torsdag 30. juli 2015

Ferieveke nr. 2 er snart...

...unnagjort. Pittelitt meir sol og varme enn i veke 1, men sanneleg ikkje nok til at eg vil kalla det sommar....

Men, det har blitt nokre fine turar denne veka og - turist i eigen kommune som eg er i år :-) På mandag, f.eks., lufta Jorunn meg rundt Hattebergfossen - ein riktig så fin tur. (Eg må nokså beskjemma vedgå at eg aldri har visst kor Hatterbergsfossen er før no....)

Vi parkerte nedanfor Prestegarden i Rosendal og fylgde vegen oppover mot Omshagen.
 
Flatt og fint innover her - og brått såg vi han - Hatterbergsfossen. Det er altså fossen til høgre på biletet.
 
Og slik ser den ut på nært hald. Her kom vi til eit stykke kor det gjekk bratt oppover.
 
Det gjekk sjølvsagt som ein leik med nye tursko ;-)
 
Etter denne oppoverbakken, gjekk stien over ei bru, og så kom vi innpå vegen som går ned til baroniet. Same vegen som ein brukar når ein skal inn i Muradalen.
 
Blåregnet er no ferdig blomstra, men no blømer i allefall alle rosene.
 
Rosehagen på sitt finaste.
 
Så avslutta vi denne turen med å eta kvelds nede ved Paddedammen :-)
 
 
I går kveld - altså onsdag, var det på tide å padla litt igjen. Og igjen var det Jorunn som måtte vera med meg på tur. Staffivatnet i Blådalen, hadde vi sett oss ut denne kvelden.
 
Nesten klar for sjøsetting.
 
Eg trur ikkje eg heilt skjøna kva eg gjorde når eg gav Jorunn den Donald capsen - eg lurer på om ho søv med den og? ;-)
 
Fantastisk flott å padla på Staffivatnet.
 
Små perler fann vi både her og...
 
...der.



 
Det regna litt nesten heile tida, men det var faktisk ikkje så kaldt i går kveld (i allefall ikkje inne i ei våtrakt), så det gjorde ingenting. Vi hadde pakka med oss både stormkjøken og mat i kajakkane våres, og fann oss ein fin plass å gå i land.
 
Her fann MCDuck fram både potetstappe og pølser og mekka fram eit måltid til oss :-)
 
To vener på tur.
 
Ja, det var nok ein flott tur, men omsider måtte vi jo padla tilbake til bilane - eg måtte jo heim å leggja meg på lading må vita - eg hadde jo forlova meg med på tur til Solfjell i dag.
 

Så kl. 10 i dag tidleg var eg klar til å leggja i veg opp Ståle sin veg i lag med kusine Lene med Solfjell som mål. Fint og varmt var det - sol og greier - dette kom til å bli ein flott tur :-)
 
Det trudde vi framleis då vi var komen til endes på vegen.
 
Men medan vi vandra over vidda mot foten av Solfjell seig skodda innover oss, gitt. Ja, ja, tenkte vi - den forsvinn vel lika raskt som den kom... Litt i tvil var vi no då vi kom til foten av Solfjell og vi kun såg nokre meter framfor oss. Vi hadde ein lengre pause her kor vi venta på at skodda skulle forsvinna - det skjedde jo ikkje. Omsider bestemte vi oss for å fortsetja turen - det kunne jo henda vi kom over skodda til sol?? Det skjedde jo heller ikkje. Då vi omsider kom opp til varden fekk vi denne fantastiske utsikta:
 
Yohoo! Varden på Solfjell - kjempeutsikt ut i skoddehavet.
 
Fann i allefall boka og fekk skrive oss inn i den :-)
 
Lene på Solfjell for fyrste gang. Synd ho må oppatt eingong til for å sjå kor ho har vore...
 
Her ville vi slett ikkje vera i dag - var berre til å fylgje T-ane heimover att.
 
Vi var no einige om vi hadde hatt ein fin tur sjølv om vi ikkje såg så mykje i dag. Så det går fint an å ha fine turar utan utsikt og :-)
 
I måro er det helg og Festidalen er i gang igjen i Uskedalen. Har ikkje engasjert med så mykje i det då musikken ikkje er heilt min smak i år. Men kven veit - kanskje det blir nokon sprell uansett? :-)
 
 
 

 
 
 
 

 

 

 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)