mandag 27. juni 2011

På tokt med Mathilde...


Vesle Daniel skal ut i verda
og gjer kista klar i denne stund
Over store hav mot sør går ferda
med "San Salvador" av Haugesund

Eller rettare sagt "Mathilde" av Ølve :-) Ein av konfirmasjonspresangane til Bastiussen var eit 5-dagars seglas med seglskuta "Mathilde" i frå Bergen til Måløy. Turen er i regi av Norges Redningsselskap og i tillegg til å læra seg sjømannskap skal dei ha praktisk og teoretisk undervisning til båtførarprøven ombord. Fredagskveld etter ankomst i Måløy blir det eksamen. Laurdags morgon er det hurtigbåt heim igjen til Bergen.

Og i dag var dagen komen for å mønstra på. 19 spente gutar skal ut på tokt. Det fyrste som møtte han når han kom ombord var ein klassekammerat frå Ænes - trur dei vart lika overraska begge to :-) Men, sikkert kjekt å ha nokon kjente ombord.

Meir eller mindre klar for seglas. Det var eit litt rufsete vær i Bergen i dag - og verre skal det visst bli utover veka. Vi får kryssa fingrane for at det ikkje slår til og at dei kan få litt solskinn med seg på ferda.


Veit ikkje heilt kven som er mest spent - mor eller son... Og eg trur det er det samma kor store eller gamle dei er - ein smiler og seier det blir kjekt, men har likavel i stor klump i magen når ein forlet dei der. Einste forskjellen er at han har slutta å henga rundt beina mine og hyla når eg prøver å gå min veg :-)

Eg skulle jo sjølvsagt hatt eit bilete av Mathilde når dei kasta loss og segla ut byfjorden, men avgang var nokre timar forsinka iom at dei måtte venta på dei siste gutane som kom med båten i frå Måløy. Så då tok vi farvel og ynskte lykke til på ferda - vi håpar dei får ein kjekk og flott tur!

Hmm...no er kl.16.30 - lurer på om det er for tidleg å høyra om det går bra? Dette kan bli ei laaaaaang veke for mor...



1 kommentar:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)