søndag 16. juni 2013

Med fare for å gjenta meg sjølv til det kjedsommelege...

... Vårherre er ein Damevenn!

Det har eg alltid påstått og i går viste han det igjen  - for ein fantastisk Aktivitetsdag igjen i Uskedal Båthavn! Og ikkje ein dråpe regn! Det var noko eg berre hadde eit lite håp om sku skje då eg karra meg ned Kjærlandssida av dalen våt frå innerst til ytters fredagskvelden.

Som gamal, avdanka og utgått Damevenn har eg kunna slappa av i heile vår og ikkje løfta ein finger med tanke på årets Aktivitetsdag. Det einaste eg trong gjera var å stå opp i går, laga litt lappekakerøra og stilla på min faste plass på lappekakestanden. Veldig avslappande :-) Takk forresten til Janne og Johannes Hjønnevåg som heiv seg rundt og stilte med takka når Damevennene ikkje fann si. Er det nokon som veit kor den er så kan dei no kanskje gje ein lyd :-)

Ikkje tid til å ta så mange bilder, men:

Eg måtte jo foreviga fars kunstverk. Frå før har han mala lykkehjulet, i år ein fotballbane - kva blir det neste?
 
Sukkertøsene er nok dei mest populære på heile Aktivitetsdagen, mon tru om dei står og sel sukkerspinn enda?
 
Unge dansarar frå Herøysundet var blandt dei som underhaldt oss...
 
...det gjorde skulemusikken og...
 
....dansebandet AristoCats og :-)
 
Og så det som mange har som høgdepunkt på Aktivitetsdagen: Hopp i Havet!
 
 
Dimmelsvik Bil fyrst ut i år...
 
...og folk straumde, som vanleg, til i hopetall for å få med seg farkostane som skulle i vatnet :-)
 
Skjønar godt at SPAR ikkje ville sitja i farkosten sin sjølv, men jaga to unge kundar oppi..
 
Damevennene krangla om kor dei skulle sitja...
 
 
...og når alle skal sitja bak, blir det fort litt baktungt :-)
 
Raskast båt i år - Schat Harding!
 
Hopp i Havet general, og Uskdals galnaste mann, Oddmund Soldal hadde i år fått den glimrande ideen om at heimelaga rulleski i båt måtte vera tingen. Dette kunne jo umogleg gå bra....
 
....og det gjorde det jo sjølvsagt ikkje heller. Hvis det nokon gong har gått eit gisp i gjennom publikum på Hopp i Havet, så må det har vore i går! For ordens skuld, Oddmund er lika heil og eg er sikker på at han til neste år igjen vil visa at han ikkje har lært av sine feil...
 
Anette strålande nøgd med å ha vunnet optimistprisen på laget til Damevennene. Pokalen blei seinare på kvelden/natta dedikert til Herreavdelingen til Damevennene og står sikkert i denne augneblink og glitrar på peishylla til Jostein Hauso :-)
 
Hvis dåke vil sjå meir av Hopp i Havet konkurransen så har Kim Raudstein laga denne videoen og lagt ut på Youtube:
 

Sjå kor gøy vi har det i Uskedalen :-)
 
Kvelden/natta blei avslutta med den vanlege festen til Damevennene og medhjelparane deira på Bøkkaren. Nok eingong var veret så flott at vi kunne sitja på kaien og i fjæra rundt bålet og kosa oss. Eg hadde som vanleg tatt sykkelen fatt - ja, eg kan sykla igjen no... Dei omtenksome Damevennene har nok observert at eg ikkje har lys på sykkelen min, så trur dåke ikkje dei hadde tatt ansvar for dette? Eg er difor ganske så sikker på at eg er den einaste som nokon gong har sykla gjennom bygda natterstid, då vel som på dagtid, med trafikklys montert bakpå bagasjebrettet på sykkelen! Lysa har uante bruksområder og det kan tenkjast at nokon har ekstra store forventningar til juledekorasjonen til A. Enæs i år... Ellers så var det vel kanskje fleire som har dekorert husa sine i dag? ;-)
 
Ja, no haldt eg nesten på å gløyma det: Omsetningen på årets Aktivitetsdagen blei kr. 95 000!!!! Ja, dåke las rett: Kr.95 000!!!!!
 
FANTASTISK!!!
 
 
 
 
 

 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)