søndag 13. juli 2014

Den lange turen...

...heim! Ja, det trur eg vi må kunna kalla gårsdagens tur.

Vi Venene hadde sett seg fore å legga ut på langturen Fjellandsbø - Gråfjell - Tverrfjell - Mannsvatn - Storhaug - Korsneset. Og dette skulle vi altså gjennomføra medan dei siste dagane hadde vist over +30 på gradestokken..... Eg var spent - eg slit som ein makk med å gå tur i varmen og såg for meg at eg måtte kapitulera allereie på Hjort.

Men eg pakka sekken og blei plukka opp ved vegen av Reidun kl. 08.30. Var best å starta tidleg før det blei FOR varmt, tenkte vi. Pga. litt mannefall i siste liten vart vi berre 3 stk. som tok ut på turen. Etter at alle var dekka med solkrem og spray for å halda floger, mygg og anna uhumskheiter vekke frå kroppen la vi i veg frå Fjellandsbøvatnet kl. 0900.

Fyrste mål på turen var å koma seg greit til Hjort. Vi fulgte skogsvegen til endes til Leiteshaugane, for så å gå ned og rett bort til høgre kor vi traff på stien etterkvart. Så fulgte vi den opp langs elva/ura. Vi fann eit behageleg tempo som passa alle tre og klauv stadig høgare oppover. Og utan å bruka for mykje krefter...

 ....kom vi opp til Hjort. Her er det fantastisk idyllisk og flott :-)
 
Vi tok oss ei pause her for å fylla på litt på vannflasker - det vi hadde igjen på flaskene var allereie blitt ganske så lunka og varmt. Ikkje at vatnet her var iskaldt lenger heller...Så diskuterte vi vegen vidare littegranne. Ein kan nok fylgja ei sti langs høgre sida av fjellet og koma seg opp på Gråfjell via Omvikdalsida, men eg var fast bestemt på at det måtte vera kortare å halda til venstre og koma seg opp på Uskedalsida. Og sidan dei to andre stolte fullt ut på meg, vart det til at eg fekk viljen min - vi la i veg oppover på venstreside. Kor feil kunne vi eigentleg ta? Dette er vel ikkje akkurat fjellet vi kan sitja oss fast på ei fjellhylle, trur eg. Litt spente på kor vi kom til å koma opp var vi noko likevel
:-)


Tilbakeblikk ned på Hjort - herifrå ser ein og godt inn i Blådalen.

Oppover bar det.

Ein liten nistepause sånn ca. halvvegs opp til Gråfjell. Det var varmt, men ikkje uuthaldeleg varmt i går. Likvel passa vi på å få i oss nok mat og drikke. Magnhild prøver å sjekka kor vi er hen på
kartet :-)
 
Vi nærma oss stadig toppen. Vi kunne valgt å gå rett opp, men haldt framleis litt mot venstre oppover. Blei einige om å runda ein liten topp, og der...

...der fekk vi varden på Gråfjell midt i mot oss!!! O' store lykke - kunne vi ha kome opp og truffe noko betre enn dette??? Neppe :-)
 
Og no fekk vi utsikt heimover og + at vi kunne sjå at vi eigentleg såvidt hadde byrja på turen vår...

Matrefjorden låg bak oss...

...og Blådalen på andre sida. Ein har flott utsikt i frå Galdhøpiggen, men den er jaggu ikkje så verst herifrå heller :-)

Vi valgte å koma oss på toppen av fjellet, og så var det berre til å gå rett fram til vi kom til varden.

Her kunne Reidun signera fyrste bok i dag :-) Det går litt folk her, men ikkje så mykje. Midt navn står nesten øverst på venstre side (29.5.2014), og no nederst på høgre side.

To supernøgde damer som har nådd toppen av Gråfjell!
 
Vi tok oss ei lengre pause på Gråfjell. Enda meir påfyll av mat og drikke, fotografering og nyting av utsikt. Når det var tid for å gå vidare meinte eg på at kortaste veg til Tverrfjell var å fylgja steinvardane bortover og ikkje T-merkinga. Då vil vi framleis gå på Uskedalsida og ikkje Omvikdalsida. Dei andre stolte framleis på meg, så då vart det slik :-)

Litt fjolling på veg ned i frå Gråfjell må vera lov :-)

Her ser vi oss tilbake på veg opp til Tverrfjell. Vi fekk ei litt lenger pause ved vatnet til høgre enn vi hadde tenkt. Skulle fylla på vannflaskene, men A. Enæs med sine superkrefter klarte jo å kasta flaska si så langt i frå land at ho beint måtte ta av seg på beina og vassa etter. Og det var jo så deilig å varmt at ho nekta å koma på land igjen med det fyrste. Eg trur absolutt det ville vore godt med eit bad her, men det var litt lang veg heim å gå med våte kler. Men vatnet var deilig og varmt - spørs om ikkje det må bli ein badetur hit ein anna dag:-)
 
På veg opp til Tverrfjell steikte sola godt i bakhovudet og eg følte meg ganske kokt. Godt då at det var eit lite vatn nesten på toppen - i allefall stort noko til at eg kunne ligga på kne og duppa hovudet nedi og få kjølte det ein liten smule ned :-)


Utsikt frå Tverrfjell - Uskedalen og Mannsvatn - Fantastisk flott igjen!

Kva synes dåke? Kan ikkje bli så mykje finare enn dette - Uskedalen - Mannsvatn - Rosendal.
 
Vi hadde sjølvsagt pause på Tverrfjell og. Når vi var ferdig med den var det berre til å fylgja T-ane heimover mot Mannsvatn. Det er ein litt dryg tur, men no har det vore varmt og tørt så lenge at det er ein flott sti og fylgja. På vegen fekk vi sjå ei ørn som seilte avgårde ikkje så veldig langt i frå oss.

Tilbakeblikk på vegen så langt.

Omsider nådde vi Mannsvatn. Her hadde vi ei lengre pause og helste på ei venninna av Magnhild som var på hyttetur. Vi fekk servert kaffi, seigmen og kjeks. Og eg fekk til og med ein balje med kaldt vatn til å kjøa ned beina i!! Det gjorde godt det - var byrja kjenna turen under stortærne no :-)
 
Etter å ha sete her ei god stund måtte vi vidare - no byrja vi sjå på klokka og - vi hadde jo ein strandfest vi skulle rekka heim til! Vi fylgde stien langst vatnet - den er så godt merka ;-) 
 
 

Over vidda, som eg kallar det - bar det. Sjå kor idyllisk med raud T og myrull - skulle nesten tru eg hadde malt den sjølv ;-)
 
Siste stopp tok vi på Storhaug, men så var det berre til å ta fatt på siste reis heim. Nedover bar det. Eg synes stien frå Storhaug og ned til Ådnaklett er gørrande kjedeleg og lang, men skal ein ned må ein nesten berre gå. Eg gjekk fyrst og Magnhild gjekk etter og trampa så hardt ho kunne for å halda ormen vekke....Frå Ådnaklett tok vi stien ned til Korsneset. Den har eg ikkje gått før og trur kanskje ikkje det blir noko favorittsti heller. Litt forundra over at deler av den er T merka....
 
 
Kl. 19.10 landa vi på verandaen til Magnhild. Her venta Ivar og Jorunn på oss og vi fekk utlevert kvar vår kalde øl - det var velfortjent! Vi måtte ta farvel med Reidun, som ikkje kunne vera med på festen denne gangen, men det kjem forhåpentlegvis fleire :-) Etter å ha sneke til meg ein dusj og fått på reine kler, følt eg meg som eit nytt menneske og klar for kvelden. Her blei det mykje god mat og drikke, tull og fjas utover kvelden/natt - akkurat slike sommarfestar skal vera i godt lag. Ny tur er vi hanka inn på, blir spanande og sjå om den blir noko av :-)
 
Omsider vart det på tide å tenkja på å koma seg heim til seg sjølv - eg hadde jo framleis nokre kilometrar igjen av turen... Fekk heldigvis fylgje med nokre andre festdeltakara nesten heile vegen, og så kunne eg endeleg...

....spasera opp trappa og inn døra heime :-)
 
Ja, det var jammen turen sin det! Alle 3 er strålande nøgde for at vi klarte å gjennomføra denne og vi vil anbefala den på det sterkaste til andre :-) 10 timar brukte vi, men det var det vel verdt :-)
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)