tirsdag 7. februar 2012

"What the heck...

...has happened to your face???", Ivan ser på meg med store auge.
"Never mind - how did you get loose??, seier eg med minst like store auge.
"I simply removed the ropes - you're not exactly the Queen of Tying Ropes", flirer han.
Ja, det var vel for godt til å vera sant at eg, som knapt har sett ein skipsknute og aldri har knytt noko anna enn skolisser i heile mitt liv, skulle ha klart å knyta fast ein diger russar. Hadde det ikkje vore for at Andhøy hadde dratt til han med ei steikepanne i hovudet så han svima av i tilegg, så hadde han nok vore laus for mange dagar sidan. Bak Ivan ser eg foressten at rollene no er byta om - Andhøy står surra fast til masta og ut av munnen kjem det mange "fine" ord...

Ivan ber meg pella meg ned i byssa medan han snur skuta for å segla mot Auckland og New Zealand igjen. Han er framleis heilt besatt av tanken på å levera meg over til myndigheitene og tjena 50.000,- dollar. Eg prøvar å protestera så godt eg kan, men eg får eit spark i baken i retning byssa.
"Ja, ja,", tenkjer eg. "ikkje kom her og seia at eg ikkje prøvde." Eg merkar at skuta snur 180 grader - og så er vi på veg til Sydpolen igjen....

Nede i byssa er det no Samuel og Vladislav som har byta plass - no har Samuel havna innelåst i brisken.
"Come on", prøver eg meg med i retning Vladislav "can't we just stop this and become friends again?"
Vladislav berre ignorerar meg.
"Hi you Russian! Can you hear me?", seier eg litt høgare.
"Stop! Stop! Stop calling me Russian. I'm not Russian. I'm from Argentina. And me no sailor.I'm King of Tango. I want to go home dancing...", hulkar Vladislav fram.
Eg ser med forundring på den skjeggete, bustete, tannlause og ganske så korpulente skapninga foran meg - King of Tango??". Eg får ikkje sagt nok meir før Ivan kjem ramlande ned trappa.
"Sooo creepy up there", seier han og hutrar seg.
"Ocean full flowers. Someone died..", fortset han.
"Yes, indeed", tenkjer eg, men seier ingenting.

Vi blir stitjande å skule på kvarande i byssa både vel og lenge. Eg legg merke til at både Ivan og Vladislav duppar av etterkvart. Kva Samuel gjer i brisken veit eg ikkje, men det er i allefall stille. Eg snik meg unna og byrjar å klatra opp trappa til dekk. I det eg når utgongen får eg sola midt i andletet og må mysa for å sjå masta kor Andhøy står fastsurra. Eg har lese i diverse magasiner at mange ser på han som eit dugande mannfolk og at han er riktig så populær hos damene. Eg har ikkje reflektert noko over dette, men no når eg ser han stå slik med solskinet rundt seg, rak i ryggen (skulle berre mangla - han er surra fast oppetter masta), mørk og høg (det må vi vel takka crocsa for), skjer det brått noko med meg. Eg stig ut på dekk, bøyer hovudet lett bakover medan eg lyfter armane og ruskar meg lett i håret, knip augo lett i saman og formar leppene til ein trutmunn samtidig som eg smyg meg elegant framover med vrikkande zumbahofter.
"Hva i huleste, heiteste er det du driver med nå?", kjem det i frå Andhøy.
Eg er i siget og let meg ikkje affisera.
"Jack Sparrows, I'm coming for you", kjem det i frå meg - mørkt og sensuelt.
"Hallo verden kaller! Stopp med det der! Du ser ut som ei overkjørt, gammal kjette som drar på bena og har fått ene øyet klort ut! Slutt og tull å se til å hjelp meg løs herfra så vi får snudd skuta mot Sydpolen igjen. Nå har vi jamme rotet bort nok tid på tull!!"
Overkøyrt gammal kjette?? Her prøver eg å bringa litt romantikk ombord og så er dette takka? Ganske så snurten knyter eg opp tauet rundt Andhøy. Han grip straks roret og snur skuta igjen. Denne gongen prøver eg ikkje å protestera eingong. Eg er lei heile turen og har lyst å komme meg på land så fort som mogleg.

Andhøy har gått ned i byssa for å skværa opp med Ivan og Vladislav medan eg sit fornærma og furten att på dekk. Brått innbillar eg meg at eg høyrer nokon som ropar bak meg: "Anita Pirat! Yohoo! Anita Pirat". "Fint", tenkjer eg, No hallusinerar eg òg". Likevel kikkar eg meg til sida og ser rett på Kaptein Sprød som står å vinkar med hatten ombord på skuta si.
"Yohoo! Anita Pirat! Eg visste det var deg - eg kjente deg igjen på mils avstand!", ropar han mot meg.
"Du," fortset han, "eg berre lurer på ein ting: Kortid er eigentleg Aktivitetsdagen i år?"
"Eh, 9. juni frå klokka 11 til 15", svarar eg. Eg står på dekk og fattar ikkje heilt kva som skjer.
"Åh, det var som pokker. Arnold Pirat - sett kursen mot nord, vi har dårleg tid!" ropar Kaptein Sprød og snur seg mot Arnold Pirat som står til rors.
"So long!" ropar han mot meg og svingar hatten i eit farvel.
"Nei, nei, vent, vent! Kan eg få haika - eg vil heim!" Eg høyrer at eg er desperat i stemma. Før eg veit ordet av det har eg langa ut, tatt sats og tatt eit tigersprang mot skuta til Kaptein Sprød. I det eg er i lufta kjenner eg at eg smell til roret så det snurrar rundt med eine foten. Eg landar med eit brak framfor føtene på Kaptein Sprød, og i det eg snur meg ser eg skuta eg nettopp har fortlatt snu 180 grader nok eingong. Eg reiser meg og ser Andhøy, Samuel, Ivan og Vladislav kjem styrtande opp på dekk for å sjå kva som foregår.
"So long!" ropar eg til dei, "No siglar eg heim til Noreg!"

"Du, Kaptein Sprød..." seier eg forsiktig etter eit par dagar, "eg gav eigentleg dei karane ombord på den andre skuta ditt kart å sigla etter...". Kaptein Sprød ser fyrst på meg med eit morskt blikk, så gliser han så breidt han kan og slår seg på magen.
"Ha-ha-ha! Ja, då skal dei ha lykke til på ferden. Det er eit kart i forkledning - det er umogleg å finna noko skatt med det kartet. Det eneste ein finn ved hjelp av det kartet er Sydpolen..."

THE END




Sluttord: Ja, ja, det  blei jo ein syltynn slutt på denne visa, men det er jo begrensa kor lenge eg kunne dra dette ut. Så no var det på tide for meg å avslutta min Sydpolekspedisjon. Eg ynskjer resten av mannskapet lykke til på resten av ferden og håpar dei kjem seg vel heim att med fred i sinnet. Mogleg det dei driv med er galskap, men hipp hurra for at det finnes folk som ikkje er så opptatt av å leva det samme A4 livet som eindel av oss andre :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)