulle gjennomførast.

I går var det magen som skapte problem, i dag vakna eg snylta forkjøla og med vond hals. Dette var jo likevel ikkje god nok grunn til ikkje å bli med på tur, så ca. kl. 10.00 tok familien fulltallig ut på tur :-)

Den fyrste opplevinga fekk vi allereie i Odda der mor fann det for godt å komma med sitt aller fyrste fy-ord! Då snakkar eg ikkje om fyrste i dag, men fyrste nokonsinne! Og det som fekk mor til å koma  med dette ukvemsordet var noko så sjølvsagt som utforminga av rundkøyringane i Odda...Dei må jo vera altfor lave - det er jo ingen som kan sjå dei når det er snø??? Vi sat som fjetret, dette er ei hendelse vi nok kjem til å mimra om i familien i maaaaaaange år framover.

Kvart på 12 var vi framme på Lofthus og Ullensvang Hotel. Der kunne eg fortelja at eg i hine hårde dagar sprang rund i ein lyseblå bunad og serverte gjestene ein heil sommar. Eg er redd servering låg like lite for meg som dansing visstnok, i fylgje dommarane, ligg for Pål Anders Ullevålseter - så det blei med den eine sommaren for meg. Andre har halde ut atskilleg lenger då fjeset bak resepsjonsdisken var kjent -  enda det er 20 år sidan eg sist var innom..


Men her var det jo ikkje mat og få! Ikkje før kl. 1300 opna dei restauranten sin. Det var litt for lenge å venta for ein svolten gjeng, så vi satte då snuten mot Kinsarvik i stadenfor.

I Kinsarvik toga heile gjengen inn på Kinsarvik Hotel. Der var det ingen bak disken, men eit skilt fortalte oss at restauranten ikkje opna før kl. 18.00! Neivel, då fekk vi prøva campingen. Men der var det heller ikkje mat og få - salen var oppteken av eit musikklag som hadde øving. Det var då som sva.. kor vanskeleg det skulle vera å få seg litt mat i Hardanger - Noregs turistperle. Då får vi prøva kafeen i sentrum, tenkte vi. Men vel borte i sentrum igjen fann vi at denne var omgjort til frisørsalong... Då var det ikkje anna å gjera - 6 vaksne og 3 ungar bana seg veg inn på bensinstasjonen for å handla seg lunsj! Den eine gjesten som var der frå før blei så forfjamsa at han valde å reisa seg og stå medan vi befann oss på stasjonen.

Og endeleg blei det lunsj på mor og far - kaffi og ei rosinbolle - som dei måtte betala sjølv... Lunsj på Ullensvang Hotel og bensinstasjonen i Kinsarvik er sikkert ikkje så veldig ulik, trøysta vi oss med.
 
Mett og nøgd fortsatte vi turen mot den nye Hardangerbrua. Mykje skodda i dag, så den såg vi nesten ikkje før vi kom heilt fram. Medan nokon valgte å ta ut mot Oslo i rundkøyringa i tunellen, valde vi andre vegen mot Voss og Bergen :-)
 

Litt fotografering medan vi venta på at resten skulle koma seg på rett veg...
 
Det var jo slett ikkje så langt til Ulvik som vi hadde trudd, så då vi kom dit var det jo ingen som var svolten igjen enda. Vi fann det då like så greit å fortsetja turen mot Granvin og Norheimsund.
 
Medan mor hadde køyrt til Kinsarvik, hadde eg no overtatt rattet. Det hadde jo gått fint, men eg ymta frampå at det var noko med giret på vei veg opp fjellet frå Ulvik. Alle passasjerane var einige om at det skyltes sjåføren og ikkje bilen, så vi slo oss til ro med det.
 
Vel oppe på fjellet fekk vi auge på denne fine...
 
...fossen. Den måtte vi jo sjølvsagt stoppa og fotografera.
 
Vel inne i bilen igjen klarte slett ikkje denne sjåføren å få bilen i gir i det heilte tatt. Litt oppheita stemning og vi blei einige om at denne bilen var ikkje noko for meg og mor fekk overta rattet igjen sjølv. Men, giren virka jo fortsatt ikkje og vi måtte tilkalla min kjære bror som låg litt lenger framme i løypa. Det er bra og ha slike bilekspertar med på tur. Han retta litt på matta under clutchen og lukkelege kunne vi køyra vidare :-)
 
Men, då vi kom vi ned til Granvinsvatnet fann mor at så enkelt var det nok ikkje. Det var noko som ikkje stemde, og ho valgte difor å køyra på same gir herifrå til Norheimsund. Og no blei Stian imponert over Besto si køyring - vi tok alle fartsdumpane i Ålvik i eit hopp....
 
Ein liten stopp i Øystese for å sjekka...
 
...om vi kunne finna ut av dette sjølve. Det kunne vi ikkje, men no ville hverken mor eller eg køyra, så då fekk broderen steppa inn som tredje sjåfør denne dagen. Og sjølv han måtte vedgå at ikkje alt var som det skulle med clutchen/giret, men vi kom oss no avgårde.
 
Framme i Norheimsund - her måtte det vel gå an til å få seg litt middag?? Men, nei, Sandven Hotel hadde heller ikkje mat før kl. 18.00! Kva er det med folk i Hardanger??? Monica gjer ikkje opp så lett, ho røska litt i ei dør, og slik enda vi opp her...
 
 
....på Kinarestaurant i Norheimsund - heilt etter den opprinnelege planen ;-)
 
Det var nok skjebnen som hadde ført oss hit. Ikkje berre var dette same huset som mor hadde budd i då ho i si tid tok sertifikat - duken på bordet vi fekk stod heilt i stil med blusen ho hadde på seg i dag!
 
Det ser kanskje ikkje heilt slik ut, men no var gjengen veldig nøgd :-) Ingen bestilte same maten, men alle syntes det dei fekk smaka fortreffeleg. Så skulle dåke forvilla dåke til Norheimsund kan vi anbefala eit besøk her :-)
 
Neste etappe gjekk mot...
 
... Tørrvikbygd. Her hadde ikkje eg vore før. Litt uskikker på om det er fint her, for dette var alt eg såg. Men det finaste vi såg på turen i dag fann vi likevel på kaien her...
 
...sjå kor flott!
 
No gjenstod berre dei siste etappane...
 
...ferjeturen til Jondal og siste køyretur heim :-)
 
Ja, det var turen sin det. Kanskje ikkje heilt slik vi hadde planlagt den, men alle var einige om at det hadde vore ein kjekk tur. Familien Glum tar kanskje ikkje så ofta ut på utflukt, men dei turane vi tar blir i allefall minnerike :-)




 
 
 


 
 



lørdag 5. oktober 2013

Magesjau og lite søvn er kanskje ikkje...

....den beste oppladning natta før ein skal på fjelltur! Men, i dag skulle eg jo på tur med Vårt Turlag igjen, så det var berre til å pakka sekken, ta ut og håpa på det beste.

Og sjølv om eg var litt pjusken, så gjekk det heldigvis bra. Vi vart ikkje så mange i dag, veret tatt i betraktning kanskje ikkje så rart. Skodda hang langt nedover fjellsida og dermed bestemte vi oss for ikkje å gå til Storhaug via Halsabrotet og Ådnaklett, men å gå Ståle sin skogsveg opp på fjellet. Solfjell, som var det eigentlega målet i dag, såg vi ikkje eingong i skodda, så det blei kutta ut. Istadenfor gjekk vi over vidda og langst med Mannsvatnet.

Og no er det skikkelege haustfargar i fjellet :-)
 
Magnhild hadde sørga for tilgang til hytte i enden av vatnet, så her vart det matpause.
 
Mykje godt i sekken denne gangen og :-)
 
Pølsegrilling på gang :-)
 
Ann Irene dukka opp bakvegen - og var veldig nøgd med å sjå at eg endeleg hadde tatt i bruk kakeformen eg fekk av ho til jul i fjor ;-) På sin veg opp hadde faktisk Ann Irene hatt ein liten samtale med ein rev, og for dei som lurer kunne ho fortelja at den sa "VOFF".
 
Skodda kom og...
 
...gjekk i dag.
 
Utsikt frå hytteveggene.
 
Utsikt mot Vatnastøl eit øyeblikk skodda letta.
 
Og i det vi hadde pakka saman letta skodda skikkeleg og vi kunne sjå utover heile Mannsvatn for fyrste gong i dag.
 
Kom faktisk ein liten solgløtt og i det vi forlot hytta :-)
 
Sjølv om det var litt vått i dag, og innimellom litt kaldt, hadde vi ein fin fjelltur. Skodde, yr, vakre haustfargar og litt trolskstemning har og sin sjarm :-) No blir det spanande å sjå kor neste turen til Vårt Turlag går....

 
 
 
 
 
 
 


lørdag 28. september 2013

Malmangernuten! Eg har vridd meg unna...

...lenge, men i dag måtte eg til pers!

Ann Irene har hatt Malmangernuten i sikte som turmål lenge, medan eg har vore litt meir lunken på det. Men eg fekk grei beskjed i går om at hvis eg skulle driva turlag så måtte eg i det minste kunna gå på Malmangernuten! Så då vart det slik...

Var mykje surr med ei av oss før vi kom oss avgårde i dag, men omsider fann vi fram til Skeie kor vi hadde fått beskjed om at vi kunne byrja turen. Ann Irene kunne informera om at ho hadde lese turomtale og fått høyra av andre at dette var ein tur som gjekk rett opp....

...noko eg for min del har observert med mitt blotte øye og ikkje trong lesa meg til eller bli fortalt:-)
 
Sjølv om vi går mykje tur i lag så er vi ueinige i enkelte turting. Medan Ann Irene helst vil ha det så bratt som mogleg, vil eg helst ha det så flatt som mogleg på tur. Ann Irene var difor heilt i skyene for endeleg å få meg med på denne turen i dag, medan eg allereie hadde bestemt med før start at eg kom til å hata kvart einaste steg oppover, og kvart einaste steg nedover. Og slik vart det.
 
Det gjekk oppover frå start til mål. Etter å traska rett opp ein tett granskau ei stund kom vi til dette skiltet...
 
..Utsikt.
 
Og den var det jo ikkje nokon ting å seia på :-)
 
Så tissa eg litt medan eg skua utover Seimfoss og Dimmelsvik ;-) Slett ikkje verst :-)
 
Så bar det oppover igjen...
 

...mot Nuten. Vi var i allefall på rett veg.
 
Ann Irene, blid som ei sol, med Malmangernuten i bakgrunnen. Enda langt igjen å gå...
 
...så det var berre til å langa ut.
 
Stien no gjekk langs ein topp, og eg hadde ei stund eit lite håp om at vi skulle runda den, men neida. Det var berre lureri, for vi skulle sjølvsagt opp på den og. Og som om det ikkje hadde vore bratt før, så blei det enda brattare no. At nokon driv å spring opp her er for meg ei gåte, eg hadde meir enn nok med å dra meg opp ved hjelp av stavane mine.
 
Når ein endeleg kjem seg opp går ein litt slakare bortover mot toppen. Men, her er det til gjengjeld strake vegen ned til Rosendal på utsida av stien.
 
Framleis ingenting å seia på utsikta. Her utsyn over Rosendal.
 
Rett før toppen og varden deler stien seg. Ann Irene hadde fått los på varden og då var ikkje ho til å stoppa, så ho peila seg inn på stien som gjekk oppover mot varden. Eg, derimot, har framleis slik respekt for stipolitiet at eg ikkje turde forlata stien som var merka med raude T'ar og forsatte rett mot stupet. Det var ein lureomveg mot varden! Stien eg gjekk på er nok laga kun for å lokka folk ut på ei farefull ferd rundt Nuten for at ein skal kunna få ei fantastisk utsikt over Rosendal. Og det er eg heilt sikkert på at dei får, det veit eg ingenting om - eg kikka demonstrativt den andre vegen medan eg mest av alt hadde lyst å blinda igjen og legga meg ned på alle fira og åla meg i sikkerheit lenger inn på fjellet! Så når stien svinga opp at der Ann Irene stod og veiva med armane satte eg inn eit ekstra gir....
 
 
...til eg endeleg kunne løfta armane i triumf på toppen av Malmangernuten...
 
...og skua heimover!
 
Sjølv om eg følte eg hadde gått oppover ein halv dag hadde vi visst ikkje brukt meir enn det 2 timane det står av ein skal bruka opp. No kunne eg endeleg slappa av, nyta utsikta og eta ei god niste. Akkurat her likte eg meg godt og var nøgd med turen :-)
 
Denne dama var enda meir nøgd enn meg - ho har visstnok drøymt å nå Malmangernuten i to år og endeleg kom ho seg opp.
 
Flott utsikt over fjella rundt oss. Tok visst litt for lite bileter av det...
 
...var mest opptatt av utsikta denne vegen.
 
Men vi kunne jo ikkje gje oss til her oppe, så omsider måtte vi ta fatt på turen ned att. Den gleda eg meg enda mindre til enn turen opp.
Igjen - tenk at her kappspring folk - det glade vannvidd, spør ein meg! Ann Irene dansa bortover og nedover fjellsida, medan eg gjekk musesteg og tok meg for med stavane mine...
 
Ein og anna gong innimellom turde eg å løfta blikket å sjå meg om....
 
Nesten heile Rosendal i sikte. Vakkert det, men eg synes kanskje dei treng...
 
...ei forside pike ;-) Her lurte eg ein augneblink på om eg skulle bli ein del av den store redningsaksjonen ein trena på i Kvinnheradsfjella i helga :-)
 
Men nei, hadde eg fyrst kome meg opp på Nuten for eigne bein fekk eg koma meg ned og. Det gjekk seint! Og eg likte det ikkje! Det einaste positive eg kan seia er at kneet haldt overraskande bra og byrja ikkje verka før vi kom inn i granskogen igjen. Men då gjekk det jo enda seinare med meg nedover...Men eg kom meg ned til slutt eg og :-)
 
Dette er definitivt ikkje A. Enæs sin turtype. Eg likte meg ikkje på opp, og eg likte meg ikkje på ned. Eg likte meg kun på utsikten og på toppen ved varden. Ann Irene derimot likte heile turen og syntes det hadde vore ein kjempefin, liten tur - akkurat slik ho hadde trudd. Eg veit jo at Malmangernuten er eit ynda turmål, så det er nok fleire som er einige med Ann Irene enn meg - det kan eg leva godt med :-)
 
Så medan Ann Irene sikkert kjem til å få fleire fine turar til Malmangernuren i framtida, kryssar eg turen av i boka mi og tek sikte på at dette var ein "once in a lifetime" tur for meg :-)