mandag 25. februar 2013

På laurdag fekk eg eit stor ynskje...

...oppfylt!

Vi skulle berre ha ein liten jentekveld, men trur dåke ikkje at jentene hadde tenkt ut at det passa med ei lita bursdagsfeiring òg - sjølv om eg ikkje har bursdag på maaaaaaaange dagar enda:

Eg kom jo skikkeleg til duk og dekka bord :-)
 
Dette var jo riktig så koseleg (og godt) og eg kunne godt tenkt meg å komma til duk og dekka bord kvar dag eg, men det er ikkje dette ynskje eg snakkar om i overskrifta..
 
Pakke fekk eg òg:
 
Riste, riste, rive, rive - svusj - vekk med papiret. Kva kan det vera??
 
 

Jo, alle damers draum - "varmeelement" for hansker og sko + multiverkty!! Alt skal sjølvsagt brukast på tur. Og her er grunnen til at eg stod og brifa med multiverkty i beltespenna på Storhaug i går. Litt usikker på kvar og nårtid eg skal bruka det, men når den tid kjem skal eg i allefall vera forberdt :-) Dette var noko eg ikkje visste eg hadde ynskt meg eingong før eg såg det, så dette var heller ikkje ynskje eg nemner i overskrifta.
 
 

No hadde eg jo fått både mat og pakke, så kva meir kunne det vera?? Hmmm...med slør og sløyfe på...Men hva er det jeg  har på hodet???
 
 
I årevis har eg masa på jentene om at "NO, må vi kjøpa oss nokre fine hattar! Skal vi ikkje kjøpa oss hatt - om ikkje anna enn til 17.mai??" Men, ingenting har skjedd. Det einaste vi har måtte ta til takke med er nokre heimesnekra kruner med ein måke på og ein eksamenshatt. Fine dei, bevares, men ikkje nett 17.mai materiale... Men sjå her - no hadde jammen meg Marit tatt ansvar og skaffa oss, ja, nettopp - flotte nye hattar. Ikkje dei aller største, som dåke ser, men dette er ein flott begynnelse - vi byrjar i det små :-) Eg var strålande nøgd - eg fekk til og med ein som passa perfekt til mi nye jakke :-)
 
Så no har eg endeleg fått hatteynskjet mitt oppfylt! Alle gamle damer bør jo gå med hatt ;-) Dette var ei kjekk bursdagsfeiring på førehand :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)