Komma til tante og læra seg å strikka.
Tok ikkje lange stunda før ho hadde taket på dette :-)
Har du litt restegarn til overs kan du jo strikka deg eit sitjeunderlag. Eller, restegarn og restegarn - eg har strikka nokon sitjeunderlag før, men synes dei har blitt litt for små, så eg tenkte eg måtte strikka eit litt større denne gangen. Då haldt det ikkje kun med restegarnet mitt, eg måtte på Nille å kjøpa inn nokre nøster i tillegg. "Svær ræv, krev mykje garn" - som eit gammalt bobleordtak lyder:-)
Slik såg det ut før toving. Gutungen meinte det måtte vera plass til mange på dette sitjeunderlaget...
...men etter å å ha blitt dynka i grønsåpevatn og ein runde i vaskemaskina...
...krympa det betrakteleg!
Akkurat passeleg til min bakstuss, tenkjer eg. Blir det fint vær i morgon òg ser eg ikkje vekk i frå at det skal få vera med på ein prøvetur ein eller anna plass :-)
No var dette sitjeunderlaget laga på ein-to-tre og det er ikkje akkurat noko stort kunstverk. Hvis du vil legga litt meir arbeid i det, kan du f.eks nålefilta inn mønster e.l. i arbeidet før du tovar det.
Det har eg f.eks gjort på dette sitjeunderlaget - og vinveska, og vottane...
Ser dåke forresten at eg har laga nytt boble-tittel-bilete? Eg legg merke til no at eg har noko i handa på dei fleste bileta og det minnar meg på at eg har forsømt meg veldig i sommar - det har blitt altfor lite champagnedrikking! Eg må vist ein tur på Polet i morgon - utan sitjeunderlag, trur eg....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)