søndag 15. mai 2011

Eg er flau.....

Nokon diggar Elvis - eg diggar Tony Carey! Lenge har eg levd i trua om at det kun er eg og Oddabuen som diggar Tony Carey. Etter gårsdagens konsert på Husnes lever eg framleis i trua om at det kun er eg og Oddabuen + ei handfull andre Kvinnheringar som diggar Tony Carey. Lenge har eg gleda med til denne konserten, sjølv om eg må innrømma at eg er litt skeptisk når eg høyrer at gamle heltar som før fylte store konserthallar no reiser rundt og spelar i telt på små plassar som Husnes... Men, at det var PUBLIKUM som skulle øydelgga store deler av konserten, tross fleire advarslar om å roa seg ned, hadde eg ikkje tenkt på. Kvifor gadd folk betala hundrevis av kroner for å gå på ein konsert dei ikkje var interessert i å høyra på, men heller ville snakka, skråla og skåla med naboen? Måtte no ha vore mykje kjekkare å sitja heim i ei god, varm stova på vorspiel, for så å gå ned på To Søstre seinare?? Eg veit ikkje kva dei forventa skulle skje? At ein mann som dei siste 20-30 år har spelt piano og gitar skulle trø til for full rulle med gamle Rainbow sangar??Trur eg brukte 80% av tida på konserten til å gremmast og vera flau på publikum sine vegne!! Rett og slett pinleg! Og kva gjorde egentleg Tony Carey i eit telt på Torgplassen på Husnes? Når dei har revy i teltet er det så høg og god lyd at det er umogleg å snakka med naboen - når det er konsert stiller ein med eit elendig lydopplegg som gjer at ein må setja seg heilt fram for å få med seg musikken. Kva han sa var umogleg å høyra - ikkje at han sa så mykje, han gav vel opp... All respekt til Tony for at han gjennomførte konserten - eg hadde tatt min hatt og gått for lenge sidan... Synes litt synd på Betten og co. som gong på gong prøver å få noko til å skje på Husnes, men skjønar no kvifor det ikkje er så lett. Eg kjenner eg kjem ikkje til å still på konsert i teltet igjen på ei stund i allefall...

Vi som prøvde å høyra etter fekk iallefall høyra mange kjente og kjære Tony Carey låtar..

Må innrømma at eg la autografjakt og bildejakt på hylla i takt med at Uskedalsdagane blei lagt ned, men løye kva venninner får lokka deg med på..(pluss litt promille)


Vi hadde no ein kjekk kveld, tross alt :-)

2 kommentarer:

  1. kjekt å lese Anita, men vanskelig for mine auge dette med grønn skrift.

    SvarSlett
  2. Ja, ser det er litt forskjell fra maskin til maskin kor godt det går ann å lesa den grønne skrifta. Skal jobba litt meir med bloggutsjåande etterkvart :-)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)