Eller fløyet og fløyet - rettare sagt ramla ned i frå taket! Ei lita oppdatering på gårsdagens måkehistorie. I går kveld gjekk det som det måtte gå - best som det var vi kikka ut av stovevindauga så sprang det ein liten måkeunge forbi med 7 barnevaktar flygande og skrikande rundt seg. "Slo du deg? Sa ikkje eg at du ikkje måtte gå ut på kanten? Du kunne slått deg i hel - har eg ikkje fortalt deg korleis det gjekk med bror din som ramla utav reiret i fjor? Og kor er den slampen av din far som skulle passa på dåke - sit han enda på telefonledningen og kikkar på ho som bakar cupcakes?" Tenkjer den måkefamilien hadde ein kjekk kveld. For ikkje å snakka om i dag - nr. 2 har nemleg ramla ned han/ho óg. "Ja, du måtte prøva du óg ja! At dåke aldri kan høyra på mor dåkas! Ja, du får springa å sjå om du finn bror din - eg klarar ikkje løfta dåke opp på taket igjen." Og i heile dag har desse to sprunge opp og ned i Eikevegen medan dei store har passa på. "Pass dåke - no kjem Bjørgulven med møkavogna! Inn på kanten med dåke! Der kjem ho der med kameraet sitt igjen - skal vi aldri få fred?" Det var med livet som innsats eg fekk tatt desse bileta medan eg hysja og klappa for å halda dei lettare hysteriske måkeforeldra som stupte mot meg på avstand.
![]()
Liten fugl på ville vegar....
Eg hatar måkar, men må innrømma at dei óg faktisk er litt nusselege når dei er så små som dette :-) Han kraup i saman og prøvde å gøyma seg for meg, stakkar.
Og med tanke på vår kjæledyrhistorie så passar vel det at måkeungar ramlar ned i frå taket godt inn...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)