søndag 23. juni 2013

Skal, skal ikkje, skal,

skal ikkje...

Det var ikkje lett å bestemma seg. Tidlegare i veka sendte slektas store fjellgeit, (og nei, det er altså ikkje meg, men Bjarte) melding på Facebook om at han kom til å arrangera tur Uskdalen-Valen kommande laurdag - altså i dag. Eller i går blir det vel no. Det er jo ein tur vi Naturbarna har snakka om nokre gonger, så eg tenkte at då kunne vi jo henga oss på. Men så var det ikkje så lett å samla gjengen, og vermeldingane var jo heller ikkje så lystige - så då bestemte eg meg for ikkje å gå. Men når eg stod opp i dag/i går tidleg så var det jo faktisk ganske så fint ver, så då blei eg i tvil igjen..Som eit kompromiss med meg sjølv så bestemte eg meg for å springa i forvegen og venta på gjengen i Fagerdalen med ein liten "jæger" og sjokolade - det hadde dei sikkert bruk for når dei skulle klatra opp Eikeskaret ;-) Så fekk eg heller sjå om eg skulle henga meg på gjengen eller gå heimatt.

Som sagt, så gjort - ein halvtimestid før turen skulle starta var eg allereie på veg inn Eikedalen:

Hmm..det såg jo litt skoddete ut...
 
...men litt lysare då eg kom til Flåtene.
 
Eg hadde ikkje tid til å kvila noko iom at eg veit eg ikkje er den kjappaste fjellgåaren og eg ana jo ikkje kven som kom etter meg. Oppover mot Skarvane gjekk det ikkje i noko kjempefart og eg var litt redd nokon brått skulle pirka meg på skuldera....
 
....Det skjedde ikkje, men derimot vart eg omringa av skodda som seig på igjen. Så tjukk vart ho at eg bestemte meg for å stoppa og venta til eg kunne sjå om det kom nokon etter meg i det heile tatt. Kanskje dei syntes det såg for skoddete ut og ikkje kom i det heile??
 
Men joda - skodda letta igjen og brått såg eg noko som bevega seg oppetter stien.
 
Det var jo voldsamt så veret skifta i dag. No når skodda letta igjen vart det jo kjempefint og varmt! Det var berre for meg å pakka saman igjen og guffa på inn i Fagerdalen før gjengen kom.
 

Sjå berre her kor flott det vart! Her rigga eg meg til for å venta på gjengen...
 
...tok litt bileter og....
 
...vips så kom turfylgjet masjerande.
 
Og der stoppa dei! Hæ?? Nei, nei, dåke må jo komma litt lenger bort. Eg var litt redd dei skulle gje seg til meg både mat og drikke før dei kom bort til meg, men smått om senn så seig dei vidare. Eg trudde eg sat midt i glaninga, men eg var visst ikkj synleg før dei nesten gjekk på meg :-) Så fekk dei seg ein liten styrketår og litt sjokolade og då...
 
...klatra dei opp Skaret så lett som ingenting :-)
 
Og korleis visste eg det? Jo, no var jo veret så fint og gjengen i så godt humør at det blei for fristande å henga seg på - eg kunne no  i allefall fylgja dei til Eikehytta :-)
 

Og sjå kor fint det var å ta pause med Eikehytta i dag!
 
Ho er ikkje stor denne hytta og eg lurer litt på korleis Bessen og Besto og ein hurv av oss ungane fekk plass inni her på eingong? Eg har enda arr på kneet etter eit fall i Skaret på veg heim frå ein av dei turane. Bjarte derimot kunne huska at dei eingong var 11 mann i hytta og nesten ingen fekk sova fordi onkel Erling snorka så høgt. At berre ein mann av 11 snorka synes no eg er eit under i seg sjølv :-) Men, i dag var vi berre to Eikarar ved Eikehytta, så kanskje vi snart skulle arrangert eit slektstreff?
 
Anyway, etter ei god rast her var det på tide å komma seg vidare på turen. Og, ja, no hadde eg vel heilt gløymt at eg eigentleg ikkje var ein del av fylgjet og trava vidare i lag med dei andre utan noko meir om og men...
 
...Og trava gjorde vi - fram og til sides, opp og ned.
 
Fin utsikt mot Englafjell.
 
Turguiden peika og fortalte om både fjell og andre ting. Eg som høyrte til baktroppen fekk ikkje alltid med meg alt som blei sagt, men eg tru han sa at her sat rypene og skeit medan dei venta på at nokon skulle komma og dra dei opp av snøen etter hovudet...
 
Og brått var vi her og kunne sjå ned på Eikehytta...
 
...og faktisk utover fjorden og.
 
Her måtte vi velga - skulle vi gå ned til Svartavatnet for så å gå same vegen oppatt, eller skulle vi gå rett mot Mjelkhaug? Mjelkhaug, sa Anette, og då blei det slik.
 
Heile den flotte gjengen samla på veg til Mjelkhaug. (Eg har visst ikkje spurt om lov til å leggja dei ut på bobla, eg satsar på tilgivelse før tillatelse. Plar i allefall gå greit med Anette ;-))
 
Det var faktisk eit drygt stykke å komma eg til Mjelkhaug, i allefall syntes eg det. Men, deg gjekk greit, det var vel det som kallast lett stigning. Når vi nærma oss toppen seig skodda inn rundt oss igjen og det blei faktisk litt kaldt. Difor stoppa vi litt nedanfor toppen for ei nistepause. Eg hadde jo hatt det så travelt med å komma meg avgårde i dag at alt eg hadde fått i sekken var drikke og sjokolade så eg måtte faktisk bomma niste av Janne! Då blei det nok litt mindre på Michael...
 
Så ein kjapp stopp på toppen av Mjelkhaug for å skriva oss i boka før vi la i veg mot Vardhaugselet.
 


Og det var og ein mykje drygare tur enn eg hadde sett føre meg. Men, det gjekk jo på ned, så sånn sett var det jo greit :-) Her er vi komen så langt at skodda har byrja letta igjen og vi skimtar Husnes foran oss.
 
Då vi nærma oss Vardhaugselet skein det opp igjen og blei riktig så fint :-)
 
Vi tok ein kort pause ved Vardhaugselet før vi tok fatt på siste etappe ned mot Valo via Olderbotten. Kneet mitt byrja no å bli noko kranglete, men eg hadde føre var og tatt med meg stavar, så eg kom meg greitt ned likevel. Og då vi kom ned vart vi møtt med sjåførar som venta og norske flagg :-)
 
 
Ja, det var turen sin det. For å ta ut på denne turen treng ein vel strengt tatt ikkje vera i sånn super fjellturform, men ha grei kondis reint generelt. Når ein har kome seg opp Eikedalen så er det mest gåing på berg og stein. Og eg kjenner det i beina i kveld at eg ikkje er altfor vane med å gå turar på med slike avstandar. Men det er vel berre til å øva seg meir på det då...
 
Flott tur som kan anbefalast :-)
 

 
 
 
 


 


 

 


 


 
 
 
 
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)