søndag 6. oktober 2013

Familen Glum's store Hardangerutflukt...

...stod på programmet i dag!

I anledning far's store 70-årsdag hadde barn og barnebarn invitert han med på lunsj på Ullensvang Hotel, køyring over den nye Hardangerbrua og middag på Ulvik hotel. Og i dag var dagen dette skulle gjennomførast.

I går var det magen som skapte problem, i dag vakna eg snylta forkjøla og med vond hals. Dette var jo likevel ikkje god nok grunn til ikkje å bli med på tur, så ca. kl. 10.00 tok familien fulltallig ut på tur :-)

Den fyrste opplevinga fekk vi allereie i Odda der mor fann det for godt å komma med sitt aller fyrste fy-ord! Då snakkar eg ikkje om fyrste i dag, men fyrste nokonsinne! Og det som fekk mor til å koma  med dette ukvemsordet var noko så sjølvsagt som utforminga av rundkøyringane i Odda...Dei må jo vera altfor lave - det er jo ingen som kan sjå dei når det er snø??? Vi sat som fjetret, dette er ei hendelse vi nok kjem til å mimra om i familien i maaaaaaange år framover.

Kvart på 12 var vi framme på Lofthus og Ullensvang Hotel. Der kunne eg fortelja at eg i hine hårde dagar sprang rund i ein lyseblå bunad og serverte gjestene ein heil sommar. Eg er redd servering låg like lite for meg som dansing visstnok, i fylgje dommarane, ligg for Pål Anders Ullevålseter - så det blei med den eine sommaren for meg. Andre har halde ut atskilleg lenger då fjeset bak resepsjonsdisken var kjent -  enda det er 20 år sidan eg sist var innom..


Men her var det jo ikkje mat og få! Ikkje før kl. 1300 opna dei restauranten sin. Det var litt for lenge å venta for ein svolten gjeng, så vi satte då snuten mot Kinsarvik i stadenfor.

I Kinsarvik toga heile gjengen inn på Kinsarvik Hotel. Der var det ingen bak disken, men eit skilt fortalte oss at restauranten ikkje opna før kl. 18.00! Neivel, då fekk vi prøva campingen. Men der var det heller ikkje mat og få - salen var oppteken av eit musikklag som hadde øving. Det var då som sva.. kor vanskeleg det skulle vera å få seg litt mat i Hardanger - Noregs turistperle. Då får vi prøva kafeen i sentrum, tenkte vi. Men vel borte i sentrum igjen fann vi at denne var omgjort til frisørsalong... Då var det ikkje anna å gjera - 6 vaksne og 3 ungar bana seg veg inn på bensinstasjonen for å handla seg lunsj! Den eine gjesten som var der frå før blei så forfjamsa at han valde å reisa seg og stå medan vi befann oss på stasjonen.

Og endeleg blei det lunsj på mor og far - kaffi og ei rosinbolle - som dei måtte betala sjølv... Lunsj på Ullensvang Hotel og bensinstasjonen i Kinsarvik er sikkert ikkje så veldig ulik, trøysta vi oss med.
 
Mett og nøgd fortsatte vi turen mot den nye Hardangerbrua. Mykje skodda i dag, så den såg vi nesten ikkje før vi kom heilt fram. Medan nokon valgte å ta ut mot Oslo i rundkøyringa i tunellen, valde vi andre vegen mot Voss og Bergen :-)
 

Litt fotografering medan vi venta på at resten skulle koma seg på rett veg...
 
Det var jo slett ikkje så langt til Ulvik som vi hadde trudd, så då vi kom dit var det jo ingen som var svolten igjen enda. Vi fann det då like så greit å fortsetja turen mot Granvin og Norheimsund.
 
Medan mor hadde køyrt til Kinsarvik, hadde eg no overtatt rattet. Det hadde jo gått fint, men eg ymta frampå at det var noko med giret på vei veg opp fjellet frå Ulvik. Alle passasjerane var einige om at det skyltes sjåføren og ikkje bilen, så vi slo oss til ro med det.
 
Vel oppe på fjellet fekk vi auge på denne fine...
 
...fossen. Den måtte vi jo sjølvsagt stoppa og fotografera.
 
Vel inne i bilen igjen klarte slett ikkje denne sjåføren å få bilen i gir i det heilte tatt. Litt oppheita stemning og vi blei einige om at denne bilen var ikkje noko for meg og mor fekk overta rattet igjen sjølv. Men, giren virka jo fortsatt ikkje og vi måtte tilkalla min kjære bror som låg litt lenger framme i løypa. Det er bra og ha slike bilekspertar med på tur. Han retta litt på matta under clutchen og lukkelege kunne vi køyra vidare :-)
 
Men, då vi kom vi ned til Granvinsvatnet fann mor at så enkelt var det nok ikkje. Det var noko som ikkje stemde, og ho valgte difor å køyra på same gir herifrå til Norheimsund. Og no blei Stian imponert over Besto si køyring - vi tok alle fartsdumpane i Ålvik i eit hopp....
 
Ein liten stopp i Øystese for å sjekka...
 
...om vi kunne finna ut av dette sjølve. Det kunne vi ikkje, men no ville hverken mor eller eg køyra, så då fekk broderen steppa inn som tredje sjåfør denne dagen. Og sjølv han måtte vedgå at ikkje alt var som det skulle med clutchen/giret, men vi kom oss no avgårde.
 
Framme i Norheimsund - her måtte det vel gå an til å få seg litt middag?? Men, nei, Sandven Hotel hadde heller ikkje mat før kl. 18.00! Kva er det med folk i Hardanger??? Monica gjer ikkje opp så lett, ho røska litt i ei dør, og slik enda vi opp her...
 
 
....på Kinarestaurant i Norheimsund - heilt etter den opprinnelege planen ;-)
 
Det var nok skjebnen som hadde ført oss hit. Ikkje berre var dette same huset som mor hadde budd i då ho i si tid tok sertifikat - duken på bordet vi fekk stod heilt i stil med blusen ho hadde på seg i dag!
 
Det ser kanskje ikkje heilt slik ut, men no var gjengen veldig nøgd :-) Ingen bestilte same maten, men alle syntes det dei fekk smaka fortreffeleg. Så skulle dåke forvilla dåke til Norheimsund kan vi anbefala eit besøk her :-)
 
Neste etappe gjekk mot...
 
... Tørrvikbygd. Her hadde ikkje eg vore før. Litt uskikker på om det er fint her, for dette var alt eg såg. Men det finaste vi såg på turen i dag fann vi likevel på kaien her...
 
...sjå kor flott!
 
No gjenstod berre dei siste etappane...
 
...ferjeturen til Jondal og siste køyretur heim :-)
 
Ja, det var turen sin det. Kanskje ikkje heilt slik vi hadde planlagt den, men alle var einige om at det hadde vore ein kjekk tur. Familien Glum tar kanskje ikkje så ofta ut på utflukt, men dei turane vi tar blir i allefall minnerike :-)




 
 
 


 
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)