torsdag 4. april 2013

I dag trur eg at eg har ledd på meg....

....20 ekstra leveår! I allefall hvis det er sant at ein god latter forvrenger livet, som dei gamle grekarane sa.

Kom over ein artikkel om Lars Saabye Christensen og eit forfatterkurs i dag. Ikkje noko spesielt morosamt med det, og ikkje har eg tenkt meg på forfattarkurs heller. Men i artikkelen blei det henvist til boka "Norske Stiler" som Christensen gav ut i fjor. Her har han samla 19 stilar som Herbert Ankel skreiv under si tid på vidaregåande skule på 1960 tallet + tatt med kommentarane og karakterane som norsklærar Holger Ørekam har satt på stilane. Fiktivt heile greia, sjølvsagt, men som den stilelskaren eg var på skulen (kunne hatt norsk tentamen og eksamen eingong i veka, hadde det vore opp til meg) tenkte eg at denne boka måtte eg sjekka ut. Googla for å sjå om den kunne kjøpast på  nett. Det kunne den sjølvsagt, men enda betre - heile greia ligg jo ute på nett på Litteratur Klubbens Blogg.

Så no har eg ledd meg igjennom den eine fantastiske stilen etter den andre og oppfordrar alle andre stilelskarar om å gjera det same :-) Og nesten enda betre - norsklærar Ørekam sine kommentarar på slutten. Spesielt godt likte eg stilane "Hvorfor er ærlighet så viktig?" og "En artig dag" (både del 1 og 2).

Bilete av bokomslaget lånt på cappelendamm.no
 
Ei lita stund i dag ynskja eg meg tilbake til gode, gode gamle dagar med stilskriving på lekseplanen. Og så sendte eg ein liten tanke til mine gamle norsklærarar - jammen har dei måtta lese seg igjennom mykje fjas og vas oppetter åra. No veit ikkje eg om Herbert Ankel hadde fleire stiloppgåver å velgja mellom men det slo meg at vi er like på eit område - Vi held oss stort sett unna alle oppgåver som har med faktaskriving å gjera. (Og dei gongene vi MÅ ta fatt på ei slik oppgåve, går det som regel rett vest..) Eg var så heldig at mine norsk lærarar Vidar Haugland, Atle Amundsen og Reidar Kyrkjebø alle lot meg driva på med mine idear og fantasier utan å prøva å få meg til å skriva meir fornuftige tankar, men akkurat i dag merka eg at eg blei litt misunneleg på Herbert Ankel sine kommentarar frå lærar Ørekam. Eg lurer litt på kva kommentarar han hadde gitt på mine stilar? Eg er redd dei hadde vore enda kvassare enn kommentarane han har gitt Herbert...
 
Så vil dåke le litt og mimra om gode, gamle (for nokon) skuledagar med stilskriving så anbefaler eg dåke å gå inn å lesa her: Litteratur Klubbens Blogg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)