I dag lar eg jul vera jul - eg har noko viktigare på hjarta. På laurdag forsvant eit kjært familiemedlem på Husens Storsenter - og sidan har ingen sett han :-( Han kan umogleg ha gått langt på eigne føter, så det er nok mest sannsynleg at han har funnet seg godt til rette i ei hylla eller på ein disk i ein eller anna butikk. Difor sender eg i dag ut ei etterlysing etter Felix Emil sin sårt sakna koseelefant. Han er som dei aller fleste elefantar grå og har snabel... På bilete under er han fornøgd passasjer i jobbebilen til Felix:
Ber om at alle som tar turen til Husnes Storsenter kikkar seg ekstra godt rundt for å sjå om dei kan finna elefanten.
Tante Anita spanderar ein stoooooor marsipangris til den som finn elefanten og sørger for at han kjem heim att til jul!
Veldig bra at tanto tar ansvar! Han e sårt sakna å vi krysse fingra
SvarSlettOg tær for at han dukke opp;)
Hei!
SvarSlettBra at tanto vil hjelpe til. I dag måtte guten ta til takke med ei løve!
Helsing Målfrid M