mandag 2. mars 2015

For ein fest....

...og for ein basar!!

I januar var eg på Vardhaugselbasar på Husnes og hadde det kjempekjekt. Eg hadde beint fram gløymt kor kjekt basar var. No har eg vel heller aldri tilbragt firmafest på basar tidlegare.... Og trur dåke ikkje eg vann ei motorsag - klar med bensin og greier!

No hadde ikkje eg bruk for noko motorsag, eg som verken eig skog eller hage. I tillegg hadde eg jo kjøpt ny motorsag til Stian til jul... Så kva var mest naturleg å gjera då? Jo, laga eigen basar sjølvsagt :-) Og sidan eg skulle fylla 45 år i februar, fann eg at det var ein passande anledning for fest og basar.

Eg hadde nesten ikkje tenkt tanken ferdig før eg hadde sendt ut invitasjonar til "Anita's fest og basar" - her var det best å smi medan eg enda tykte dette var ein bra ide :-) Og det var det visst andre som tykte og, for nesten alle som blei invitert kunne koma.

Så i ein månad no har eg planlagt denne basaren. Eg har tømt skuffer og skap for gevinstar, eg har strikka huer, mor har strikka pannebånd, far har donert bøker og gjestene fekk beskjed om å ta meg gevinstar istadenfor pakke. Hovudgevinsten var sjølvsagt 1 stk. motorsag :-) Eg har gleda meg stort, men av og til har panikken tatt meg - "kva er det eg har stelt i stand??!!"

Så, på laurdag var endeleg den store dagen for Anita's fest og basar komen. Eg var tidleg på plass for å laga til...

..betasuppe til heile gjengen...
 
....pynta lokalet...
 
....og laga til diverse anna ;-)
 
Kl. 1900 strauma basargjestene på. Flotte gevinstar blei plassert på gevinstbordet og etter ein liten velkomstdrink var vi klare for å starta kvelden med litt mat medan vi bygga opp stemninga og spenninga...
 
No skulle vi ikkje ha noko fokus på bursdag denne kvelden, men litt fokus på det blei det no likavel. Eg trur for eksempel at eg har gått i pluss når det gjeld sprudlevatn..
 
Bursdagssang fekk eg - på alle språk og variantar...
 
Ann Irene og Marit, som nok kjenner meg best av alle, haldt ein fin tale. Og endeleg fekk eg og utlevert turchampagneglas :-) I tilleg har damene bestemt av vi skal på tur 2.juni - på postvegen i frå Skånevik til Etne. Der skal vi sova på Føniks Hotel og gå på Saloon'en. I tillegg påstår dei at dei har funne ein kjekk, single guide som skal vera med oss. Akkurat den guiden blei det mykje snakk om og eg trur kanskje fleire vil vera med oss på denne turen :-) 
 
Flotte damer som har planlagt tur for oss :-)
 
Harald hadde hatt ein travel dag før han kom på basar. Han hadde nemleg tatt i mot ei nyfødd kviga i fjøset på Halsnøy i løpet av dagen. Denne fann han naturleg å døypa Anita :-) Det var ei flott kvige, påstod han - flink til å drikka og andre unemneleg ting..
 
Men det var ikkje berre Ann Irene og Marit som hadde planlagt tale...
 
...desse to tøttenen hadde jammen nokre ord på lur dei og..
 
Dei hadde ikkje berre nokre ord på lur - dei hadde og bestemt at eg skal få planleggja tur nr. 2 for Telttøttene (dåke kjem sikkert til å få høyra meir om desse i løpet av året) heilt åleina, men eg må halda meg innanfor kartutsnittet til Folgefonna. Og ikkje nok med det - dei sender meg på kajakkurs til sommaren!
 
Eg går eit travelt år i møte for det stoppa ikkje der. Eg skal nemleg på jakttur/lavvotur med kusinene til høsten - i Gjetingsdalen!
 


Ja, det blei nesten reint for mykje for meg - så no var det godt at det var tid for basar :-) Sjekk dette flotte gevinstbordet:
 
Finaste gevinstbordet eg har sett :-) Her var noko for kvar ein smak :-)
 
Det fine med denne basaren var at årane var gratis :-) Her har alle fått utlevert sin bunke med årar og er spente på om dei bringer hell og lykke :-)
 
Anne-Grethe rista fram tal, medan jubilanten leverte ut gevinstane. Ikkje alle høyrte lika godt - då var det godt å ha ein dugande mikrofon :-)
 
Ikkje alle såg ut til å vera nøgd med årane dei hadde fått utlevert og prøvde å juksa med å skriva på sine eigne lykketal...
 
Absolutt ALLE hadde lukka med seg på denne basaren! Mange blei brillefine utover kvelden, Jan og Harald kjem aldri til å frysa på øyrene meir, Maghild kan gå knelykt tur med lykt på begge kner, Anne Helen og Leif Ove kan sitja i vintarstova si å kosa seg med kvar si bok - eller berre sitja å beundra det vakre bilete Leif Ove vant av meg der eg sit i teltet og drar på meg tørr bukse, Ann Kristin gjekk heim med flett ny høne og Klara la eit egg i laupet av kvelden. Ja, det var jammen litt av ein basar :-) Til slutt stod vi igjen med kun ein gevinst - MOTORSAGA:
 
Skikkelege greier - ikkje noko knussel! Og den heldige vinnaren blei- TAMTERATA - ikkje broder Rune, men.......STIAN SEBASTIAN!!! Hvilket betyr at motorsaga no er på plass i kjellaren igjen... Eg er redd dette betyr at det må bli ny basar til neste år :-) (Eg har ikkje bilete av vinnaren meg hovudgevinsten då han i denne augneblinken av opptatt på køyreoppdrag.)
 
Basaren var over, men ikkje festen og kvelden :-) No var det berre til å kosa seg utover natta.
 
Ann-Grethe følte seg GLORIEous..
 
Jorunn hadde litt poblem med lyden på mikrofonen - sjølv om ho skrudde den opp på full styrke..
 
Dei fleste gjestene blei berre finare og finare utover kvelden, medan andre...
 
....aldri har sett betre ut ;-)
 
Fetter og kusine - ikkje heilt ulike, faktisk :-)
 
Litt underhaldning med sang i den berømte mikrofonen blei det og.

 
Og så fekk eg utlevert enda ein flott (?) presang:
 
 
 
Eit forstørra bilete av meg sjølv i det eg drar på meg tørr bukse i teltet - alle gjestene hadde signert :-) Same bilete som ein kar i Herøysund vann utan signaturar. Han har sikkert nervøse dagar - eg har gjeve beskjed om at eg kjem på uanmeldt besøk for å sjekka at biletet har kome på veggen ;-)
 
Ja, dette blei jammen ein fantastisk flott kveld, fest og basar. Eg trur alle kosa seg og det blei mykje lått og løye. Ein minnerik kveld :-)
 
Til slutt vil eg få presentera Telttøttene sitt fyrste fellesbilete:
 
Magnhild, Anne-Grethe, Jorunn, Anita & Ann Irene. Desse tøttene har meldt seg på Friluftlivets År sin #nattinaturen konkurranse i kategorien #Sesongsovaren. Det betyr av vi skal overnatta ute minst ein gong vinter, vår, sommer og høst :-) Fyrste turen vår skal vi ha 14.mars. Dåke kjem sikkert til å få sjå meir til desse tøttene og høyra om mikroekspedisjonane våres :-)
 

 
 
Takk til alle gjestene for ein fantastisk kveld!

 
 
 
 

 

 
 
 

 

 

 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)