mandag 1. september 2014

Ein tur til Fonnabu...

....hadde Magnhild og eg planlagt denne helga. Vi skulle gå opp til Botnavatn fredag kveld og telta der før turen gjekk vidare til Fonnabu på laurdag. Der hadde vi tenkt å heia på løparane som som skulle springa Folgefonna Opp. Vi fann ut det kunne vera kjekt å vera fleire, så vi slang ut ei melding på Facebook og sa at hvis fleire ville vera med så var det berre til å henga seg på - og vips så var vi 5 jenter som skulle på tur :-)
 
Fredag kveld kl. 1800 la vi i veg mot 1. mål: Botnavatnet. Sekkane var pakka til randen med alt vi (ikkje) treng ha med på tur :-)
 
4 av 5 damer framleis ved godt mot ved byrjinga av Keiserstien. 5. dame bak kamera var nok ved godt mot ho og.
 
Med tunge sekker på ryggen gjekk det ikkje så raskt oppover svingane mot Gardshammar, men sakte og sikkert bar det oppover. Etter ei stund danna Magnhild og eg fortroppen og Ann Kristin, Reidun og Anne-Grethe baktroppen.
 
 
Alltid lika kjekt å koma rundt siste sving og få auga på Gardshammar!
 
Yess! Endeleg på Gardshammar!
 
Vel oppe på Gardshammar var det deilig å få av seg den hersens sekken så eg kunne bretta ut korsryggen igjen. Det ville nok vore på sin plass at vi venta her på dei andre, men søkk våt av svette som vi var, fann vi ut at det beste var at vi kom oss opp til Botnavatn, fann ein teltplass og bytta på oss tørre kler før vi gjorde noko anna. Så vi pitla oss vidare til vatnet og fann ein fin plass vi meinte var bra til å telta på.
 
Etter å ha fått på tørre ullklede byrja Magnhild å setja opp teltet medan eg blei sent avgårde på vatnhenting og utkikk etter dei andre. Eg trong ikkje gå så veldig langt ned på stien før eg fann damene, så då tok det ikkje så lenge før gjengen var samla igjen. No var det blitt ganske mørkt. Manghild hadde nesten fått opp vårt telt og dei andre damene heiv seg rundt og fekk opp sitt. Det var i grevens tid for no blas det kraftig opp og byrja regna.
 
Einaste måten å finna ut at telta var satt opp skikkeleg var å ta bilete av dei med blits ;-)
 
Så då var vi komen så langt - Magnhild og eg i eit telt og dei andre damene i det andre. Det var litt kjedeleg at det blas og regna slik for då fekk vi ikkje sitja ute, samla rundt eit betre måltid, slik planen eigentleg var. Sidan det blas og regna slik vart det og umogleg å føra noko samtale oss i mellom, men eg fekk i allefall med meg at damene i naboteltet hadde både vin og spekemat, så dei lei inga naud.....
 
...det gjorde foressten ikkje vi heller ;-) Magnhild lo litt av meg der eg låg med bustete hår og hovudlykta på snei - ho tenkte nok at dette ikkje var det vakraste vesenet ho hadde delt seng med. Sjølv følte eg meg litt som flaska med tyrkis pepper - he-he ;-)
 
Så var det ikkje så mykje anna å gjera enn å krypa godt inn i soveposane og prøva å få seg litt søvn før ein skulle ut på ny tur neste dag. Det viste seg jo snart at vi ikkje hadde satt opp teltet på den flataste bakken, så utfordringen blei å finna ei sovestilling med kroppane snurra rundt diverse tuer. Vinden ula, teltet blafra og regnet tromma på teltduken. Det var slett ikkje lett å sova!  Til slutt blei det så mykje surr i houvudet mitt pga av alle lydane at eg var nøyd til å roa ned med ein Pinex... Kl. 0100 kunne eg sjå gjennom teltduken at eit eller anna foregjekk i naboteltet - eit eller anna lys virra i hytt og pine og eg lurte ei stund på kor mykje vin dei eigentleg hadde hatt med seg? Det viste seg i ettertid at det var Anne-Grethe som var ute å redda teltet.
 
Eg må ha klart å duppa av innimellom, for brått var kl. 0730 og det var nesten tid for å stå opp. Då hadde vinden løya og regnet gitt seg.
 
Magnhild kunne koka nydeleg (alt er realtivt når ein er på tur) havregrynsgraut til frukost og eg....
 
...tok morgonstellet i det fri :-)
 
Vi tusla oss avgårde på dagens tur i 0900-tida. Det var berre Reidun som hadde gått denne turen før, for oss andre var det ukjente stier. Vi fekk ei lita regnbyge på oss nett etter vi starta, men det var ikkje så lenge før det blei opplett igjen.
 
Her har vi kome oss på toppen av "skaret" over Botnavatn. Nedante såg det bratt ut, men stien opp hit var kjempefin og lett å gå. Stien vidare oppover er og kjempefin.
 
Det blas meir og meir dess høgare opp vi kom, så det var berre til å kle på seg.
 
Men om veret blei litt surare, så vart i allefall utsikta betre...
 
...og betre :-)
 
Det gjekk ikkje så fort med oss oppover og med litt mange stopp vart det litt kaldt for meg som kanskje ikkje hadde kledd på meg nok kler. Så etter ei stund tusla eg berre vidare for meg sjølv litt når dei andre stoppa slik at eg kunne halda varmen. Difor var det heilt tilfeldig at eg var fyrste mann bort til ei snøfonn som låg opp den siste bakken til Breidablikk. Det var satt opp løypestolpar til toppen, så eg fulgte desse. Det kunne jo fort blitt det siste eg gjorde, for nesten på toppen forsvinn heile høgre foten ned i eit hol. Må seia hjarta dunka kraftig når eg oppdaga at det ikkje var noko under meg å trø på - kun mange meter ned til fjellet som forsvann under snøfonna. Det var ikkje noko alternativ å prøva å åla seg nedover igjen - bratt, hardt - eg hadde rast heilt ned til endes igjen om eg prøvde på det. Så eg fekk tak med armane øverst på snøskavlen (det var jo meir det enn ei snøfonn) og drog meg sakte, men sikkert så lang eg var på alle 4 over på steinen det var meininga vi skulle trø på - samtidig som eg bad til alle gudar om at ikkje skavlen skulle knekka under meg. Det gjekk bra - det var nok ikkje min tur til å reisa nokon plass denne dagen. Takk og pris for at eg tidlegare i sommar hadde vore innom St. Peterskyrkja i Roma og....
 
...sikkra meg på alle moglege måtar - var nok ei meining med det ;-)
 
No blei det mykje armar og bein for å hindra at andre skulle fylgja etter meg og det enda med at Ann Kristin tilbaud seg å sitja og passa på til det kom nokon ansvarlege og endra løypa. Vi 4 andre fortsatte mot Breidablikk og Fonnabu.
 
Det var jo berre nokre minuttar opp til Breidablikk. Her fekk vi gitt beskjed om snøfonna til ein kar som stod vakt og vi traff på kjente som sat og varma seg i hytta...
 
....som vi kunne forhøyra oss litt med ang. løypa vidare.
 
No blas det kraftig og vi fekk beskjed om at det ikkje blei noko betre lenger oppe. Vi valgte likevel å fortsetja turen vår.
 
Anne-Grethe særs nøgd med å ha nådd Breidablikk.
 
 
No fekk vi godt oversikt over Folgefonna...
 
...eit mektig syn.
 
Etterkvart som vi nærma oss Fonnabu fekk vi ikkje berre problem med å gå oppreist i vinden - eit par gnagsår byrja og bli mektig vonde. Vi gav ikkje opp trua på at vi skulle koma oss heilt bort til Fonnabu, men då vi kom...
 
...hit måtte vi ha ein liten diskusjon om vegen vidare. Fonnabu ligg like over snøfonna på biletet. Det ser flatt ut å gå bort, men vi stod no på toppen av ein bratt skrent vi måtte ned før det gjekk slagt bortover mot Fonnabu. Vi var sikkert ikkje meir enn 10-15 minutt i frå målet, men no var det rett og slett ufyseleg på fjellet. Anne-Grethe med gnagsåra var ikkje så lysten på å fortsetja, vi hadde problem med vinden og vi måtte tenkja litt på sistemann som sat igjen bak oss som vakt i snøfonna. Diskusjonen enda ganske raskt med at vi bestemte oss for å snu - vi kan ta turen ein anna gang når sola skin :-)
 
På veg tilbake byrja deltakarane i Folgefonna Opp koma springande, så vi fekk heia litt langs vegen. Ein del mosjonistar og andre turgåarar var og ute å gjekk. Det vart i det heile ganske så travelt i fjellet :-)
 
Tilbake på Breidablikk nekta Anne-Grethe og eg å gå vidare før vi hadde fått i oss litt mat og drikke + nye plaster på Anne-Grethes føtter. Så då sat ho og eg igjen i ei varm hytta og kvilte og kosa oss med litt mat, drikke og ein diger snopepose, medan dei andre to fortsatte tilbaketuren for å sjå etter Ann Kristin.
 
Men vi kunne jo ikkje gje oss til altfor lenge i hytta vi heller, så etter ei lita stund var det på med sko og ut å gå igjen. Vi fann ikkje dei andre damene ved snøfonna, men eg vart veldig glad for å sjå at løypestolpen var flytta ned til midten av snøfonna. Kven som hadde flytta den veit vi derimot ikkje då det ikkje hadde dukka opp nokon ansvarlege så lenge Ann Kristin hadde sete der - og ho sat der til Maghild og Reidun kom ned igjen...
 


Alt i alt så hadde vi no likevel ein fin tur denne dagen. Lang, litt kald og slitsom, men omsider så var gjengen...
 
...samla ved teltplassen igjen. No gleda alle seg til å pakka og hiva dei tunge sekkane på ryggen igjen (jugekors) og ta fatt på siste etappe.
 
Men, det var jo inga bøn - vi hadde enda eit stykke ned før vi kunne setja oss i bilane å køyra heim. Magnhild og eg havna igjen eit lite stykke forann dei andre - eg trur det var sekkane på ryggen som berre skubba oss nedover. Det byrja å regna då vi var sånn ca. halvvegs ned Keiserstien, men no gjorde det ingenting. Etterkvart minna denne turen meg veldig om dei siste kilometrane av Haukelirennet på ski - Magnhild ein halv sving foran meg og vi snakka mindre og mindre med kvarandre :-) Vi høyrte dei snakka i høgtalar heilt nede ved byrjinga av stien, men då vi endeleg kom ned var dei i full gang med å pakka saman sakene sine. Så ingen grunn til å gje seg til der - det var berre til å traska vidare ned til parkeringsplassen.
 


Og så glad har eg nok aldri vore for å sjå bilen min tidlegare.
 
Sjeldan har eg vore så sliten som denne dagen. Vi stua sekkane i bilen, fann oss vatn i elva og så sat vi oss i bagasjerommet og venta på resten av gjengen. Vi hadde eit lite håp om at dei skulle koma køyrane i lag med dei som rydda plassen lenger oppe, og då dei endeleg kom køyrande sat det 3 blide damer i bilane og vinka til oss :-)
 
Så då var alle komen til vegs ende av turen - dyktig slitne, litt vondt, men mest glade for at vi hadde klart turen. At vi ikkje nådde Fonnabu tar vi med eit "pyttsann" - det klarar vi glatt neste gang :-)
 

Keisarstien og vegen vidare mot Fonnabu er kjempeflott, utsikten oppover er kjempeflott, synet av Folgefonna er kjempeflott - eg kan anbefala alle om å oppsøka denne fjellheimen. Men det er langt å gå så ein bør vera i rimeleg godt form skal ein greia det og ha glede av turen :-)
 
 
PS! Mobilen min gjekk fort tom for straum og kamera bar eg ikkje med meg på laurdagen, så dei fleste bileta her har eg tuska til meg i frå Magnhild, Anne-Grethe, Reidun og Ann Kristin :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)