lørdag 20. oktober 2012

Våren 2011 fekk vi eit stort..

...fritidsproblem i heimen! Etter å ha køyrt til Husnes 3 kveldar i veka i åravis vart det brått slutt på det. Det var funnet feil i taket på symjehallen og den blei stengt prompte! Symjeklubben, som så sårt hadde trengt ein opptur etter å ha vore råka av både sjukdom og framleis var prega av at ein av ildsjelene gjekk bort så altfor tidleg, gjekk ned for telling. Brått fekk vi mykje meir fritid - og kva skulle vi finna på no??

Tja, eg fekk jo faktisk tid til å laga meg mat etter jobb - det var det jo ikkje alltid tid til før.  Eg har sete mang ein gong på symjekanten og døyvt svolten med cola og pringles chips ;-) Det blei mange gåturar rundt dalen - det plar gå hardt utover Damevennene iom at det er den friske lufta rundt dalen som gjer at eg får slike "fantastiske" idear som eg prøver og overtala dei andre damene til å synast er like "fantastiske"...Eg fekk god tid til å planleggja konfirmasjonen til guten og sist men ikkje minst - eg fekk ein idè om at måtte pøva meg på dette nymotens fenomenet kalla "blogging" :-) Og vi ser jo korleis det har gått..

Det vart sagt at symjehallen skulle fiksast og opnast igjen høsten 2011 - opp med handa alle som verkeleg trudde på det? Så fekk vi høyra januar 2012 - opp med handa alle som trudde på det? Eg trur ikkje eg skal komma inn på kva eg meiner om den tida det har tatt å fiksa dette taket, men irritasjonen har vore stor. Eg rekna med at etter som tida gjekk og guten vaks til så var vår tid i symjehallen forbi uansett kortid den opna.

Forrige mandag, 15.oktober, var det endeleg tid for nyopning - halvtanna år, og vel så det, etter at det vart stengt! Etter å ha hatt ein liten diskusjon på det, kom guten fram til at ikkje hadde lyst til å byrja på an igjen med like mykje trening som tidlegare, men kunne tenka seg å trena kanskje ein til to gonger i veka. Etter at hallen i går hadde vore open i 5 kveldar, hadde vi vore der i 3 av dei....

Så då kan det sjå ut som om vi er i gang igjen med køyring til og frå symjehallen titt og ofte. Til tross for både mopedopplæring og traktorkøyretimar - guten fyller ikkje 16 før i desember, så mor må framleis trø til med køyring ei stund frametter..

Ahhh - klorlukt ;-) Ikkje berre er taket fiksa - det er komen nye lampar i taket og det er blitt så lyst og fint atte :-)
 
Eg må vel finna fram badedrakta ein og anna gong eg òg, men ellers så var dette "mitt andre hjem" i fleire år. No ser det ut som om eg må til å tilbringa meir tid her - med cola, pringles, Se og Hør og strikketøyet mitt :-)
 
Og apropo strikketøy - eg har jo skrytt på meg ein voldsam strikkeaktivitet i høst. Ja, skulle ein gå etter alt skrytet så skulle ein jo no tru at eg vassa i huer, vottar, sokkar, sjal, høner og gudane veit kva...
 
Men her er heile produksjonen - to (2!!!) par sokkar!
 
Vel, vel, kanskje får nokon mjuke pakkar til jul i år, kanskje leverar eg dei bort i Martabu - eller kanskje eg rett og slett tar dei sjølv :-) Og eg har visst ikkje tenkt å gje meg enda - tredje par er snart på pinnar..
 
Men nu skal eg sjå om eg fåe hengt opp den nye hylla eg kjøpte meg i går - det kan gå hardt utover lommeboka når ein bommar ein time på symjetreningstidene ;-) 
 

2 kommentarer:

  1. Sokkane var kjempefine! Kanskje eg skal legge inn ei bestilling no når da nærma seg vinter. Eg blir jo sånn mobba for dei raude tøflene mine på jobb, så eg kunne godt bytta dei ut med et et par av dei kvite!?:)

    SvarSlett
  2. Sjølvsagt kan du få sokkar, Terese :-)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)