søndag 15. september 2013

Ein Noregsmeister i gjengen...

.... er det ikkje alle som har - men det har vi!

Kanskje ikkje i å springa raskast, hoppa høgast eller kasta lengst, men i å laga Noregs beste fiskepudding! Og det seier seg jo sjølv at når til og med eg, som ikkje et sjømat, har Brødrene Hjønnevåg sin fiskepudding til middag titt og ofte, så må den jo vera god :-)

På fredag var Marit i Oslo og fekk tildelt den velfortjente gullmedaljen av fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen på vegne av bedrifta. Ikkje berre fekk ho gullmedaljen for Noregs beste fiskepudding, ho henta heim sølv medalje for gourmet fiskeburgeren sin og :-) Dette har sjølvsagt ikkje gått upåakta hen i våre div. lokal aviser, og du kan lesa meir her: uskedalen.no og her kvinnheringen.no

Vi kunne jo heller ikkje la dette gå upåakta hen og var ganskje klare på at dette måtte feirast. Strengt tatt var det vel vi som skulle ha stelt i stand festelegheitane, men vi overlot det til Noregsmeisteren sjølv..
Noregsmeister i Fiskepudding 2013 :-) Det ligg eit par-tre sprudlevatnkorkar og flyt utanfor Uskedal brygge i dag ;-)
 
Som tilbehør hadde vi sjølvsagt Noregs beste kanape. (Her må eg vedgå at eg veit det manglar ein strek over e'en - og at det ofte gjere det i mine innlegg - det er simpelthen fordi den ikkje virkar på tastaturet mitt ;-()
 
Vi hadde ein kjekk og hyggleg kveld med mat og drikke, og eg trur alle var nøgd med feiringa. Det ser i allefall slik ut her:
 
Ei heilt vanleg feiring av ein Noregsmeister :-)
 
Og når ein ser Frk. Dobbelthake til høgre på biletet over gjer det ei glidande overgang til neste tema. No når hausten har satt inn, veret blir meir ustabilt og kveldande kortare, har eg byrja på inne haustaktivitetane. Eg har blant anna starta både på step- og kettlebelltrening! Og etter tre (3) treningar skjøna eg fort at mine kontorarmar ikkje er så muskuløse å snakka om at det gjere noko. Før så måtte ein i allefall lyfta ein blyant og to på jobb - no er det jo berre trykking på PC....Så med store ambisjonar om å få gjort noko med det, gjekk eg på fredag på butikken å kjøpte meg...
 
...gulp...dette... No ler du kansje høgt? Berre 4 kg??? Eg prøvde faktisk å lyfta ein 6 kg kettlebell i frå hylla, gav i frå meg eit lite klynk og satte den fint ned igjen dei to cm eg hadde klart å flytta ho... Og med tanke på kor langt det er i frå butikken og ut til bilen fann eg det best å start i det små. Eg synes eg ser meg sjølv slepande på ein pose etter meg gjennom gangane på senteret... Men, kanskje når eg har fått trent meg litt opp...
 
Men eg kan jo ikkje slenga rundt på denne kula og dra i strikk heile tida, så på laurdag var eg ein tur til Rosendal og Porselensbua og handla inn litt strikkegarn..
 
... blei ein liten pose til slutt, men eg anar ikkje heilt kva eg skal strikka av det enda. (No høyrte eg eit sukk og #%&##¤¤ i frå dei som plar få julegåver av meg...)
 
Men heilt slutt på uteaktivitetane er det jo sjølvsagt ikkje. Denne helga har det ikkje blitt noko tur, men neste laurdag skal vi jo ha jomfruturen til Låganåso med Vårt Turlag :-) Det trur og håpar eg blir artig, må nok planlegga turen litt denne veka. Har du ikkje høyrt om Vårt Turlag eller blitt medlem enda? Gje meg ein lyd på Facebook så skal eg leggja deg til som medlem på Facebooksida vår :-) I dette turlaget treng ein absolutt ikkje vera i noko spesielt god form, ein må berre lika å gå tur i lag med andre :-)
 
Og slik går no desse dagane i bobleverden :-)

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)