lørdag 13. april 2013

Nytt turmål på planen i dag...

...for fyrste gang på lenge!

Ann Irene hadde bestemt at i dag skulle Skålafjellet i Rosendal utforskast. Litt flaut at dette er eit ukjent turmål for oss. Enda litt flauare at vi hadde tatt med oss kart...og at vi brukte det....opptil fleire gonger....

Vi parkerte fyrst ved kyrkja, men etter litt telefonering heim for rådslaging enda vi opp med å køyra opp til Bjørke. Og så la vi i veg.

Langs vegen traff vi på desse kjekke Rosendølingane som kosa seg i sola.

Fin utsikt over Rosendal og omegn fekk vi òg.

Etter ein liten rusletur på skogsveg kom vi endeleg til dette skiltet - her skulle vi!

Og så, berre nokre skritt oppover stien skjedde det -  det eg har grua meg til i 43 år! Det var Frikken som oppdaga denne vesle karen fyrst, så Ann Irene og så eg då, heilt til slutt:

Sjå kor fin!

Eg har jo alltid trudd at når eg fyrst traff på ein hoggorm så kom eg til å sleppa alt eg har i nevane, snu meg om prompte, setja verdsrekord på 100 meter og gje frå meg høg lyd! Til mi store forundring så ble jeg stående helt fjetret! Eg trur det var kjærleik ved fyrste Hizzzzzzzzz :-) (No ver venleg å plasser ein mann på stien - kan gjerne hvesa litt...)

Ok, biletet lyg litt. Han var ikkje så stor som det ser ut som - berre ein liten sjarmerande kar. Ja, ja, eg prøvde jo å overbevisa Ann Irene om at han var stor, men hoggormeksperten blant oss berre fnøys av det. (Dåke må ikkje la dåke lura av hennar milde ytre, ein av dama sine hobbyar i yngre år var å hiva Skåneviksormen i maurtuer og høyra på at dei skreik. Ja, ho seier så - at hoggormen kan skrika - veldig høgt!)

Omsider fekk Ann Irene dratt meg vidare og vi kunne fortsetja turen vår mot..

Skålafjell, eller Skaalafjedl, som det stod på skiltet.

Eg hatar oppoverbakkar! "Neimen, det er jo så kjempekjekt!" Nei, Ann Irene - ingen normale folk synes det er kjempekjekt å gå rett opp eit fjell!

Artig bilete av Malmangernuten m/skydott tatt på veg opp på Skålafjellet.

Men, om ikkje så brått, vips eller plutseleg, så kom eg meg no opp eg òg :-)

Varden på Skålafjell...

...utsikt mot Myrdalsvatn (Joda, det er heilt i enden der)

Vakkert!

Og Muradalen i det fjerne.

Ann Irene og Frikken på Skålafjell.

Jada, kjekt med hainhonn i bainn.


Vi tok oss ei lita pause her. Fotograferte litt, skreiv oss inn i boka og inntok litt drikka. For vi hadde jo ikkje tenkt å gje oss her. Neida, "vi" såg jo ein topp til litt lenger framme, og i fylgje...

..desse skilta kunne vi jo gå både hit og dit.

Så la vi i veg igjen. Vi hadde juksa litt og sett på kartet at vi faktisk ikkje trong gå heile fjellryggen att og fram, vi skulle etterkvart finna ein plass vi kunne byrja å gå nedover igjen og enda opp på skogsvegen att. Men fyrst..

...kom vi hit og kunne kikka bort på Skålafjell igjen. Ok, det er godt mogleg at desse toppane har nokre navn og alle er eindel av Skålafjellet, kva veit eg. Så nøye såg vi ikkje på kartet. Som dåke ser så ligg det framleis litt snø og is her, så vi måtte passa litt på kor vi sat føtene.

Melderskin rett ovanfor oss på andre sida. Medan Ann Irene får stjerner i augo og tenkjer "kjempekjekt", slår eg ned blikket og tenkjer " Å fa..." vel vitande om at dette står på programmet seinare i år.

Og så, provet på at vi var på rett veg.Vi sikta oss innpå stien til Kjeldestøl - den gjekk nedover.

Litt usikker på kvifor eg hadde innbilla meg at eg ikkje skulle tråkka i snø i dag, det er jo tross alt full vinter på Fjellandsbø òg, og det er jo ikkje sjå høgt det heller. Men snø det måtte vi tråkka i, og det låg enda eindel is igjen nedover lia. Men det var jo ikkje kaldt, så sjølv om vi gjekk i joggesko og blei våte så fraus vi ikkje på beina i dag. Brodder hadde vi ikkje tenkt på å ta med i dag, men vi kom oss greit nedover likevel.

Ikkje visste vi at Nissen held til under ein mosedott i Rosendalsfjella, men det gjere han visst :-)

Kjeldestøl openberra seg brått for oss.

Her var visst kvar "hus" ein eigen støl. Den fyrste vi traff på var "Siristølet", eg antar dette er barndomsheimen til min gode kollega Siri Hass ;-)

Veldig fint og..

...koseleg. I fylgje nokre damer vi traff lenger opp i lia skulle det vera ei bok å skriva seg inn i her, men vi fann ingenting.

Her var det jo fint i sola, men tru ikkje at vi slo oss til ro her heller. Nei, det var på tide å koma seg ned i frå fjellet og inn på..

...skogsvegen att.

No kunne vi jo gått strake vegen tilbake til bilane og køyrt heim vel nøgde med dagens tur, men det gjorde vi jo sjølvsagt ikkje. No hadde vi fått blod på tann og la i veg mot Myrdalsvatnet.



Vi var nok litt lenger vekke enn vi trudde, men etter ei stund kom vi fram :-)

Og endeleg tok vi oss tid til å kvila litt og eta nista vår - medan vi kikka på framtidige turmål:

Med fare for å vera heilt på villspor: Gygrastol.

Rett i koppen tomatsuppe og julebrus - eg syntes det smaka fortreffeleg i dag :-)

Vi valgte å fylgja vegen på "Klettesida" på tilbakevegen. Ja, heilt til vi kom til..

..Dinglo. Den valgte vi å gå over slik at vi enda opp på rett side igjen i forhold til kor vi hadde parkert. Og så fylgte vi skogsvegen mot Bjørke igjen.

Og vi gjekk, og vi gjekk - var ikkje denne tilbakevegen mykje lenger enn når vi gjekk andre vegen?? Eg syntes aldri vi kom attende til bilane våre. Kneet byrja å skranta og ei stund var det faktisk betre å jogga litt enn å gå. Men eg måtte gje meg på det - eg blei så tissetrengt av den aktiviteten ;-) Men, omsider nådde vi endeleg tilbake til utgangspunktet.

Åååå, så nøgde vi var med turen i dag, sjølv om det er lenge sidan vi har traska så langt på tur. Kjempeflott tur, men som sagt så ligg det enda litt snø og is i fjellet. Spesielt stien ned i frå Kjeldestøl var veldig isete.

Når eg kom heim slang eg meg på sofaen og såg nok akkurat ut som...



...Frikken då vi nådde Myrdalsvatnet. Stakkar, han blunka og blunka og til slutt så datt augo igjen :-) (Men det varte ikkje lenge, altså)




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)