søndag 30. oktober 2011

Beklagar, lite nytt å meddela...

... i frå bobleverda for tida. Oktober & november - det er vel dei månadane eg er nærast å gå i dvale. Trass fine haustfargar ute, flotte fjellturar, koselege kveldar med tente telys og fyr i omnen - mørke morgonar, mørke kveldar, kalde morgonar, kalde kveldar, regn, vind, is på bilrutenene - eg blir tom for både engergi og motivasjon og det meste blir eit ork. Dei to siste somrane har ikkje akkurat hjulpe noko - trur ikkje eg boblar over av D-vitaminar. Slik er no eingong høsten - det er ikkje noko nytt. Men, ein kan jo ikkje berre dra dyna over hovudet og gje seg over. Skulle tru det gjekk an å forebygga dette her når ein nærmar seg 42 - det er jo ikkje det at eg ikkje veit at denne høstdeppinga kjem kvart år. Og det gjere det jo sjølvsagt. Eg for min del kunne f.eks byrja knaska på B12 vitaminene mine i august i stadenfor slutten av oktober, men nei, må venta til lageret er heilt tomt slik at det blir nokre lange veker før virkninga slår inn. Og så kan ein jo forebygga med å passa på kosthaldet sitt. Og det har eg faktisk gjort ein liten tvist i år - eg har byrja å eta frukost! For folk flest sikkert ein heilt naturleg ting, for meg heilt unarturleg. Og kva frukost er det mest naturleg å byrja med for slike som meg som ikkje synes mat fristar om morgonen? Jo, ein "lett" frukost som består av havregrynsgraut! Skulle eg fyrst byrja å eta frukost måtte eg jo sørga for at det det blei noko sunt. Og eg kan ikkje skjøna noko anna enn at havregrynsgraut må vera skrekkeleg sunt - kvifor ellers skulle nokon finna på å eta noko slikt? Kvar skei "sklir" rett ned i halsen av seg sjølv liksom...No har eg vel ikkje ete havregrynsgraut lenge nok til å seia at eg merkar noko virkning, men det skal havregrynsgrauten ha - ein blir ikkje svolten med det fyrste etter ei skål. No er det nesten slik at eg må eta lunsj på trass...


Yum - havregrynsgraut....og B-vitaminer

No satsar eg altså på at inntak av B12 vitaminer og havregrynsgraut snart sørger for at eg struttar av engergi og motivasjon. Som dåke ser ovanfor eg eg på god veg til å bli mitt sprudlande jeg igjen ;-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)