mandag 20. mai 2013

Såto, tenkte vi der vi sat på Skorpefjellet og kikka over mot Englafjell...

...Såto kan vi prøva oss på i morgon!

Det var altså turplanen i går, 19.mai. Men så vakna eg søndagsmorgon og tenkte "SÅTO??? I denne varmen??? Så bratt som det er???" Nei, dette måtte eg avverga! Heldigvis tenkte Ann Irene likt som meg og på ein-to-tre så var turmålet endra nok ein gong.

Vi parkerte difor ved Fjellandsbøvatnet..

...og fylgde skogsvegen nesten til endes...
...til der kor det går ein kort skogsveg nedanfor den vi hadde fylgt til no. Så peisa vi rett over på andre sida til vi gjekk på turstien der. Vi skulle nemleg opp det "skaret" eg har markert med rosa pil på biletet.

Ein treng ikkje fylgja skogsvegen så langt som vi gjorde i dag for å gå denne turen. Turstien byrar berre eit par svingar etter garden, men starten er litt dårleg merka så ein må fylgja med så ikkje ein går forbi hvis ein vil gå turen på denne. Vi gjekk skogsvegen med vilja i dag sidan vi tenkte det var litt betre enn å gå i skogen i varmen. Det er ikkje noko problem å finna stien hvis ein går sånn som vi gjekk - vi gjekk rett på den på andre sida. Ellers så er denne stien generelt ikkje så bra merka og burdet hatt ei oppussing.

Ja,ja, nok om det. No når vi hadde funnet stien bar det oppover, og oppover, og oppover. Mens klatremus dansa avstad som ingenting, gjekk eg meg heilt tom kun etter stutt tid. Det var så VARMT! Det var ikkje eit VINDPUST å kjenna. Eg heiv etter pusten og lurte ein augneblink på om eg hadde fått astma på mine gamle dagar. Tunga hang ut og eg drakk opp alt vatnet mitt. Så klora eg meg oppover, meter for meter, centimeter for centimeter medan eg såg livet passera i revy. Skulle eg verkeleg enda mine dager i ei ur oppmed Fjellandsbø?? Brått såg eg det: Der rett framom meg, den flottaste oasen eg har sett (eg har aldri sett nokon før eigentleg), blankt deilig vatn og der på sida sat prinsen og venta på meg på ein kvit hest... Ok, det gjekk kanskje ikkje så langt at eg såg luftspeglingar, men eg lurte verkeleg på om eg måtte gje meg på tap i dag. Men under over alle under, brått kom eg over kanten og der var det ein deilig bris som gjorde at eg vakna litt og då trippa eg så lett inn på stølen.

Dette var iallefall ikkje luftspegling - dette er på ekte :-)

Frikk var nesten like varm og sleten som meg og leita etter skygge.

Eg anar ikkje kva det heiter her, det har eg gløymt ut, men fint er det. Eg har berre vore her eingong før og då regna det i strie straumar. No når eg fyrst hadde kome meg opp, gløymte eg raskt kor sleten eg hadde vore for berre nokre minuttar sidan. Etter ei kort pause bar det så i veg rundt på toppane rundt vatnet.

Frikk bada litt på vegen og eg lurte ein augneblink på om eg skulle slå fylgje..

Sjå kor fint - Ulvanåso midt i mot.

Til og med krefter igjen til eit lite hopp ;-)

Utsikt mot Blådalen andre vegen.

Vi måtte gå litt ned igjen for å koma oss opp på det som skulle vera siste topp...


...der fekk vi denne utsikta.

Den var ikkje Ann Irene heilt nøgd med og byrja difor raskt å flakka med blikket mot ein topp lenger oppe. Eg hadde ikkje tenkt meg lenger oppover no, men ynskja ho god tur - og avgårde for...

...ho. Eg har vurdert om eg skal ha ho i band, for det er jo ingenting som stoppar dette mennesket når ho har fått teften av ein fjelltopp! Eg viste jo at neste topp ikkje ville vera nok, og då eg snudde meg klatra ho vidare frå den eine til den andre...

Dette var det siste eg såg til ho på ei stund.

Og medan Ann Irene la i veg på fjelltur nr. 2 for dagen, tusla eg meg sakte, men sikkert ned mot stølen igjen.


Eg fekk nok ikkje så god utsikt som Ann Irene, men var nøgd med den eg fekk - Matrefjorden. Her ser ein og skogsvegen vi fylgede oppover før vi valgte å kryssa over mot denne sida.

Oversikt frå toppen rett ovanfor stølen.

Artig naturkunst nede ved vatnet :-)

Så rigga eg meg til ved stølen og hadde eit betre måltid med resteniste frå Skorpeturen medan eg venta på at Ann Irene skulle dukka opp att. Og etter ei lita stund dukka fyrst ein sleten hund opp som ikkje viste om han skulle pusta, drikka, legga seg i skuggen eller eta fyrst. Og deretter kom Ann Irene dansande nøgd nedover lia - oppspilt over utsikta HO hadde fått på sin tur. Ho sa ho ikkje hadde skrive seg i boka på Gråfjell, men eg er sanneleg ikkje sikker på om det stemmer ;-)

Så fekk ho seg ei lita kaffi- og nistepause før vi la i veg på heimattevegen. Mykje grus og tørt gras i stien så her må ein gå forsiktig ned att.


Dette er utsikten ein får opp og ned dette "skaret". Så visst har Uskedalen eige fossefall :-)

På vegen ned att valgte vi å gå stien til endes gjennom skogen, sånn berre for å ha gjort det òg.

Trass i varmen, nesten astmaanfall og ein altfor bratt bakke, så vart no dette nok ein flott tur vi kunne kryssa av for denne Pinsehelga :-) Men eg trur nok vi hadde klatra Såto lika så godt når alt kjem til alt ;-)


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)