mandag 23. mars 2015

Aij, aij, aij...

...for ei strålande helg!!


I fjor gjekk nokre damer i frå Vi Venene Haukelirennet. Vi hadde ei artig helg, men let's face it - sjølve rennet var ikkje noko særleg kjekt for nokon av oss. Dårleg sikt og ver øydela nok litt av opplevinga. Men trur du det stoppa oss?? Nei, verken då eller no. I helga skulle vi nemleg ut på skieventyr igjen! Denne gangen var vi 7 damer som skulle gå Slarverennet - 27,3km damerenn frå Hemsedal til Gol! Det var faktisk far som tipsa oss om dette rennet - han hadde sett ein reportasje om galskapen på TV samtidig som vi gjekk Haukelirennet i fjor og meinte på at det var jo på Slarverennet vi hadde passa best inn.... Dette måtte vi jo sjekka ut - og vi fann oss heilt einig med far :-)

Så no hadde vi venta på denne helga heilt sidan i høst! Vi byrja faktisk å forbereda oss med litt trening allereie i november og tenkte vi skulle vera i superform til rennet. Men så kom det litt sjukdom inn i biletet, så kom jul, og så kom eigentleg berre den eine unnskyldninga etter den andre og vi enda opp med å gjera som alle andre toppidrettsutøvarar - vi kvila oss i form ;-)

To bilar tok ut tidleg på fredag slik at vi skulle koma oss nokonlunde tidleg opp til Gol, finna hytta vår, henta startnummer etc. Vi hadde ein liten stopp i Odda før vi tok peiling på neste stopp i Eidfjord. Bil nr. 2 tok ein kjapp tur over Hardangerbrua på vegen, og sidan Magnhild var den einaste av oss som ikkje hadde vore over tidlegare, skuldar vi den turen på ho ;-) Ein kjapp stopp i Eidfjord før vi suste over Hardangervidda.

Omsider kom vi fram til Gol. Medan bil nr. 1 køyrte rett opp i sentrum, henta startnr. etc. og leverte ski inn til smøring, køyrte bil nr. 2 rett til Gol Campingsenter for å sjekka inn på hytta. Fann ut vi var nøgd med den, lempa inn bagasje og valgt oss soveplass. Deretter køyrte vi inn i Gol sentrum, vi og.

Rett ved sida av Per's hotel hadde dei satt opp eit stort telt kor eindel butikkar hadde tilbod til Slarverennsdamene. Vi fekk ikkje heilt til å handla - før Jorunn og eg snubla over ein kasse med huer på veg ut. Desse kunne vi ikkje gå forbi, og således enda eg opp med afterski hua med teksten "fest hele uka", Jorunn med teksten "Tørst" og Magnhild fekk teksten  "happy hour". At vi aldri havna på afterski er ein anna sak...

Før vi reiste tilbake til hytta tok vi oss ein matbit på Stugu og handla med oss litt mat på den lokale Kiwibutikken.

Tilbake på hytta dukka etterkvart bil nr. 3 som hadde køyrt om Voss opp. Vi fekk aldri utav dei om dei hadde måtta blåsa i promillekontroll før eller etter at dei hadde forvilla seg høgt opp på ein fjellgård på leit etter oss... Akkurat i det dei steig inn døra slo det og at vi hadde plassert ho med verst høgdeskrekk på hemsen...Det blei to netter på sofaen i stadenfor ;-)

Vi hadde ein hyggeleg kveld, og det var spente damer som gjekk til køys den kvelden. Det var ikkje mindre spente damer som stod opp neste dag. Grytidleg måtte vi vera oppe - vi skulle med fyrste buss kl. 0700 frå Gol sentrum til starten på rennet ved Holdeskar i Hemsedal.

Alle kom seg med, og vips....


....så var jammen meg damene klar for Slarverennet!!
 
Vi hadde høyrt at dei fyrste 5km kom til å gå oppover og høgdeprofilen til rennet kunne jo skrema livet av kven som helst - i alle fall meg. Men då gløymte eg ei lita stund at eg er vestlending - dette var kun ein slak oppoverbakke. Ca. 50m litt bratt litt før toppen, men ellers ingenting å snakka om. Eg og ei av Jorunn'ane valgte å gå desse fyrste kilometrane på feller - sjølv om den andre Jorunn'en febrilsk prøver å få meg til å slutta med slikt tull. Eg var likevel glad for å ha dei på - når andre var ut i fiskebein og snubla sneik eg meg forbi utan å bruka ein kalori...
 

Slak oppover i byrjinga.
 
Litt kaldt var det tidleg på morgonen, men veret var jo STRÅLANDE!! Vi kunne rett og slett ikkje ha vore heldigare, berre sjå her...

 

Nydelig!
 
Sjølv om ingen var spesielt slitne etter desse fyrste kilometrane, tok vi oss ein god pause på toppen. Fekk av fellene og fekk i oss litt mat og drikke. Anne-Grethe følte seg i storslag denne dagen og var litt utolmodig med å koma seg vidare - ho ville prøva å få litt fart på skia :-) Det fekk ho sølvsagt lov til og det siste eg såg av ho i løypa var når ho suste forbi meg ned i frå Systerskaret. Når det er sagt så suste alle forbi meg ned Systerskaret - og alle andre skar og nedoverbakkar for den del...
 
Liten pust i bakken :-)
 
Her skulle vi ned att i frå Systerskaret. Det gjekk ikkje fort, men Pyseguri klarte å ploga seg ned heile vegen utan å vera nedi med stumpen :-)
 
Vel nede gjekk løypa meir eller mindre rett fram til fyrste drikkestasjon..

 
...her blei det servert saft til damene.
 



Etter denne drikkestasjonen skulle vi vidare nokre kilometer nesten rett fram. Her byrja Terese diverre å få litt problem med foten. Etter å ha brekt ei tå for ikkje så altfor lenge sidan, hadde ho friskmeldt seg sjølv i siste liten, men no byrja foten å stritta skikkeleg imot. For å ikkje gjera skaden verre, valgte ho til slutt å seia stopp her, og ferden gjekk vidare på snøscooter. Litt misunneleg på ho...nei... dette gjekk jo så fint :-)
 

Langt gå stykke her. Men i nydeleg sol gjekk det heilt greit. Ein lei vind eit lite stykke, men den forsvann etter kvart.
 
På veg mot drikkestasjon nr 2. Eg ser på alle bileta av meg i løypa at enten så må eg jobba hardt med skistilen til neste år - ellers så må eg rett og slett bli påmontert støttehjul...
 
Ein liten bratt bakke ned til drikkestasjon nr.2. Her kunne eg saktens ha ploga meg ned, men eg fann ut det gjekk langt raskare å ta av seg skia og gå ned..
 
Vi tok ein liten mat- og drikkepause her og. Ann Kristin og eg fekk og litt hjelp til få smurt skia på nytt.
 
No fortsatte vi ferden mot Tjukkekjørr kor det var laga til fellestopp for damene. Her var det og moglegheit til å kjøpa seg mat, tissa litt og ikkje minst var det musikk og god stemning. Dette var og plassen kor det skulle takast felles bilete av damene kl. 13.00. Det rakk vi med god margin i og med at vi suste inn på standplass kl. 12.30 :-)
 
Ahhhh..vi hadde det flott i løypa og på Tjukkekjørr :-) Eg gjekk ikkje bak snøhaugen for å tissa, men dei som gjorde det beskreiv det som ei merkeleg oppleving...
 
Her fann vi og igjen Terese, så då var vi 6 damer som stilte opp på fellesbiletet til Slarverennet :-)
 
Men etter ein lang og god kvil i sola her, var det på tide å koma seg vidare. Det var ikkje så altfor langt til mål no..
 
Terese tok atter eingong snarvegen, og no såg vi ikkje meir til ho før dette biletet dukka opp på ein mobil...
 
...ho hadde funnet igjen Anne-Grethe i målområdet :-)
 
Vi andre la Tjukkekjørr bak oss og tok fatt på ferden mot mål.
 
No var det faktisk blitt så varmt at vi måtte byrja kle av oss på vegen. Fram mot siste drikkestasjon før mål byrja vi å merka at vi hadde gått nokre kilometer på ski. Det gjekk litt tråare og vi måtte bruka armane litt meir. Men det gjekk framleis fint med alle saman. Ei liten pust i bakken på den aller siste drikkestasjonen og, men så var det berre til å pitla seg til mål. Eg må innrømma at det var deilig å få auga på dei grøne bussane framme i horisonten som stod og venta på oss...
 

Endeleg - Jorunn og Ann Kristin kryssar mållinja!!!!
 
Dette biletet burde jo aldri offentlegjerast - men skjønar dåke kva eg meinar med støttehjul??? Her ser det jo ut som om eg tar ein Aylar målpassering, men det er ikkje tilfelle, altså - eg var fullt oppegåande og kom meg til mål utan hjelp av andre...
 
....sånn ja - det var dette vi prøvde på :-) Jorunn, Anita og Magnhild passerar mållinja i lag :-)
 
Det var ikkje noko opplegg ved mål, så då var det berre til å finna seg plass på bussen for turen ned til Gol sentrum. Det var nokre særdeles nøgde damer som seig ned i busseta :-) Dette hadde jo gått så bra!! Eg var ikkje halvparten så sleten som på Haukelirennet og eg rakk ikkje å gå lei løypa eingang! Så nøgd var vi at allereie på bussen blei det slått fast at vi stiller på nytt renn 2.april til neste år :-)
 
Happy, happy :-) Tre av oss hadde fått på dei nye huene våres - dei andre sverga til dei flotte huene vi hadde hekla oss til sjølve Slarverennet. Vi fekk litt oppmerksomheit for desse :-)
 
Det var stort sett fullt alle plasser ein kunne sitja ute då vi ankom sentrum, men inne var det framleis god plass...
 
...men det var godt å å sitja ned og få i seg litt mat og drikke no :-)
 
Vi var nok litt for tidleg nede i sentrum igjen. Vi som budde litt utanfor sentrum måtte ha venta i nokre timar før det blei skikkeleg stemning, og det enda vi til slutt opp med at vi ikkje orka. Vi var litt slitne og valgte etterkvart å handla med oss mat og ta ein taxi tilbake til hytta. No har vi notert at til neste år skal vi bu i sentrum (leiligheit er allereie booka) og vi kan bruka lengre tid på stoppa i løypa - det er ikkje naudsynt å ta ein av dei fyrste bussane ned att til sentrum.
 
Men vi hygga oss jo på hytta og :-) Litt "premie" utdeling vart det...
 







...alle fekk prinsessekruner :-) Anne-Grethe fekk litt større enn oss andre + prinsessestav sidan ho var fyrstemann av oss i mål på rennet. Faktisk var ho 10.dame i mål av alle som gjekk Slarverennet!!
 
Eg trur vi er samstemde einige i om at vi aldri skal nemna til nokon at vi faktisk gjekk og la oss kl. 21.30 denne kvelden. Det forblir ein hemmelegheit oss damene i mellom ;-)
 
Tidleg i seng betyr tidleg opp. Vi stod opp, pakka og rydda etter oss og var pinleg tidleg klar for å ta på veg heim...Akkurat det skulle no ordna seg av seg sjølv etterkvart...
 
Jorunn og Terese tok ut fyrst, så køyrte Anne-Grethe og Ann Kristin, medan Jorunn, Magnhild og eg var dei siste som køyrte - vi skulle og levera nøkkel.
 
Vi visste at det skulle vera kolonnekøyring over Hardangervidda, så vi bestemte oss for å stoppa på Geilo for å fylla bilen med godis. Anne-Grethe og Ann Kristin hadde nok tenkt det same for idet vi køyrer inn på stasjonen, kjem dei ut med favnen full...
 
Best å vera forberedt på kolonnekøyring...
 
Vi var ikkje komen så langt utanfor Geilo før vi fekk melding i frå Jorunn og Terese om at no var vidda stengt, så det var berre til å snu og finna ein anna veg heim. Dei siste skal bli det fyrste, heiter det - så då låg vi brått fyrst i løypa...
 
Omtrent i alle kryss vi har vore igjennom på denne turen har eg lett panisk spurt Jorunn og Magnhild "kor skal vi, kor skal vi?", men då vi omsider var tilbake på Gol følte eg meg jo lommekjent. "Veit du kor du skal no?" "Sjølvagt - her er eg jo kjent!" svara eg og suste gjennom rundkøyringa utan å ta av til Hemsedal... Så då blei det ein ekstra runde i Gol sentrum igjen...Ein stopp på nok ein bensinstasjon, og så var vi på veg igjen.
 
Neste stopp blei Hemsedal. Vi hadde nemleg alle oppdaga at vår nye favoritt butikk House of Hygge haldt til midt i Hemsedal sentrum :-) Og, O' store lykke - dei hadde søndagsope. Så tre damer i litt øvre alder toga inn og hadde sitt eige lille show i butikken. Vi lo og syntes vi var veldig løgne sjølve, litt usikker på om ho bak disken syntes det same... Vi enda sjølvsagt med enda tre nye huer..
 
Veldig nøgd med huene våres - no skal vi henga turdusk i dei og laga knutereglar ;-)
 






Avgårde Kåre igjen - no måtte vi koma oss over Hemsedalfjellet. Det gjekk heilt fint. Eit par vindråser, men ingenting å snakka om - og brått var vi i Lærdalstunnelen..
 
Det er mogleg Truls blei overraska over at Cecilie var blitt gravid medan dei gjekk over Grønland, men dåke kan tru eg gjorde store auge når eg såg kva desse damene hadde site å ruga på den siste tida...
 
 
... midt i tunellen måtte dei ut å leggja eit egg!!! Det er ikkje løye det var mykje klukking og leing i bilen...
 
I det vi svinga inn på Sognaporten  for å eta middag, møtte vi igjen Anne-Grethe og Ann Kristin som var ferdig med sin middag og skulle vidare på heim. Kan skjøna at med alle dei stoppa våres så hadde jo begge dei andre bilane passert oss for lenge sidan. Anne-Grethe og Ann Kristin hadde bestemt seg for å køyra Voss-Tysse-Gjermundshavn - vi ville køyra Voss-Kvanndal-Utne. Men fyrst skulle vi ha mat. Ser ikkje vekk i frå at nokon titta litt skeivt på oss her og...
 
Ferdig med middag og då var Kvanndal neste stopp. Vi kom omtrent samtidig med ferja og kunne nesten meir eller mindre køyra rett om bord. No var vi vel byrja bli litt overtrøyte og syntes alt var morosamt. Det trur eg skiungane som var med ferja syntes og - dei lurte nok på desse gamle damene - som ikkje berre såg løgne ut - dei hadde til og med med seg Påskeegg! "Ta og film dei i skjul", høyrte Magnhild det blei kviskra - så no er det ikkje godt å seia kor vi enda opp. Sjølv filma vi oss sjølve heilt openlyst... Jorunn og eg er mest nøgd med at vi klarte å overbevisa Magnhild om at det var hjelmpåbud på ferja denne dagen...
 
...og at ho då fekk bruka det ho hadde til rådigheit...
 


Endeleg på Utne - no hadde det vore ein lang dag på oss. I Folgefonntunnelen måtte vi høyra kor langt dei andre var komen iom at dei hadde litt av bagasjen vår. Dei var då på Gjermundshavn klar for å ta ferja. I det ferja skal til å leggja til på Årsnes kjem vi i fint driv og smett forbi mot Løvfall. Så då Anne-Grethe og Ann Kristin svingar inn heime hos Jorunn, står vi fint å vinkar til dei på terassen :-)
 
Då var alle vel heima. Bagasjen blei fordelt og vi kunne takka kvarandre for ei fantastisk flott helg!
 
No gledar vi oss til neste år - det blir jammen lenge å venta!
 
Slarverennet damer - kan absolutt anbefalast!!!!
 


 


Ekstra! Ekstra!
 
Årets Påskenøtt: 
Då vi sat og fekk i oss litt mat og drikke på Tjukkekjørr kom Jorunn M B H med eit gledesutbrot - ho hadde nemleg funnet solbrillene som ho trudde ho hadde gløymt igjen på hytta. 
 
Spørsmål: Kor fann ho brillene???
 
Hint 1: Sjå igjennom bileta i innlegget
 
Hint 2: Om ho hadde gjeve oss beskjed om at ho leita etter solbrillene sine skulle vi ha funnet dei til ho med eingong...  

 

 
 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)