onsdag 14. september 2011

Eg har maur i trusa og...

...granbar i håret! Som dåke sikkert forstod av mitt forrige innlegg så lever eg fortida det glade villmarksliv! Eg strauk til skogs så snart klokka slo midnatt forrige fredag, og sidan den tid har eg hatt tilholdsstad under ein bergnabb oppunder Ulvanoso. Her trives vi godt - børsa mi og eg :-) Eg har laga meg ei lita hytte av bark og palmeblad - det gjekk greit, eg har sett på Robinson korleis det skal gjerast. Eg har med meg ein sovepose som skal tåla ned mot 0 grader celsius, men den trur eg eg skal reklamera på. Eg frys nemleg slik på beina om natta at eg må surra dei inn i myrull og stikka dei inn ei bergsprekk for å halda varmen :-(  Det er dårleg med mat her - jakta har vore mager så langt. Eg har forsåvidt sett hundrevis av dyr - og vore på skothald, men dei er enten for store, for små, for magre, for feite, har feil farge, er feil art eller snakkar feil språk. Difor har eg måtta ta til takke med den wiskey'en eg hadde med i sekken min (farlege greier - etter to slurkar var det like før eg skaut ein tysk blåbærplukkar!), eg har sutta på ein mosedott og sleika sevja av trea for å halda meg i livet. I dag blei lengselen etter kjøt så stor at eg såg meg nøydde til å skyta ei rypa. Dvs. eg trudde det var ei rypa, men det viste seg å vera ein freda argentinsk pingvin!? Smaker sikkert bra den òg så den skal eg snart koka suppa på. Det kan bli litt einsamt om kveldane då den einast underhaldninga eg har er å høyra på ulvane som hyler mot månen. Ellers så er det ein par fjellgåarar som har stroke forbi meg så nære at eg kunne ha knytt skolissene deira, utan at dei har merka meg. Det er ikkje så løye - eg er godt kamuflert:

 Her står eg meg dagens fangst - ei flott rypa (eller i allefall noko som likna)! At eg ser litt uklar ut få vi skulda på wiskey'en.


 Hovud kosthaldet mitt den siste veka har som sagt vore mose, sevje og vatn som eg slikkar i meg i frå diverse blader...


Forutan å høyra på ulvane brukar eg store delar av kveldane til sitja ved leirbålet og lesa boka "En vill mann" av mitt store forbilde Kristoffer Clausen. Mannen som tilbrakte eit heilt år aleina i villmarka og levde på det han fann der. Det hender at eg drøymer om å krypa inn i ei varm hytte eller ta inn på hotell ei natt, men vi villmarkens folk trives jo best ute i det fri 365 dagar i året... No er det kveld og på tide å krypa ned i soveposen for natta.


Oophs! Stian  - ha deg vekk med det kameraet!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)