fredag 9. september 2011

Jiiipppiii! Endeleg jaktid igjen.....

....og eg er klar! I vekesvis har eg no nesten ikkje høyrt anna enn snakk om gevær, hjort, rype, rådyr, jakthytter, skyting, nattkikkert etc. etc. Eg skjønar ikkje korleis Noreg skal halda hjula igang når det verkar som om 90% av den vaksne befolkningen skal kle seg i grønt og springa i skogen  fleire månader i strekk? Og no kan ein ikkje sitja si lit til meg heller (he-he, som om nokon egentleg gjorde det i utgangspunktet?). Eg har nemleg bestemt meg for at nok er nok - "if you can't beat them - join them", som det så fint heiter. Så i dag har eg tatt jegerprøven - på nett - 6 spørsmål - 4 rett! Over 50% rett - det må halda i massevis til å gå på jakt i Kvinnherads djupe skogar! Eg "visste" at ugla er freda og korleis ei rype ser ut, så her er det jaktkunnskapar i massevis. No sit eg her og trippar og kan nesten ikkje venta til klokka skal runda midnatt! Og slik ser eg for meg at dei neste vekene skal bli:

Eg skyt alt som bevegar seg, både høgt....


 ...og lågt!


 Ingen dyr kjem til å vera trygg når eg kryp og ålar meg fram....


 Niste er for pyser - byttet slaktar og tilberedar eg på plassen! Eg skyller sjølvsagt ned med champagne! (Kan nesten ikkje tru at eg vågar legga dette grusome bilete ut på nett..)


 Eg kjem til å vera dronninga av leirbålet om kveldane, der eg kjem til å dra den eine strofa etter den andre!


Har eg litt tid til overs innimellom all jaktinga trå eg kanskje til med ein og anna konsert òg:-)


Ja, dette skal bli tidens jakthøst folkens! No må eg berre finna fram snus, whiskey og fjellduk så er eg klar som eit egg! Må bare få Stian Sebastian til å trø ihel den edderkoppen eg såg inne i kottet fyrst før eg tør hent fram sekken...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)